Hopp til innhold

LG-1996-1369

Fra Rettspraksis


Instans: Gulating lagmannsrett - Kjennelse
Dato: 1996-08-26
Publisert: LG-1996-01369
Stikkord: Saksomkostninger
Sammendrag:
Saksgang: Sunnfjord herredsrett Nr. 94-00251 A - Gulating lagmannsrett LG-1996-01369 K
Parter: Kjærande part: 1. Kjell Arne Eikeland 2. Karl Johan Dregeset (Prosessfullmektig: Advokat Bjarne Hodne, Bergen) Motpartar: 1. Naustdal Fiskefarm AS 2. Naustdal Holding AS (Prosessfullmektig: Advokat Hans Lothe, Sandane)
Forfatter: Lagdommar Trovåg Lagdommar Lunde Lagdommar Tenold
Lovhenvisninger: Tvistemålsloven (1915) §176, §175, §179, §180, §181, Tvistemålsloven (1915)


Saka gjeld kjæremål over saksomkostningsavgjerd.

Gulating lagmannsrett oppheva ved orskurd av 29. mars 1996 Sunnfjord heradsrett si sakskostnadsavgjerd i ein orskurd der ei sivil sak mellom partane vart avvist frå heradsretten på grunn av manglande rettsleg interesse.

Heradsretten har 1. juli 1996 i ny orskurd om sakskostnadsspørsmålet teke slik avgjerd:

"Kjell Arne Eikeland og Karl Johan Drageset tilpliktes in solidum å betale saksomkostninger til Naustdal Fiskefarm AS og Naustdal Holding AS innen 2 -to- uker fra forkynnelsen av kjennelsen med kr 26 900.00 -kronertjuesekstusennihundre-."

Saksforholdet går fram av grunngjevinga i heradsretten si orskurd.

Lagmannsretten nemner stutt at heradsretten i orskurden av 2. januar 1996 reduserte advokat Lothe sitt salærkrav frå kr 23375,- eksklusiv utgifter til kr 15525,-. Det var grunngjevinga for denne nedskjeringa som førte til at lagmannsretten oppheva heradsretten si fastsetjing.

Heradsretten har i orskurden av 1. juli 1996 m.a. uttalt:

"Det er riktig, som nevnt i lagmannsrettens kjennelse, at herredsretten har oversett advokat Lothes spesifiserte utskrift av timeregisteret, og har dermed oversett at advokat Lothe også har spesifisert sitt krav.

Herredsretten finner ikke grunn til å sette til side advokat Lothes oppgitte arbeidsforbruk som uttrykk for det arbeid som har gått med i saken. Med henvisning til dette finner herredsretten heller ikke grunn for å redusere saksomkostningskravet, idet det også legges vekt på at advokat Lothe har hatt 9.5 timers arbeid med saken før stevning ble tatt ut og som advokat Lothes klienter har krav på å få dekket, jfr. lagmannsrettens henvisning til Schei: "Tvistemålsloven med kommentarer" bind 1 366.

Etter dette tilkjennes advokat Lothes parter saksomkostninger så langt gjelder herredsrettens behandling med kr 26 900,00."

Orskurden er i rett tid påkjært av Kjell Arne Eikeland og Karl Johan Drageset. Det vert hevda at utmålinga av sakskostnader er i strid med tvistemålslova. Heradsretten har ikkje vurdert om den framlagde arbeidsoppgåva frå adv. Lothe gjer uttrykk for om arbeidet var nødvendig, jfr. tvistemålsloven §176. Der er vist til Rt-1989-203 og Rt-1993-1436.

Det vesentligste arbeidet for kjæremotparten i hovedsaka var å utarbeida tilsvar til stemnemålet. Arbeidet burde vera lite tidkrevjande særlig fordi det då burde vera klårt for motparten at for stemnemålet ikkje lenger var rettsleg interesse. Det heiter ellers i kjæremålet:

"Dersom retten godtar så omfattende saksomkostningsoppgave alene på arbeid som er utført uten at saken er ferdig saksforberedt, vil 1 dags sak i herredsretten, inkludert ferdig saksforberedelse til hovedforhandling og gjennomføring av 1 dags hovedforhandling vanskelig kunne bli mindre kostbar enn kr 65000,- -kr 75000,-. At en slik omkostningsoppgave i de fleste tilfeller ikke ville bli godtatt, burde vært uomtvistelig. Saksomkostningene burde ikke overstige kr 8000,- - 10000,-.

Av denne grunn påstås at de kjærende parter skal fritas for saksomkostninger, subsidiært at de skal settes til et langt lavere beløp enn det herredsretten har lagt til grunn. Da herredsretten ikke har prøvd saksomkostningsspørsmålet, antas at det riktige er å kreve opphevelse av kjennelse.

På vegne av de kjærende parter nedlegger slik

P Å S T A N D :

1. Herredsrettens kjennelse oppheves.

2. Saksomkostningene reduseres og fastsettes etter rettens skjønn.

I begge tilfeller: De kjærende parter tilkjennes saksomkostninger."

Kjæremotpartane har gjeve tilsvar til der det m.a. heiter:

"Kjæremotpartane legg til grunn at den ovannemnde orskurden er korrekt både med omsyn til sakshandsaming og rettsbruk.

Ein viser elles til tvistemålsloven §181 annet ledd, der prøvingsgrunnlaget for den høgare rett er avgrensa til om sakskostnadsspørsmålet er avgjort i strid med lova.

1. Nødvendige sakskostnader.

Iht. tvistemålsloven §176 skal nødvendige sakskostnader erstattast.

Det kan knapt vere tvil om at dette kriteriet er grunnlaget for heradsretten sitt skjønn, sjøl om lovteksten sin ordlyd ikkje er uttrykkeleg påpeikt.

Ein viser forøvrig til at Sunnfjord heradsrett sin orskurd i same sak av 2/1-96,s. 4, som også viser at heradsretten sjølvsagt har vore klar over det aktuelle lovgrunnlaget.

Ein legg elles til grunn at retten sitt skjønn over utmålinga av kostnadsansvart ikkje kan prøvast i nærverande kjæremålssak jfr. merknadane over.

2. Fyllestgjerande grunn for å gå til søksmål.

Dei kjærande partar sine merknader om dette går ein ut frå er grunna på tvistemålsloven §175 første ledd.

Slik det framgår av den opphavelege stemninga i saken, vart søksmålet til Sunnfjord heradsrett reist av 2 partar, nemleg Kjell Arne Eikeland og Karl Johan Drageset.

Slik det er gjort greie for i tilsvaret måtte det vere forholdsvis openbert alt på det tidspunkt stemning vart teke ut at Karl Johan Drageset på ingen måte kunne ha noko slag rettsleg interesse i søksmålet, som følgje av at hans aksjar vart nedskrevne til null i 1990. Nedskrivinga med tap på aksjonærrettar vart tydlegvis fullt ut akseptert av han sjølv jf. merknadane i tilsvaret om dette, sjå 2 samt 4 under pkt. nr. 2.

Generalforsamlingsprotokollen av 28/9-90 er forøvrig lagt fram til stemninga som vedlegg 2.

Når det gjeld grunnlaget for Kjell Arne Eikeland sitt søksmål, har kjæremotpartane sett dette for å vere meir enn syltynt som følgje av at han aldri mottok noko melding eller opplysning om gjennomført eller foreståande aksjeovergang, ut over saklista med saka som vart meldt til den ekstraordinære generalforsamlinga i Kaptein Linge Hotell A/S 17/3-94, jfr. vedlegg 6 til stemninga i søksmålet.

Ein viser også om dette til merknadene i tilsvaret 5, III.

På denne bakgrunn har det stått for kjæremotpartane slik at søksmålet var anlagt heilt utan noko grunnlag ikkje bere for Karl Johan Drageset sitt vedkomande, men også i høve Kjell Arne Eikeland.

Ein vil elles tillate seg å påpeike at dei kjærande partar ikkje fråfall saka ved konkursopninga i Kaptein Linge Hotell A/S, men held heile tida fast ved at konkursopninga i Kaptein Hotell A/S var heilt grunnlaus. ....

På denne bakgrunn meiner kjæremotpartane å kunne fastslå at dei kjærande partar slett ikkje har krevd saka heva så snart dei skjønte eller burde ha skjønt at søksmål ikkje ville føre fram, men har krampaktig prøvd alle midlar for å unngå at saka vart avvist.

Ein kan på bakgrunn av ovanstående fastslå at dei kjærende parter ikkje har heva saka så snart dei skjønte eller burde skjønt at søksmål ikkje ville føre fram.

II.

Det vert lagt ned slik p å s t a n d:

1. Heradsretten sin orskurd vert stadfesta.

2. Kjæremotpartane vert tilkjent sakskostnader med kr 3000,-.

3. Kjæremotpartane vert tilkjent renter av sakskostnadane fastsett av heradsrett frå 20/1-96 med 12 % rente p.a. til betaling skjer."

Lagmannsretten har kome til at kjæremålet ikkje fører fram. Som retten har gjort greie for framanfor dreier kjæremålet seg i realiteten om advokat Lothe har krav på ytterlegare kr 8850,- som heradsretten ikkje godtok i avvisingsorskurden. Når heradsretten skar ned på salæret, vart det uttrykkeleg synt til tvistemålsloven §176. Sjølv om denne føresegna ikkje direkte er nemnt i den etterfølgjande orskurden av 1. juli 1996 - etter lagmannsretten si oppheving av den første avgjerda - må det vera heilt klårt at retten med den same dommaren nettopp har nytta tvistemålslova §176. Lagmannsretten viser til heradsretten si grunngjeving om at den hadde oversett den spesifikasjonen adv. Lothe inngav saman med salæroppgåva.

Lagmannsretten kan derfor ikkje finna at heradsretten si sakskostnadsavgjerd er i strid med tvistemålsloven §181.

Det som ellers er halde fram i kjæremålet gjeld i hovudsak det skjønnet som heradsretten har føreteke. Med den grunngjevinga heradsretten har føreteke, kan lagmannsretten ikkje sjå at skjønnet er vilkårleg.

Kjæremålet har ikkje ført fram og dei kjærande partar bør i samsvar med hovudregelen i tvistemålsloven §180 første ledd erstatta motpartens kostnader i kjæremålssaka.

I lagmannsretten sin orskurd av 29. mars 1996 går det i pkt. 2 fram at:

"Sakomkostningsspørsmålet i kjæremålssaken utsettes til den nye avgjørelse i saken, jfr. tvistemålsloven §179."

I

Sunnfjord heradsrett sin orskurd av 1. juli 1996 er ikkje denne sida av saka handsama. Sakskostnadskravet for lagmannsretten no er det same som kravet for lagmannsretten før orskurden av 29. mars 1996.

Etter omstenda legg lagmannsretten oppgåva til grunn. Det ligg ikkje føre slik særlege grunnar som nemnt i lova for fritak for kostnadsansvar.

Rentekravet nedlagt i kjæremotparten sin påstand pkt. 3 vert ikkje tatt til følgje. Rentekravet kan ikkje takast med i kjæremålssaka om sakskostnadane når det ikkje vart fremja i samband med det opphavlege kjæremålet frå desse partane si side.

Orskurden er samrøystes.

Slutning :

1. Kjæremålet vert ikkje tatt til følge.

2. I sakskostnader i kjæremålssaka betalar Kjell Arne Eikeland og Karl Johan Drageset in solidum kr 3000,- - kronertretusen - til Naustdal Fiskefarm AS og Naustdal Holding AS innan 2 -to- veker frå forkynninga av denne orskurden.