RG-1994-945
| Instans: | Gulating lagmannsrett - Kjennelse |
|---|---|
| Dato: | 1993-11-12 |
| Publisert: | RG-1994-945 (143-94) |
| Stikkord: | Tvangsfullbyrdelse |
| Sammendrag: | |
| Saksgang: | Kjennelse 12. november 1993 i kjæremålssak nr. LG-1993-01122. |
| Parter: | 1. Anne Kristine Flatebø m.fl. (6 parter) (advokat Aksel Kayser) mot Kristofer Asheim (advokat Leon Larsen). |
| Forfatter: | Lagdommerne Ove Midttun, Ole Bjørn Støle, kst. lagdommere Mette Greve Pettersen |
| Lovhenvisninger: | Tvistemålsloven (1915) §403a, Tvangsfullbyrdelsesloven (1992) §4-12, §7-14, §180, Tvangsfullbyrdelsesloven (1915) §64, §65, §7-13 |
Den 26. mars 1993 fremja dei kjærande partar v/advokat Aksel Kayser for namsmannen i Kvinnherad krav mot kjæremotparten og Borghild Asheim om utlegg m.a. i hytteeigedomen gnr. 42, bnr. 5 i Kvinnherad kommune. Namsmannen i Kvinnherad held utleggsforretning den 25. mai 1993. Ved forretninga vart det teke utlegg i eigedomane gnr. 49, bnr. 3 og 19, men namsmannen tok ikkje utlegg i gnr. 49, bnr. 5 fordi ein annan enn kjæremotparten stod som heimelshavar til den sist nemnde eigedomen. Dei kjærande partane mottok utskrift or møtebok frå utleggsforretninga den 8. juni 1993 og fremja 25. juni 1993 klage over avgjerda til Sunnhordland namsrett.
I skriv dagsett 19. juli 1993 frå namsmannen i Kvinnehærad til Sunnhordland namsrett i samband med oversending av klaga 25. juni 1993 heiter det m.a.:
«I begjæringa var det også reist krav om utlegg i gnr. 42, bnr. 5, som er ein hytteeigedom som ligg inntil bnr. 3. Ved forretninga var denne eigedomen registrert på annan heimelshavar enn den det var reist krav mot. Dette fører til at eg som namsmann ikkje har myndighet til å ta utlegg i denne eigedomen, utan at kompetent rettsinstans fyrst vurderer omstøyting av eigaroverføringa.»
I orskurd 22. september 1993 i Sunnhordland namsrett vart det fastsett følgjande slutning:
«1. Klagen tas ikke tilfølge.
2. Saksomkostninger tilkjennes ikke.»
Dei kjærande partane fekk tilsagt orskurden den 24. september 1993, og fremja den 7. oktober 1993 v/advokat Aksel Kayser kjæremål i høve orskurden 22. september 1993. Kjæremotparten v/advokat Leon Larsen gav 18. oktober 1993 tilsvar til kjæremålet.
Dei kjærande partane hevdar at namsretten har vurdert prova i saka feil når namsretten ikkje har funne det tilstrekkjeleg sannsynleggjort at kjæremotparten er den reelle eigaren av gnr. 42, bnr. 5 i Kvinnherad kommune.
Tilhøva i saka slik det framgår or dom i sak 91-01025 A i Bergen byrett gjer at det i tilstrekkjeleg grad er sannsynleggjort at overføringa frå kjæremotparten til dottera hans, Rita Asheim er pro forma. Overføring av heimelen frå kjæremotparten til Rita Asheim vart gjort kort tid før hovudførehavinga i saka for Bergen byrett. Rita Asheim var kjend med kva saka i Bergen byrett galdt. Rita Asheim hadde ikkje då saka var føre i Bergen byrett sendt melding til Skattefuten om at ho hadde motteke bnr. 5 i gåve. Grunngjevinga som kjæremotparten kjem med for eigedomsoverføringa endrar ikkje det faktum at overføringa er pro forma og openbert gjort fordi ein ønskjer å hindra at eigedomen kan tena som dekking for krav mot kjæremotparten. Kjæremotparten nyttar framleis hytteeigedomen som om han eig eigedomen. Det er
Side:947
soleis i tilstrekkjeleg grad sannsynleggjort at kjæremotparten eig bnr. 5.
Dei kjærande partane hevdar at namsretten har nytta lova feil ved at namsretten har lagt avgjerande vekt på heimelstilhøva til bnr. 5. Det framstår som om namsretten har vore i absolutt tvil om det faktiske eigartilhøvet, og har dermed lete heimelstilhøvet vera avgjerande. Provbøra skulle vore lagt til kjæremotparten. Namsretten skulle dermed ha lagt dei kjærande partane sitt syn til grunn for avgjerda og gjeve høve til utlegg i bnr. 5.
Dersom namsretten sitt standpunkt ikkje samsvarar med det faktiske eigartilhøvet, vil avgjerda i monaleg grad gjera det vanskeleg for dei kjærande partane å driva inn kravet når det ikkje er gjeve utlegg.
Dei kjærande partar sette fram slik påstand:
«1. Det tas utlegg i gnr. 42, bnr. 5 i Kvinnherad kommune.
2. Kjærende parter tilkjennes saksomkostninger i klagesaken for namsretten kr. 4.500,- og i kjæremålsaken kr. 2.000,-, samt rettsgebyr både for namsrett og lagmannsretten med kr. 475,- og kr. 950,-.»
Kjæremotparten hevdar eigedomsoverføringa til Rita Asheim er reell. Kona til kjæremotparten døydde 9. oktober 1990 og den kjærande part har sidan kjent seg mykje nedfor. Kjæremotparten som vart født xx.xx.1928 er 100% uføretrygda, og den fysiske og psykiske helsa til kjæremotparten vart dårleg då kona hans døydde. Helsestoda til kjæremotparten vart ikkje betre i den tida som gjekk etter at kona hans døydde i 1990, og etter 2 år fann kjæremotparten at han ikkje makta å ta hand om eigedomane sine. 2 av eigdomane vart derfor skøytte til Rita Asheim. Kjæremotparten tek sikta på å avvikla sambandet han hadde til Kystnesstranda der bnr. 5 ligg. Rita Asheim ønskte derimot å halda vidare sambandet med Kystnesstranda. Kjæremotparten har ikkje heimelen til bnr. 5 og vilkåra for å kunna ta utlegg etter tvffl. §7-13 er ikkje stetta.
Rita Asheim har heimelen til bnr. 5 og ho er den reelle eigaren av eigedomen. Det er mykje vanleg at foreldre skøyter eigedomar til borna sine utan at det først vert skipa avtala om kjøp. Den nye tvangsfullføringslova er nyss tredd i kraft, og det er knapt rettspraksis i høve den nye lovreglen. For tilsvarande lovregel, gamle tvffl. §65 finn kjæremotparten heller ikkje rettspraksis, men det skuldast truleg at ingen tidlegare har funne på å krevja utlegg i ein eigedom der skuldnaren ikkje har heimelen. Kjæremotparten syner elles til Alten, Oslo 1950, 100-105, Melteig, Oslo 1972, 105-106 og Skeie, Oslo 1940, 243 samt RG-1935-403.
Kjæremotparten sette fram slik påstand:
«Namsrettens kjennelse stadfestes og kjæremotparten tilkjennes saksomkostninger for begge retter.»
Lagmannsretten sine merknader:
Det er frå kjærande part si side under saksførebuing for namsretten kome fram merknader til tvffl. §7-13. Tvffl. §7-13 synes ikkje å ha særleg interesse i saka. Namsretten har som rett er, vurdert saka etter tvffl. §7-14.
Bakgrunnen for søksmålet for Bergen byrett var at dei kjærande partane i samband med dødbuskifte etter Harald Guntveit kravde at
Side:948
eigedomsoverføring av gnr. 42, bnr. 3 først tiÅ Borghild Asheim og deretter til Kristoffer Asheim skulle kjennast ugyldig, og at eigdomen skulle skøytast frå Kristoffer Asheim til dødsbuet. Kravet frå dødsbuet galdt også tilbakebetaling av kr. 221.654,60.
Søksmålet for Bergen byrett vart fremja den 25. april 1991 og hovudførehaving vart halden den 1-3. februar 1993.
Dødsbuet etter Harald Guntveit vann ved dom 8. mars 1993 i Bergen byrett fram, og kjæremotparten vart dømd til å skøyta eigedomen gnr. 42, bnr. 3 til dødsbuet samt at Borghild Asheim saman med kjæremotparten vart dømd til å betala kr. 221.654,60 tillagt rente og kr. 100.000,- i sakskostnader til dødsbuet.
Domen i Bergen byrett er påanka.
Dei kjærande partane framja kravet om utlegg med tilvising til tvffl. §4-12 annet ledd.
Borghild Asheim var moster til Harald Guntveit, og Kristoffer Asheim er son til Borghild Asheim. Rita Asheim er einaste barnet til Kristoffer Asheim. Rita Asheim har ein mindreårig gut. Borghild Asheim, Kristoffer Asheim, Rita Asheim og guten hennar bur samen i bustadeigedomen Botnane 3 i Bergen.
Kring midten av desember 1992 skøytte kjæremotparten vederlagsfritt bustadeigedomen Botnane 3 i Bergen og hytteeigedomen gnr. 42, bnr. 5 i Kvinnherad til Rita Asheim. Det er opplyst at kjæremotparten for bustadeigedomen har teke atterhald om at han har livsvarig burett i denne.
Vidare har kjæremotparten overført til dottersonen sin eigedomsretten til ein Volvo personbil 240 GL, 1990-modell.
Namsmannen i Åsane tok 29. juli 1993 etter krav frå dei kjærande partar utlegg i både bustadeigedomen Botnane 3 og i personbilen.
I tilknyting til merknadane i tilsvaret frå kjæremotparten må lagmannsretten fastslå at det er høve til å ta utlegg i fast eigedom sjølv om ein annan person enn skuldnaren har heimelen til eigedomen. Dette må utleiast av tvffl. §7-14, 2. setning, jf. 1. setning. Tilsvarande galdt etter gamal tvffl. §64. Lagmannsretten viser her til Rt-1986-301 der det vart slege fast at heimelstilhøvet spelte ingen rolle i høve utlegg.
For at det skal gjevast høve til utlegg i fast eigedom der ein annan enn skuldnaren har heimelen, må kravshavaren gjera det sannsynleg at skuldnaren er den reelle eigaren av eigedomen.
Lagmannsretten vurderer prova i saka noko annorleis enn det namsretten gjorde, og er komen til at dei kjærande partane har sannsynleggjort at kjæremotparten er den reelle eigaren av bnr. 5.
Kjæremotparten har i den tida søksmålet frå dei kjærande partane verserte for Bergen byrett kvitta seg med eigne lutar med monaleg verde. Det opplegget kjæremotparten har gjennomført med omsyn til å vederlagsfritt kvitta seg med bustadhus, hytteeigedomen og bil kan etter lagmannsretten sitt syn vanskeleg vera motivert utfrå eit ønskje om å verta fri ansvar og arbeid som følgjer med å eiga desse gjenstandane. Motivet for å handla slik kjæremotparten har gjort, synes berre å vera å hindra at dei kjærande partane skulle kunna tvangsfullføra sitt krav.
Side:949
Det er ikkje noko sjeldsyn at foreldre overlet også vederlagsfritt til borna sine eignelutar. Dette er ei mulighet som også kjæremotparten i utgangspunktet må ha høve til å nytta seg av. I denne saka der Rita Asheim er einaste barnet til Kristoffer og Solveig Asheim, trong ikkje kjæremotparten vera redd for at det skulle verta ugreia om delinga av arven. Det som plar vera hovudmotivet ved slike oppgjer medan foreldra framleis er i live, gjeld ikkje i denne saka. Omfanget av det som vert overdrege samt samanfallet i tid, talar ikkje for at skøytinga av hytteeigedomen var lekk i eit vanleg generasjonsskifte.
Slekt- og bufellesskapet som er mellom kjæremotparten og Rita Asheim gjer at kjæremotparten utan å redusera eigne muligheter for å ha herredøme over hytteeigedomen, kan skøyta den til Rita Asheim, og det framstår å vera tilfelle i denne saka.
Kjæremotparten hadde heimelen til 2 eigedomar Kystnesstranda, men berre dei eine av eigedomane har han overført til Rita Asheim. Dersom kjæremotparten verkeleg ønskte å avvikla sambandet med den staden han vaks opp på, ville det vore naturleg å overdrege båe eigedomane. Det er grunn til å tru at kostnader og ulemper elles med å eiga småbruket «Nyheim», bnr. 3, er monaleg større enn dei han får ved å eiga hytteeigedomen.
Det er frå dei kjærande partane framhalde at kjæremotparten framleis nyttar seg av hytteeigedomen som om han eig den. Kjæremotparten har ikkje kome med merknader til denne påstanden frå dei kjærande partane, men har meddelt at kjæremotparten tar «sikte på å avvikle enhver befatning med stedet». Dette må etter lagmannsretten si vurdering oppfattast slik at kjæremotparten framleis har råderett som ein eigar til hytteeigedomen.
Rita Asheim skal etter det som vart opplyst av henne i Bergen byrett, ikkje ha gjeve melding til Skattefuten om at ho har motteke gnr. 42, bnr. 5 i Kvinneherad som gåve. Dette må tolkast slik at ho ikkje reknar seg som den reelle eigaren av hytteeigedomen.
Både ut frå det som er opplyst om kjæremotparten sitt tilhøve til gnr. 42, bnr. 5, hytteeigedomen, og det som må utleiast av Rita Asheim si tilknyting til eigedomen, må lagmannsretten leggja til grunn at kjæremotparten eig gnr. 42, bnr. 5 i Kvinnherad kommune. Vilkåret fastsett i tvffl. §7-14 er stetta, og kjæremotparten sin manglande grunnboksheimel til gnr. 42, bnr. 5 er ikkje til hinder for at kravet frå dei kjærande partane vert etterkome.
Det er i samband med saka ikkje kome fram andre merknader til kravet om utlegg enn det som gjeld heimelsspørsmålet. Lagmannsretten kan heller ikkje sjå at noko er til hinder for utlegg, og lagmannsrett byggjer derfor på at vilkåra for å ta utlegg i gnr. 42, bnr. 5 i Kvinnherad kommune er stetta, og fastset slutninga i samsvar med påstanden frå dei kjærande partane.
Kjæremålet har leidd fram og kjæremotparten vert med tilvising til tvffl. §3-3, jfr. rettargl. §180 annet ledd, jf. §172 første ledd tilplikta å betala dei kjærande partane sin kostnader med saka både for namsrett og lagmannsrett. Lagmannsretten ser ikkje nokon grunn til å frita kjæremotparten for plikta til å betala dei kjærande partane sine sakskostnader. Dei kjærande partane har kravd kr. 4.500 i sakskostnader samt
Side:950
kr. 475,- i gebyr for namsrett og kr. 2.000,- i sakskostnader og 950,- i gebyr for lagmannsrett. Lagmannsretten har ingen merknader til kostnadskravet som vert godkjent, og kjæremotparten vert tilplikta å betala tilsaman kr. 7.925,- i sakskostnader.
Avgjerda er samrøystes.
Slutning:
1. I gnr. 42, bnr. 5 i Kvinnherad kommune vert det teke utleggspant.
2. Kristoffer Asheim betalar innan 2 - to - veker frå orskurden vert tilsagt til saman kr. 7.925,- - kronersjutusennihundreogtjuefem 00/100 - til Anne Kr. Flatebø, Kari Kristoffersen, Jorunn Hammer, Ruth Gausvik, Ellinor Svennevik og Edel Johnsen Mikkelsen i sakskostnader for nams- og lagmannsrett.