Hopp til innhold

LG-1996-1659

Fra Rettspraksis


Instans: Gulating lagmannsrett - Dom
Dato: 1997-09-19
Publisert: LG-1996-01659
Stikkord: Felles føretak
Sammendrag:
Saksgang: Sandes herredsrett Nr. 95-00513 - Gulating lagmannsrett LG-1996-01659 A.
Parter: Ankande part: Kari Gunhild Ellertsen (Prosessfullmektig: Advokat Rolf Undem). Ankemotpart: Staten v/Finansdepartementet (Prosessfullmektig: Regjeringsadvokaten v/advokat Frode Elgesem).
Forfatter: Lagdomar Ove Midttun. Lagdomar Håvard Romarheim. Sorenskrivar Inger Labråthen
Lovhenvisninger: Merverdiavgiftsloven (1969) §12, Tvistemålsloven (1915) §172, §180, §46, Tvangsfullbyrdelsesloven (1992) §3-3


Tvisten i saka gjeld spørsmålet om ei kvinne kan seiast å ha delteke i eit føretak saman med ektemaken sin på ein måte som gjer at dei to dreiv føretaket i fellesskap, jf. meirverdeavgiftslova §12 fjerde ledd.

Rogaland fylkesskattekontor fastsette i vedtak 26. april 1995 at ektemakane Kari Gunhild Ellertsen og Arvid Ellertsen var skuldig meirverdeavgift, rente og tilleggsavgift med kr 182926. Kravet var knytt til omsetnad av reker og skalldyr i perioden 1990 til 1994. Vedtaket om avgiftsfastsetjinga vart av Kari Gunhild Ellertsen klaga inn for Finansdepartementet. Skattefuten i Rogaland kravde utleggsforretning som vart fremja av nåmsmannen. Kari Gunhild Ellertsen klaga nåmsmannen sitt vedtak til Sandnes nåmsrett. Forretninga vart fremja og den 7. september 1995 vart det hjå Kari Gunhild Ellertsen teke utlegg i bustadeigedomen gnr. 102 bnr. 581 i Sandnes kommune. Bustadeigedomen høyrer til Kari Gunhild Ellertsen si særeige. Klagesaka vart av nåmsretten overført i søksmåls former og etter saksførebuing og hovudførehaving, fastsette Sandnes nåmsrett den 3. juli 1996 følgjande domsslutning:

"1. Klagen forkastes.

2. Saksomkostninger tilkjennes ikke."

Kari Gunhild Ellertsen fremja anke innan den lovsette fristen. Staten gav tilsvar og etter vidare skriftleg saksførebuing vart ankeførehaving halden i Stavanger tinghus 25. - 27. august 1997. Kari Gunhild Ellertsen som møtte saman med prosessfullmektig, advokat Rolf Undem, gav forklaring. For staten møtte i tillegg til prosessfullmektig, advokat Frode Elgesem, også avdelingsleiar Bjørn Bols ved Rogaland fylkesskattekontor. Bjørn Bols gav også forklaring og i tillegg vart det høyrt 13 vitne.

Saka har i hovudsak same skapnad for lagmannsretten som det den hadde for nåmsretten og når det gjeld faktum syner lagmannsretten til den utgreiinga som nåmsretten gav om sakstilhøva.

Den ankande parten, Kari Gunhild Ellertsen hevdar at nåmsretten har teke feil både ved provvurderinga og rettsbruken.

Den ankande parten hevdar at det ikkje er grunnlag for å fastslå at ho har delteke i det føretaket som mannen hennar, Arvid Ellertsen dreiv. Dersom det skal vera tale om sams føretak, må den einskilde deltakaren vera med i drifta av verksemda og deltakinga må gå inn i eit fast mønster. Det skal massiv medverknad til før det er tale om at nokon driv eit føretak saman, jf. Rt-1981-611.

Opplysningsplikta i merverdiavgiftslova §46 gjeld den som er avgiftspliktig og det er avgiftsstyremakta som legg råma for kva den avgiftspliktige pliktar å gje opplysningar om. Kari Gunhild Ellertsen kunne i høgda reknast som avgiftspliktig i dei 3-4 månadane ho dreiv salsbussen på Lura (Strandgt. 123, Sandnes). I breva frå fylkesskattekontoret var det Arvid Ellertsen som var i fokus. Råma for saka vart gjeven av fylkesskattekontoret i brev 16. mars 1995. Kari Gunhild Ellertsen har gjeve alle opplysningane som vedkom henne. Om Arvid Ellertsen har vore vrangviljug skal ikkje det skada Kari Gunhild Ellertsen si sak. Saka har frå fylkesskattekontoret si side endra karakter heile tida og Kari Gunhild Ellertsen vart dregen inn då styremaktene vart klår over at bustadeigedomen var hennar særeige.

Kari Gunhild Ellertsen hadde ingen innverknad på drifta, bidrog ikkje med driftsmidlar og hadde ingen risko eller von om vinning knytt til føretaket. Ho representerte ikkje føretaket i høve til leverandørar, offentlege styremakter eller kreditorar. Kari Gunhild Ellertsen var mykje imot at Arvid Ellertsen dreiv med føretaket avdi ho meinte han ikkje hadde helsa til det. Etter kvart vart ho merksam på at Arvid Ellertsen dreiv føretaket svart og då avtala dei to ektemakane i juni 1994 at ho skulle overta føretaket for det som galdt salsbussen på Lura. Dette gjorde Kari Gunhild Ellertsen for å sikra at det vart orden i høve til likningsog avgiftsstyremaktene. Kort tid etter at denne avtala vart gjort mellom ektemakane, gjekk Kari Gunhild Ellertsen over i 3/4 post hjå arbeidsgjevaren sin og det vart difor ikkje mogleg for henne å driva vidare.

Somaren/hausten 1994 stod ho i salsbua i Vågen i Sandnes eit par fredagar og laurdagar. Elles deltok ho ikkje i noko arbeid på dei ulike utsalstadane. Kari Gunhild Ellertsen var mykje hjå mannen når han var på dei ulike utsalsstadane utan å delta i drifta på noko vis. Mannen hadde ymse sjukdomar, m.a. hjarteproblem, og Kari Gunhild Ellertsen var samen med ektemaken avdi ho kjende seg utrygg på korleis det gjekk med han, og han var avhengig av å ha henne til stades. Kari Gunhild Ellertsen fekk ikkje nokon del av det som måtte ha vore overskot frå føretaket. Det kan heller ikkje byggjast på at hennar interesse i drifta av føretaket låg i at familieøkonomien vart styrkja ved at Arvid Ellertsen fekk større inntekter.

Arvid Ellertsen var eigenrådig og oppgav Kari Gunhild Ellertsen sitt namn til næringsmiddeltilsynet i samband med godkjenning av ei salsvogn i 1990. Kari Gunhild Ellertsen kjende ikkje til at ho vart oppgjeven til å vera den ansvarlege for drifta. Arvid Ellertsen gjorde det avdi han hadde pågang frå kreditorar.

Kari Gunhild Ellertsen har ikkje betalt/finansiert nokon av dei salsvognene/buene som vart nytta i drifta. Delar av tida dreiv Arvid Ellertsen saman med Gunnar Espeland og dei hadde kvar si salsvogn. Kari Gunhild Ellertsen har berre kjøpt/finansiert personbilar. Etter den aktuelle perioden tok ho opp lån og kjøpte ei varevogn som skulle byggjast om til feriebil. Det er mogeleg at Arvid Ellertsen ved eit høve lånte denne varebilen for å køyra bort boss frå ein eigedom der han saman med ein annan person hadde innreidd eit næringslokale. Bilar tilhøyrande Arvid Ellertsen og Hege Anita Ellertsen vart registrerte i Kari Gunhild Ellertsen sitt namn dels for å få lågare trygdepremie og dels av omsyn til at Arvid Ellertsen hadde pågang frå kreditorar. Sjølv om det er slik at Kari Gunhild Ellertsen var med på opplegg for å hindra kreditorpågang mot Arvid Ellertsen, gjev ikkje det grunn for å fastslå at ho dermed må vera ansvarleg for meirverdeavgift som Arvid Ellertsen måtte vera skuldig for. Sjølv om det var slik at Kari Gunhild Ellertsen åtte ein eller fleire av dei bilane som var knytt til drifta, tok ho ikkje nokon risiko avdi føretaket ikkje hadde noko på kreditt.

Namnet på føretaket syner at det var Arvid Ellertsen som var innehavaren og alle som har hatt samband med føretaket oppfatta klart at Arvid Ellertsen var den som hadde alt å seia. For inntektsåret 1994 førde Arvid Ellertsen opp inntekt av næring. Ingen har uttala at dei oppfatta at også Kari Gunhild Ellertsen var med å avgjera noko i føretaket. Også Stein Vassøy var klar på at Arvid Ellertsen var "sjefen", men han konkluderte likevel med at det var tale om eit "mann/kone"-føretak og då ut frå det at føretaket hadde fleire utsalsstader. Ingen andre har oppfatta tilhøva i føretaket slik som Stein Vassøy gjorde det. Viktig her er oppfatninga som Sigurd Sandhåland hadde og som er referert av nåmsretten. Sigurd Sandhåland leverte varer til føretaket i ein lang periode og leveransane kan dokumenterast ved kvitteringar i motsetnad til det som galdt leveransar frå Stein Vassøy, noko som må få innverknad i samband med truverdevurderinga for dei to vitna.

Kari Gunhild Ellertsen sitt tilhøve til føretaket kan best samanliknast med det som var for Hege Anita Møller.

Kari Gunhild Ellertsen set fram slik påstand:

"1. Utleggsforretningen av 7.9.1995 oppheves.

2. Den ankende part tilkjennes saksomkostninger for herredsretten og lagmannsretten."

Ankemotparten, Staten v/Finansdepartementet hevdar at domen frå nåmsretten er korrekt både når det gjeld faktum og lovbruken.

Staten er samd i at kvart år må vurderast særskilt, men dei opplysningane som er komne fram om Kari Gunhild Ellertsen si deltaking under heile perioden må sjåast i samanheng. Om Kari Gunhild Ellertsen har delteke slik at det fell inn under merverdiavgiftslova §12 fjerde ledd må prøvast etter ei heilskapeleg og konkret vurdering der det m.a. vert teke omsyn til at det er tale om eit lite føretak som vart drive i hovudsak av folk innan den næraste familien.

I samband med provvurderinga må det takast omsyn til at føretaket dreiv uregistrert og utan noka form for rekneskap eller annan skriftleg dokumentasjon. Det var vidare tale om føretak som vart drive av ektemakar med ein samanvevd økonomi. Ektemakane uttalar i alle fall at dei gjorde "felles front" mot Arvid Ellertsen sine kreditorar. Ektemakane oppgav ikkje meir om tilhøva i føretaket enn det som avgiftstyremakta sjølv etter kvart makta å skaffa seg domumentasjon for. Ektemakane har kome med uriktige opplysningar og har endra forklaringane sine etterkvart som det måtte høva. Det gjeld ikkje særreglar i dei tilfella det er tale om sams føretak mellom ektemakar, men det som dei opplyser må vurderast med sunn skepsis.

Kari Gunhild Ellertsen hevdar no at ho gav feile opplysningar til Statens biltilsyn i samband med registreringa av bilane. Det kviler ei særleg provbør på den som vil hevda at opplysningar dei har gjeve til offentlege registre ikkje er rette.

Etter sjølvmeldingsprinsippet pliktar den avgiftspliktige å gje naudsynte, fullstendige og rette opplysningar til avgiftstyremakta. Nye opplysningar som kjem fram under rettargangen skal det sjåast bort frå.

For Kari Gunhild Ellertsen har kome fram ein del dokument som knyter henne til drifta. Ho har sjølv opplyst å vera dagleg leiar i ein periode. Utsegn frå Stein Vassøy knyter henne til drifta på ein måte som han karakteriserer som eit vanleg "mann/ kone"-føretak. Stein Vassøy har ikkje noko motiv for å uttala seg usant til ugunst for Kari Gunhild Ellertsen. Sigurd Sandhåland og andre vitne som ikkje har oppfatta at Kari Gunhild Ellertsen deltok i føretaket, må ha vurdert stoda feil avdi denne oppfatting heller ikkje samsvarar med opplysningar som Kari Gunhild Ellertsen sjølv har gjeve.

Helsa til Arvid Ellertsen var slik at Kari Gunhild Ellertsen si deltaking var heilt naudsynt for drifta av føretaket.

Staten hevdar at det må leggjast til grunn at Kari Gunhild Ellertsen åtte dei bilane som stod registrert på henne. Ho har ialle fall kome med økonomiske bidrag og finansiert kjøpa av bilane. Bilane vart nytta i føretaket til m.a. å henta varer og fordeling av leveransar på dei ulike utsalstadane. I høve til investeringane samla og til drifta, representerte bilane ein monaleg del. Innsatsen frå Kari Gunhild Ellertsen i form av bilane gjorde at ho hadde interesse i drifta og var utsett for risiko. Kari Gunhild Ellertsen fekk ikkje leige for bilane og mottok heller ikkje løn. Føremonen for henne låg i at føretaket gav bidrag til den sams økonomien som var mellom ektemakane.

Staten set fram slik påstand:

"1. Namsrettens dom pkt 1 stadfestes.

2. Staten v/Finansdepartementet tilkjennes saksomkostninger for namsretten og lagmannsretten."

Lagmannsretten sine merknader.

Lagmannsretten er komen til at anken ikkje kan leia fram og domen i nåmsretten vert stadfesta. Lagmannsretten er samd med nåmsretten i dei vurderingane den gjorde av dei faktiske og juridiske tilhøva i saka og kan difor syna til merknadane frå nåmsretten. På bakgrunn av det som framkom frå partane under ankesaka finn lagmannsretten å koma med følgjande marknader:

Avgiftsvedtaket er knytt til omsetnad i åra 1990 til og med 1994, og Kari Gunhild Ellertsen sitt tilhøve til føretaket må vurderast for kvart av desse åra særskilt.

Det er avgiftstyremakta som må prova at tilhøva i føretaket var slik at Kari Gunhild Ellertsen kan seiast å ha drive føretaket saman med Arvid Ellertsen, jf. merverdiavgiftslova §12 fjerde ledd.

Føretaket vart drive svart og det er svært avgrensa kva som er lagt fram av dokumentasjon frå føretaket si side. Det meste av dokumentasjonen i saka er slikt som avgiftsstyremakta har skaffa seg frå andre kjelder t.d. næringsmiddeltilsynet. Dokumentasjonen kring føretaket gjev meir spreidde glimt om korleis tilhøva var og for å få eit tilstrekkjeleg heilskapleg bilete over heile den aktuelle tida, må dokumentasjonen utfyllast av forklaringar frå Kari Gunhild Ellertsen og vitna. I utgangspunktet skulle forklaringane til Kari Gunhild og Arvid Ellertsen vera heilt sentrale saka. Det som har lete seg etterprøva av ektemakane sine merknader alt frå då saka stod for fylkesskattekontoret - og for den del i forklaringane til lagmannsretten -, gjev ikkje grunn til å byggja særleg på kva dei to forklarar. Opplysningane som har kome frå dei to ektemakane, har skifta alt etter kva prov det har vore mogeleg for fylkesskattekontoret å skaffa fram.

Forklaringar frå andre vitne står dels i motstrid til kva Kari Gunhild Ellertsen sjølv har opplyst om si deltaking t.d. til Sandnes likningskontor, jf. rapport 26. august 1994, og desse vitneprova kan difor ikkje tilleggjast avgjerande vekt ved vurderinga av dette tilhøvet.

Kari Gunhild Ellertsen stod oppført som ansvarshavande for godkjenning gjevne av næringsmiddeltilsynet 9. februar 1990. Lagmannsretten ser ikkje bort frå at Arvid Ellertsen oppgav Kari Gunhild Ellertsen som ansvarshavande, utan at ho kjende til det då det vart gjort, men ho må ha fått kunnskap om dette kort tid etter at godkjenninga vart gjeven. Dersom Kari Gunhild Ellertsen meinte at ho med urette var oppført som ansvarshavande er det grunn til å tru at ho ville ha reagert. Merknaden om at dette vart ordna slik av omsyn til mogeleg kreditorpågang mot Arvid Ellertsen, finn ikkje lagmannsretten å kunna byggja på. I samband med oppgjeret ved kjøpet av salsvogna i 1990 overtok Arvid Ellertsen frå Thor-Stein Løvås ein buss som vart registrert hjå biltilsynet på Arvid Ellertsen. Det er ikkje noko som tilseier at omsynet til kreditorane skulle vera meir framtredande i samband med godkjenninga av salsvogna enn ved registreringa av bussen. Ved inspeksjon i salsvogna på Liapynten i november 1991 vart det frå føretaket si side gjort ei kopling mot godkjenninga frå 9. februar 1990 slik at næringsmiddeltilsynet ialle fall også for denne registrerte Kari Gunhild Ellertsen som den ansvarshavande.

Av tilsynsrapport frå 18. september 1992 må det utleiast at Kari Gunhild Ellertsen var den som stod i salsvogna på Liapynten då inspeksjonen fann stad. Merknader om at Kari Gunhild Ellertsen var åleine i vogna på det tidspunktet avdi Arvid Ellertsen som eigentleg stod i salsvogna, var på eit toalett i nærleiken, finn ikkje lagmannsretten å kunna ta omsyn til.

Til liks med Arvid Ellertsen uttalar Kari Gunhild Ellertsen at ho ikkje eingong var med på å selja reker frå salsvogna på Liapynten. Ho opplyser at ho var ofte til stades i salsvogna, men då berre som selskap/støtte for Arvid Ellertsen som var sjuk. Stein Vassøy som leverte reker til føretaket i tida frå 1990 til våren/somaren 1993 uttalte at han hadde møtt Kari Gunhild Ellertsen eit fleirtal av gonger i salsbua på Liapynten i den tida han leverte reker der. Stein Vassøy oppfatta at Kari Gunhild Ellertsen hadde ei deltakande rolle ved at ho tok imot varer, gav oppgjer til Stein Vassøy, tinga nye varer og ekspederte kundar. Tilsynsrapporten frå 18. september 1992, opplysningane i godkjenningane frå næringsmiddeltilsynet om kven som var den ansvarshavande saman med det faktum at Arvid Ellertsen som hadde særlege problem/behov grunna sjukdom slik at han støtt måtte forlata salsvogna, var avhengig av at det var andre til stades som også hadde ansvar for føretaket, gjer at lagmannsretten finn å måtta byggja på at deltaking til Kari Gunhild Ellertsen var slik som Stein Vassøy har forklart.

Dei opplysningane Stein Vassøy har gjeve kring føretaket elles samsvarar med andre opplysningar i saka i den grad det har lete seg etterprøva og lagmannsretten har - for det denne saka gjeld - ingen grunn til å trekkja Stein Vassøy sitt truverde i tvil.

Etter at Arvid Ellertsen kjøpte salsbussen på Lura våren/somaren 1993 hadde føretaket tre utsalsstader. Hege Anita Møller, dotter til Kari Gunhild og Arvid Ellertsen, var den som i hovudsak stod for ekspederinga frå salsvogna i Madlakrossen. Arvid Ellertsen stod i salsbussen på Lura. Ei anna dotter av Kari Gunhild og Arvid Ellertsen, Agnethe Karin Ellertsen deltok også ved einskilde høve. Kven som elles for det meste kunne ha stått i salsvogna på Liapynten etter somaren/våren 1993 er det ikkje gjeve opplysningar om. Ved årskiftet 1993/1994 fekk Arvid Ellertsen i tillegg leiga ei salsbu i Tananger hamn. Somaren 1994 overtok føretaket også ei salsbu i Vågen og Kari Gunhild Ellertsen var den som stod for ekspederinga der. 26. august 1994 var Sandnes likingskontor v/Oddbjørn Sviland på inspeksjon i salsbussen på Lura. Til stades under inspeksjonen var Kari Gunhild og Arvid Ellertsen. Det vart opplyst til Oddbjørn Sviland at Kari Gunhild Ellertsen var dagleg leiar av føretaket og Arvid Ellertsen vart omtala "hjelpesmann". Av opplysningane elles går det fram at føretaket vart starta for "Ca 3 mnd siden". I tilknyting til rapporten 26. august 1994 er det avvik mellom forklaringane frå Kari Gunhild Ellertsen og Arvid Ellertsen med omsyn til om kven av dei to som då var deltakarar i føretaket. Kari Gunhild Ellertsen hevda at ho åtte det åleine, medan Arvid Ellertsen hevda dei to åtte det saman. Det ligg ikkje føre noka skriftleg avtale som syner kva som skjedde med eigartilhøva i føretaket i juni 1994. Føretaket hadde fem utsalstader på det tidspunktet - Liapynten, Madlakrossen, Tananger hamn (rapport 29. juli 1994), Vågen og Lura. Av forklaringane til Kari Gunhild og Arvid Ellertsen gjekk det fram at det berre var salsbussen på Lura som gjekk inn i det føretaket som vart oppgjeve til likningsstyremakta den 26. august 1994. Ut frå den grunngjevinga Kari Gunhild Ellertsen gav for å overta føretaket, framstår opplysninga om at "hennar" føretak berre omfatta salsbussen på Lura som ulogisk. I rapporten går det dessutan fram at føretaket hadde drive ei salsbu i Tananger hamn tidlegare. Rapport frå næringsmiddeltilsynet dokumenterer drift i salsbua i Tananger hamn 29. juli 1994. I denne samanhengen må det også nemnast at Kari Gunhild Ellertsen på den tida telefonisk kontakta Rogaland fylkesskattekontor og i samtale med avdelingsleiar Bjørn Bols gav ho uttrykk for at ho ønskte å registrera eit skaldyrutsal i Vågen. Det er heller ikkje opplysningar om kva Kari Gunhild Ellertsen måtte betala for å overta dei ulike utsalsstadane eller eventuelt kva leige føretaket skulle svara til Arvid Ellertsen som åtte dei ulike salsvognene-/buene.

Opplysningane i rapporten 26. august 1994 om kva tid det var drifta var starta opp, andre og tidlegare utsalsstadar, gjev eit fullstendig feil bilete. Også opplysningane kring registrering i mvaregisteret er feile.

Kari Gunhild Ellertsen hevdar at ho straks etter inspeksjonen 26. august 1994 måtte seia frå seg føretaket og stillinga som dagleg leiar avdi ho då fekk utvida posten sin i Sandnes kommune frå 59% til 75%. Vedtaket om å utvida posten til Kari Gunhild Ellertsen var gjort av tilsetjingsrådet 5. juni 1994. Vedtaket i tilsetjingsrådet vart altså gjort på same tida som Kari Gunhild Ellertsen skulle ha overteke. Det er ikkje særleg grunn til å tru at utvidinga av posten hennar vart gjort utan at Kari Gunhild Ellertsen på førehand hadde søkt eller på annan måte bede om det. Merknaden frå Kari Gunhild Ellertsen om at ho måtte gå ut av føretaket avdi posten hennar i kommunen vart utvida synest konstruert.

I tillegg til ektemakane har ei rekkje vitne uttala at dei ikkje oppfatta at Kari Gunhild Ellertsen deltok i føretaket. Særleg må her framhevast Sigurd Sandhåland som leverte reker til føretaket frå somaren 1993 fram til drifta vart avslutta i 1994. Berre Stein Vassøy har forklart at Kari Gunhild Ellertsen deltok, og han oppfatta rollene til ektemakane slik dei typisk er å finna i "mann/kone"-føretak. Dei fleste av vitneforklaringane er i strid med det som Kari Gunhild Ellertsen sjølv har forklart om si eiga deltaking og det som kan dokumenterast gjennom rapportar frå næringsmiddeltilsynet og Sandnes likningskontor samt godkjenningar. Sigurd Sandhåland leverte rekene i salsbussen på Lura der Arvid Ellertsen hadde sin arbeidsstad. Observasjonar dette vitnet gjorde vil dermed vera avgrensa i høve til dei samla aktivitetane i føretaket og som alt nemnt i strid med det Kari Gunhild Ellertsen sjølv oppgav t.d. til Sandnes likningskontor.

Av oversyn frå Statens biltilsyn går det fram at i tida frå 1990 til og med 1994 vart det registrert 6 varebilar, 1 lastebil og 1 buss i namnet til Kari Gunhild Ellertsen. Ho åtte også personbil i den aktuelle perioden. Kari Gunhild Ellertsen med støtte av Arvid Ellertsen hevdar no at ho ikkje åtte desse varebilane, lastbilen og bussen, men at dei alle var Arvid Ellertsen sine. Lagmannsretten legg til grunn at Kari Gunhild Ellertsen var eigaren av dei nemnde motorvognene. Ved vurderinga legg lagmannsretten vekt på opplysningane i registeret hjå biltilsynet. Det må også nemnast at 1 varebil og 1 buss vart registrerte på Arvid Ellertsen i denne perioden. Argumentene om kreditorpågang og rabattordningar hjå trygdelaget synest dermed ikkje å vera særlege avgjerande for kven ektemakane registrerte motorvognene på. Dinest opplyste Arvid Ellertsen i brev 4. mars 1995 til fylkesskattekontoret at han berre åtte to av motorvognene og at dei andre "er en annen's einedom". Kari Gunhild Ellertsen som førde brevet i pennen for Arvid Ellertsen, oppfatta denne merknaden slik at Arvid Ellertsen med "en annen" sikta til at ho åtte motorvognene. For ein av varebilane er det lagt fram salsavtale der Kari Gunhild Ellertsen står som seljar.

Ut frå forklåringar frå vitna Stein Vassøy og Kjell Veland vart varebilane nytta til å henta reker og krabbar med. Det må her nemnast at ein av varebilane var ei kjølevogn. Lagmannsretten legg også til grunn at varebilane vart nytta i samband med utkøyring av varer til dei ulike utsalstadane samt bortkøyring av boss. Sett i høve til dei samla investeringane som inngjekk i føretaket utgjer varebilane, lastebilen og bussen ein monaleg del.

Lagmannsretten er ikkje tvil om at Arvid Ellertsen har vore den førande personen i føretaket. Han var "sjefen" og namnet på føretaket var også knytt til Arvid Ellertsen. Kari Gunhild Ellertsen si deltaking bestod i at ho hadde kontakt med leverandør og førestod sal. Ho vart oppgjeven som ansvarshavande til næringsmiddeltilsynet og har ikkje funne det så påfallande at ho har protestert. Ho kontakta fylkesskattekontoret med tanke på å få registrert føretaket. I samband med inspeksjonen 26. august 1994 oppgav ektemakane Kari Gunhild Ellertsen som dagleg leiar. Kari Gunhild Ellertsen bidrog i føretaket økonomisk i heile perioden ved at ho åtte motorvogner som gjekk inn som ein - økonomisk sett - monaleg del av driftsmidlane.

I motsetnad til Hege Anita Møller fekk ikkje Kari Gunhild Ellertsen løn for arbeidet ho gjorde i føretaket eller leige/godtgjersle for motorvognene som vart nytta. Det er ikkje opplysningar i form av rekneskapar/noteringar som syner korleis over-/underskot i føretaket vart oppgjort. Kari Gunhild Ellertsen sine kjøp av varebilane, lastebilen og bussen - motorvogner som vanskeleg kan sjåast å ha hatt noko anna føremål enn at dei skulle nyttast i føretaket - indikerer at ho har sett det som mogleg at drifta av føretaket kunne gje henne eit positivt økonomisk bidrag. Ektemakane hadde elles i det daglege samanvevde økonomiar slik at dei bidraga drifta av føretaket gav kom dei båe til nytte.

Investeringane som vart gjort av omsyn til føretaket var ikkje store. Kostnadane til innkjøp av varebilane, bussane og lastebilen var dominerande i dette biletet, men desse investeringane kunne frigjerast utan nemnande risiko. Varene vart levert mot kontant oppgjer og drifta var det dermed ikkje knytt nemnande risiko til. Ut frå dette er det ikkje grunnlag for å seia at Kari Gunhild Ellertsen var særleg eksponert for risiko i samband med føretaket, men det same galdt også Arvid Ellertsen.

Slik tilhøva i føretaket framstår for lagmannsretten var deltakinga til Kari Gunhild Ellertsen av omfang og karakter slik at det må fastslåast at ho saman Arvid Ellertsen driv føretaket frå 1990 fram til drifta opphøyrde ut 1994, jf. merverdiavgiftslova §12 fjerde ledd.

Kari Gunhild Ellertsen har framheva at ho ialle fall ikkje dreiv saman med Arvid Ellertsen i 1990/1991 avdi han då skulle ha drive saman med Gunnar Espeland. Ut frå forklaringa til m.a. Tor Magne Sele må det leggjast til grunn at Arvid Ellertsen og Gunnar Espeland - sjølv om dei samarbeidde - opererte sjølvstendig. Lagmannsretten sine merknader om godkjenningane, opplysningane frå Stein Vassøy kring vareleveransar og innkjøp samt bruken av varebilane, gjeld også for den tida samarbeidet mellom Arvid Ellertsen og Gunnar Espeland varde.

Kari Gunhild Ellertsen har ikkje kome med merknader om at føretaket ikkje var avgiftspliktig eller til avgiftene eller tilleggsavgiftene som skjønsmessig vart fastsette av fylkesskattekontoret.

Lagmannsretten er etter dette komen til at grunnlaget for utlegget og utlegget var gyldig og klaga kan difor ikkje leia fram.

Anken har ikkje leidd fram og Kari Gunhild Ellertsen vert med tilvising til tvangslova §3-3, jf. rettargangslova §180 første ledd tilplikta å betala staten sine kostnader i høve ankesaka. Det er ikkje tilhøve i saka som tilseier at Kari Gunhild Ellertsen kan fritakast. Regjeringsadvokaten v/advokat Frode Elgesem har lagt fram kostnadsoppgåve på samla kr 29890. Salæret utgjer kr 25.000 og resten er kostnader i samband med reise og opphald. Den ankande parten er kjend med oppgåva. Lagmannsretten har ingen merknader til kravet frå staten og oppgåva vert lagt til grunn.

Lagmannsretten er komen til at også sakskostnadsavgjerd i nåmsretten må stadfestast. Særleg problemstillingar knytt til lovbruken var slik at saka var så vidt tvilsam at vilkåra for å nytta unnataket i §172 annet ledd var stetta.

Domen er samrøystes.

Slutning:

1. Dom 3. juli 1996 i Sandnes nåmsrett, domslutninga punkt 1 og 2 vert stadfesta.

2. Kari Gunhild Ellertsen betalar innan 2 - to - veker frå tilseiing av domen, til staten v/ Finansdepartementet kr 29.890 - kronertjuenitusenåttehundreognitti - i sakskostnader for lagmannsretten.