RG-1997-118
| Instans: | Agder lagmannsrett - Dom |
|---|---|
| Dato: | 1996-02-05 |
| Publisert: | RG-1997-118 (20-97) |
| Stikkord: | |
| Sammendrag: | |
| Saksgang: | Sand herredsrett Nr: 94-00038 - Agder lagmannsrett LA-1995-00305 A |
| Parter: | Ankande partar: Christian Bull, Birgitte Horn Bull (Prosessfullmektig: Advokat Ola Røthe). Ankemotpart: Bergshav AS (Prosessfullmektig: Advokat Øystein Meland). |
| Forfatter: | Lagdomar Asbjørn Nes Hansen, formann Ekstraord. lagdomar Bjørn A. Paulson Heradsrettsdomar Jens Kristian Elstad |
| Lovhenvisninger: | Tvistemålsloven (1915) §172, §180, §98, Aksjeloven (1976) §15-1, §15-3, Selskapsloven (1985) §2-43 |
Ankepartane Christian Bull og Birgitte Horn Bull (heretter kalla Bull når det er meint båe) har kravt skadebot av ankemotparten Bergshav AS for tap dei meiner å ha vorte påført som kommandittistar i KS Beron Mette, der Bergshav var disponentselskap. Det samla skadebotkravet er på kr 9156997 med tillegg av forseinkingsrente frå 1. oktober 1992. Christian Bull var eigar av 35% av partane i kommandittselskapet, og Birgitte Horn Bull sat med ein part på 5%. Bull reiste sak ved Sand heradsrett, som sa dom i tvisten 5. januar 1995 med slik domsslutning:
"1. Bergshav A/S frifinnes.
2. Christian Bull jr. og Birgitte Horn Bull betaler in solidum innen 14 - fjorten - dager til Bergshav A/S kr 137881,- - etthundreogtrettisyvtusen- åttehundreogåttien 00/100 - i saksomkostninger."
Dei nærare faktiske omstenda i saka, partsutsegnene for heradsretten og grunngjevinga for resultatet går fram av domen.
Bull, med advokat Ola Røthe som prosessfullmektig, har anka heradsrettsdomen til Agder lagmannsrett. Anken rettar seg mot provsvurderinga og rettsbruken til heradsretten. Bergshav, med advokat Øystein Meland som prosessfullmektig, har i anketilsvar teke til motmæle og påstått domen stadfest.
Etter ynske frå partane tok lagmannsretten avgjerd om å dela opp ankeførehavinga, jf. tvistemålsloven §98 andre leden, slik at førehavinga i fyrste omgang vart avgrensa til å gjelda spørsmålet om ankepartane har høve til å fremja skadebotkravet. Ankepartane har prinsipalt halde fram at dei har eit såkalla særkrav som kan gjerast gjeldande mot ankemotparten, og subsidiært at dei, som tidlegare selskapsdeltakarar, har høve til - i eige namn - å krevja sin part av tapet åt kommandittselskapet.
Det vart halde ankeførehaving, med slik avgrensing som nemnt, i Skien 23. og 24. januar 1996. Av ankepartane møtte Christian Bull saman med prosessfullmektigen og forklara seg. Vitnet Stein Hannevik, som er viseadm. dir. i Bergshav AS, var med samtykke av retten til stades før han sjølv gav forklaring. Eit vitne gav forklaring ved telefonavhøyr. Prosessfullmektigane dokumenterte fleire skriftlege prov, som vert nemnde nedanfor så langt det trengst for avgjerda. Det vart gjort ei rekkje tilvisingar til lovførearbeid, rettspraksis og juridisk teori.
Ankepartane v/advokat Røthe har i hovudsak halde fram:
Bull krev skadebot av Bergshav, av di sistnemnde som disponent i KS Beron Mette har bore seg aktlaust åt ved manglande oppfylging av eit vedtak i selskapsmøte 6. februar 1992 om sal av M/T "Beron Mette". Bergshav la ikkje skipet ut til sal på dette tidspunktet i samsvar med vedtaket, og den fallande marknaden utover i 1992 førde til at verdien av skipet gjekk monaleg ned. Då Bull selde sine partar i kommandittselskapet i slutten av desember 1992, var salssummen basert på ein monaleg lågare skipsverdi enn verdien pr. 1. mars same året. Tapsutrekninga byggjer på den nedgangen i verdien av selskapspartane som den lågare skipsverdien førde til.
Prinsipalt vert det gjort gjeldande at Bull har eit særkrav som kan fremjast mot Bergshav. Det er då tale om eit skadebotansvar utanfor kontrakt, med di Bull ikkje stod i noko kontraktshøve til Bergshav. Det er likevel slik at disponentavtala mellom KS Beron Mette og Bergshav er utgangspunktet for skadebotkravet. Subsidiært vert det halde fram at Bull har høve til å fremja kravet mot Bergshav som sin part av tapet åt kommandittselskapet. Ettersom dette kravet kan utleiast frå kravet åt selskapet, er det i så fall tale om eit skadebotansvar basert på kontrakt. Med omsyn til lovregulering av skadebotansvaret i selskapshøve, er det vist til selskapslova §2-43, som byggjer på aksjelova §15-1, jf. §15-3.
Grunngjevinga for at ein har å gjera med eit særkrav, knyter seg til at Bergshav ved å la vera å fylgja opp salsvedtaket, sette til sides den minoritetsretten Bull hadde etter §10 i kommandittselskapsavtala til å krevja skipet selt. I selskapsmøte 6. februar 1992 nytta Bull seg av retten til å krevja sal. Rettnok var salsvedtaket i møtet samrøystes, men i røynda var Bergvang Shipping AS, og AS Beron Mette - komplementaren - imot sal. Desse sat med 30% av partane i kommandittselskapet. Bergvang Shipping var eigar av komplementarselskapet, og mellom desse selskapa og disponenten Bergshav AS var det klåre kryssinteresser på grunn av delvis samanfallande eigarskap. Eigarane av dei resterande 30% av KSpartane hadde ei meir avventande haldning til spørsmålet om sal, men fylgde i røynda disponenten.
Grunnen til at Bull kravde sal av skipet, hadde samanheng med at Christian Bull trong å få frigjort kapital av omsyn til utviklinga av andre investeringar han hadde gjort. Det var hans vurdering at jamvel om marknaden for skipsverdiar var fallande, var det likevel grunnlag for sal til ein akseptabel pris dersom det vart handla straks.
Det omstendet at Bergshav lét vera å etterkoma salsvedtaket, må seiast å vera ei skadevaldande unnlating som direkte var retta mot interessene åt Bull, under omsyn til minoritetsretten deira til å krevja sal av skipet. Det var såleis eit særtap for Bull, som sat med 40% av partane i kommandittselskapet. Rettnok er tapsutrekninga knytt til utviklinga av verdien på selskapspartane, men dette har ikkje noko å gjera med spørsmålet om det ligg føre eit særkrav. Spørsmålet er i juridisk teori særleg drøft i tilknyting til aksjeselskap. Når det vert godteke at ein aksjonær kan ha eit særkrav å fremja, må det di meir vera grunn til å godta at det kan oppstå eit særkrav for deltakarar i ansvarlege selskap og kommandittselskap.
Det subsidiære grunnlaget er som nemnt at skadebotkravet vert gjort gjeldande som ein tilsvarande part av tapet åt kommandittselskapet. Det er ei mistyding av heradsretten å byggja på at dette grunnlaget ikkje vart gjort gjeldande for fyrsteinstansen, og drøftinga åt retten ber preg av dette. Også når det gjeld dette grunnlaget for skadebotkravet, er spørsmålet drøft i den juridiske teorien særleg i samband med aksjeselskap. Dei rettstekniske omsyna som kan tala mot å gje ein aksjonær rett til på eiga hand å forfylgja eit krav, t.d. omsynet til å unngå for mange søksmål, gjer seg i mindre mon gjeldande ved ansvarlege selskap og kommandittselskap. Omsynet til den skadelidne deltakaren talar for at han kan forfylgja kravet når selskapet ikkje gjer det.
Dersom det er på det reine at selskapet ikkje vil gjera ansvar gjeldande, må det etter gjeldande rett vera høve for ein einskild deltakar til å fremja skadebotkravet. Når det gjeld aksjeselskap, er det gjort framlegg om å lovfesta ein slik rett, sjå utkastet til ny aksjelov §16-4 tredje leden i Ot.prp.nr.36 (1993-94). Det er i førearbeida lagt til grunn at framlegget vil innebera ei avklåring av rettsstoda. Ettersom det under lovførebuinga er argumentert for at ein aksjonær bør ha eit slikt høve til sjølv å fremja krav mot skadevaldaren for sin part av tapet åt selskapet, bør dette ha stor vekt ved avgjerda av kva som alt er gjeldande rett. Synspunkta i juridisk litteratur må i hovudsak seiast å gå i same lei, likeins domen i Rt-1979-81.
Gjeldande rett kan ikkje vera slik å forstå at selskapet fyrst må ha vurdert å krevja skadebot før ein deltakar sjølv fremjar kravet, og langt mindre krevst det at selskapet har teke ei konkret avgjerd om at kravet ikkje skal forfylgjast. Det må dessutan takast omsyn til at drøftingane i juridisk teori har som føresetnad at saksøkjaren framleis er deltakar i selskapet. Bull var ikkje lenger kommandittistar då dei gjekk til sak, og hadde ikkje noko høve til å ta skadebotkravet opp i selskapsorgana. Og i saka her må det vera på det reine at selskapet ikkje vil gå på skadevaldaren. KS Beron Mette er meldt til avvikling - likevel utan at avviklinga enno er gjennomførd. Dessutan er eit skadebotkrav frå selskapet si side truleg forelda eller tapt ved passivitet.
Slik stoda utvikla seg for Christian Bull utover i 1992, og som førde fram til at han gjekk konkurs i oktober same året, hadde han ikkje tilføre til å ta opp med kommandittselskapet spørsmålet om å krevja skadebot av disponenten. Den skadevaldande unnlatinga strekte seg over eit lengre tidsrom, og det var ikkje grunn for Bull til å reagera i fyrste omgang. På grunn av det økonomiske vanhøvet kunne tvertimot Christian Bull stå overfor eit krav om utløysing frå andre selskapsdeltakarar, jf. §19 i selskapsavtala. Bull måtte få rimeleg tid til å områ seg med omsyn til om Bergshav skulle krevjast for skadebot. - Det kan ikkje dragast nokon parallell frå fristregelen i §16-4 tredje leden i utkastet til ny lov om aksjeselskap; den regelen må ein sjå på bakgrunn av skipnaden i aksjeselskapsretten med minoritetssøksmål og høve for einskildaksjonær til søksmål som ein atter subidiær rett.
Dessutan er det lite truleg at Bull ville ha fått fleirtal i selskapsmøte for å krevja skadebot av Bergshav. Dei to eigarselskapa som stod Bergshav nær, ville i alle fall tvillaust ha røysta mot. Bull visste heller ikkje at det i tilfelle galdt noko krav om at skadebotkravet måtte takast opp i selskapsmøte, men trudde det var nok at det var sett fram krav om sal av skipet. Før Bull overdrog selskapspartane sine i slutten av desember 1992, var heller ikkje grunnlaget for skadebotkravet klårlagt, og omfanget av tapet vart fyrst fastslege ved salet. Det var fyrst i ettertid Bull fekk greie på at Bergshav i det heile ikkje hadde late skipet sirkulera i marknaden, slik vedtaket i selskapsmøtet føresette.
Den tvilen som Bergshav har reist med omsyn til om Bull er rette innehavarar av skadebotkravet - at det i tilfelle fylgde med salet av selskapspartane til Borg Eiendomsselskap AS, er det ikkje noko grunnlag for. Vitneførsla har vist at Borg ikkje meiner seg å ha noko krav på skadebot. Denne innvendinga er dessutan framsett så seint at det er grunnlag for prosessuell avskjering.
Bull har for lagmannsretten sett fram slik påstand:
"For det tilfelle at lagmannsretten skulle frifinne på grunnlag av de i denne del av saken omhandlede innsigelser - hver av partene dekker sine saksomkostninger for herredsretten og for lagmannsretten."
Ankemotparten v/advokat Meland har halde seg til heradsrettsdomen og har elles i hovudsak halde fram:
Vedtaket på selskapsmøte 6. februar 1992 i KS Beron Mette kan ikkje tolkast slik Bull gjer det, og Bergshav har ikkje bore seg slik åt ved oppfylginga av dette vedtaket at det utløyser skadebotansvar på culpagrunnlag. Det påståtte særtapet for Bull er eit ansvar utanfor kontrakt, jamvel om det underliggjande tilhøvet er ei påstått kontraktsunnlating. Kravet om skadebot for ein tilsvarande part i eit mogeleg tap for kommandittselskapet, er eit skadebotkrav i kontraktshøve. Når det gjeld dei tvistepunkta som har vore oppe ved ankeførehavinga, vert det gjort gjeldande at det ikkje i noko tilfelle ligg føre eit særtap for Bull og at Bull heller ikkje har høve til å krevja ein tilsvarande part av tapet åt kommandittselskapet. Vidare vert det halde fram at Bull ikkje er rette innehavarar av eit mogeleg krav.
Bull har vist til i §2-43 i selskapslova, men denne føresegna vil ikkje gjelda direkte i saka her, ettersom Bergshav fell utanom krinsen av dei ansvarssubjekt - tillitsmenn i eit selskap - som er nemnde i lova. Eit eventuelt ansvar for Bergshav må kunna utleiast direkte av disponentavtala med KS Beron Mette.
Dersom noko skal reknast som eit særtap, krevst det at den skadevaldande handlinga eller unnlatinga er direkte retta mot særinteressa åt den skadelidne, og ikkje mot selskapsinteressa hans. Det må òg krevjast at tapet i sum er større enn vedkomande sin part av det eventuelle tapet åt selskapet. Eit døme på særkrav er når teiknaren av ein selskapspart gjer ansvar gjeldande mot innbydaren i samband med manglande eller urette opplysningar i prospektet. Bull har vist til domen i Rt-1979-81, der andelseigarar i eit burettslag - og ikkje laget sjølv - kunne krevja skadebot i samband med utbygginga av eit bustadfelt. Men det sentrale ved denne avgjerda er at saksøkjarane vart påførde skaden før dei fekk status som andelseigarar i burettslaget. Med omsyn til avgrensinga av omgrepet særkrav, vert det elles vist til merknadene i Rt-1993-1399 på side 1403 og til lovførearbeid og selskapsrettsleg teori.
I saka her ligg det ikkje i noko tilfelle føre eit særkrav. Det påståtte tapet er eit tap som har råka selskapet og såleis alle deltakarane, ettersom vedtaket på selskapsmøte 6. februar 1992 var samrøystes. Alle var samde i sal dersom ein kunne oppnå den prisen Christian Bull meinte var realistisk. Men selskapsdeltakarane var usamde om verdsetjinga i høve til marknaden, og dermed om framgangsmåten ved sal.
Etter gjeldande rett er det tvilsamt om ein selskapsdeltakar har høve til - i det heile - å reisa krav om skadebot for sin part av eit tap på selskapet si hand. Og skal slik forfylging av kravet godtakast, må visse føresetnader vera oppfylte. For det fyrste krevst at selskapet røynleg har lide eit tap, noko som ikkje er tilfelle her - men i dette stykket godtek Bergshav at pretensjonen åt Bull vert lagd til grunn. Dinest må det krevjast at selskapet har vurdert tapet og teke avgjerd med omsyn til om ansvar skal gjerast gjeldande. Ymse formuleringar i selskapsrettsleg teori må lesast slik at det er eit absolutt krav at selskapet i sitt avgjerdsføre organ har teke eit standpunkt til om skadebotkravet skal fremjast. I aksjeselskapsretten må det seiast å vera ein klår føresetnad for søksmål frå einskildaksjonær at det ligg føre eit vedtak av generalforsamlinga om ikkje å gjera ansvar gjeldande.
Så lenge Bull var deltakarar i kommandittselskapet, kom det inga oppmoding til selskapet om å ta stode til om ein hadde eit skadebotkrav mot disponenten og om kravet skulle gjerast gjeldande. Det kom i det heile ikkje noka misnøye til uttrykk frå Bull si side. Bull var kjende med salsarbeidet til Bergshav og med at skipet seinast hausten 1992 ikkje var selt, men tok ikkje dette opp i selskapsorgana før dei selde KS-partane.
Det står heilt utan forklaring når Bull hevdar at dei fyrst etter salet av KS-partane fekk opplysningar som gav grunnlag for skadebotkravet. Heller ikkje kan Bull høyrast med at det vil innebera ein særskild foreldingsregel dersom dei vert hindra i å reisa kravet med den grunngjeving at dei skulle ha teke det opp i kommandittselskapet før. I utkastet til ny aksjelov §16-4 tredje leden er det nett sett ein frist for einskildaksjonær til å reisa krav.
Det er såleis klårt at Bull ikkje har høve til å fremja krav om skadebot for sin part av det eventuelle tapet åt kommandittselskapet.
Under alle omstende må Bergshav frifinnast av di Bull ikkje er rette innehavarar av det påståtte kravet. Då Bull - for Christian Bull sin del med samtykke av panthavarane - overdrog selskapspartane til Borg Eiendomsselskap AS, vart det ikkje teke noko atterhald med omsyn til eit mogeleg skadebotkrav, som difor fylgde med i handelen. Det går fram av kjøpekontraktane at kjøparen overtok "samtlige rettigheter og forpliktelser som påhviler den kjøpte andel i henhold til kommandittselskapsavtalen". Og konkursbuet åt Christian Bull kunne ikkje i ettertid overlata til konkursskyldnaren å forfylgja eit krav som var uløyseleg knytt til kommandittparten. Dei avtalene som ligg føre mellom han og konkursbuet, kan såleis ikkje styrkja søksmålsposisjonen hans.
Bergshav har for lagmannsretten sett fram slik påstand:
"1. Sand herredsretts dom stadfestes.
2. Christian Bull jr. og Birgitte Horn Bull dømmes til in solidum å erstatte Bergshav AS sakens omkostninger for lagmannsrett."
Lagmannsretten er i rådlegging etter ankeførehavinga komen til at det kan seiast dom på grunnlag av denne førehavinga. Lagmannsretten er komen til at anken ikkje kan føra fram, og ser slik på saka:
Lagmannsretten er samd med heradsretten i at ankepartane ikkje kan reknast å ha eit særkrav mot ankemotparten, og er samd i den grunngjevinga heradsretten har kome med om dette spørsmålet, sjå drøftinga på side 14 (frå tredje heile avsnitt) og side 15 i domsutskrifta, der det òg er vist til rettspraksis og juridisk teori.
For avgrensinga av sjølve omgrepet "særkrav" kan det - som heradsretten har gjort - vera føremålstenleg å ta utgangspunkt i merknadene i Ytternesdomen, Rt-1993-1399 på side 1403. Det avgjerande etter dette vil vera om "den skadevoldende handling (er) rettet direkte mot en kreditor og ikke mot selskapet som sådant". Høgsterett tek opp problemstillinga i tilknyting til skadebotkrav frå ein kreditor, men i dette stykket kan det ikkje vera nokon skilnad mellom kreditorane og deltakarane i selskapet.
Utgangspunktet for skadebotkravet i saka er disponentavtala mellom KS Beron Mette og Bergshav. Bull gjer gjeldande at Bergshav har late vore å oppfylla sine skyldnader etter disponentavtala etter vedtaket i selskapsmøtet 6. februar 1992 på ein slik måte at det utløyser skadebotansvar. Når kravet frå Bull vert gjort gjeldande som eit særkrav, er lagmannsretten samd med partane i at dette er eit skadebotkrav utanfor kontrakt, ettersom Bull og Berg ikkje stod i noko kontraktshøve til einannan. Men det at kravet må søkja sitt grunnlag i kontraktshøvet mellom kommandittselskapet og Bergshav, talar mot at det er eit særkrav for Bull. Tapsutrekninga, som byggjer på den reduserte verdien i selskapet ved at M/T "Beron Mette" ikkje vart seld vinteren 1992, talar òg mot at ein har med eit særkrav å gjera.
Det meste tyder på at det er eit tap knytt til selskapsinteressa åt Bull - og ikkje til særinteressa - som skadebotkravet gjeld. Ein viser til at det påståtte tapet synest vera avleidd av tapet åt selskapet. Den eventuelle kontraktsstridige unnlatinga frå Bergshav si side kan vanskeleg seiast å retta seg meir mot Bull enn mot dei andre deltakarane i selskapet. Bergshav var etter disponentavtala "forpliktet til å følge Selskapets instruksjoner" (ankeutdraget side 6), og hadde ikkje nokon skyldnad direkte i høve til selskapsdeltakarane.
Bull har hevda at det i røynda var usemje om sal av skipet på selskapsmøtet 6. februar 1992, og at vedtaket vart gjort av di Bull som minoritetsdeltakarar hadde ein vedtektsfest rett til å krevja sal. Lagmannsretten er klår over at partane er usamde om forståinga av det som skjedde på møtet og om innhaldet av vedtaket, men ser ikkje dette som avgjerande for spørsmålet om Bull har eit særkrav. Det underliggjande grunnlaget for skadebotkravet er at disponenten - Bergshav - har late vera å fylgja opp eit lovleg vedtak i selskapsmøte i KS Beron Mette, og i dette stykket kan det ikkje vera avgjerande om det har vore usemje blant selskapsdeltakarane eller at ein minoritet hadde vedtektsfest rett til å krevja sal.
Lagmannsretten har som nemnt kome til at det ikkje kan liggja føre noko særkrav for Bull, og går så over til det subsidiære grunnlaget som vert gjort gjeldande - at Bull har høve til å fremja kravet som eit skadebotkrav for sin part av tapet åt kommandittselskapet. Bull har under prosedyren for lagmannsretten halde fram at det vert lagt størst vekt på det subsidiære grunnlaget. Heradsretten lét ikkje til å ha drøft dette grunnlaget, men nøgt seg med å slå fast at Bull - slik heradsretten oppfatta det - ikkje hadde kravt skadebot for part i selskapet sitt tap, sjå konklusjonen midt på side 14 i domsutskrifta.
Som partane har vore inne på, er det etter gjeldande rett noko tvilsamt om, og på kva vilkår, ein selskapsdeltakar har høve til - i eige namn - å fremja eit krav om skadebot for sin part av tapet åt selskapet. Det kan i denne samanhengen visast til drøftinga i Aarum, Styremedlemmers erstatningsansvar i aksjeselskaper side 252-262, med tilvisingar til rettspraksis og juridisk litteratur. Mykje av drøftinga i teorien og i samband med lovførebuing har teke utgangspunkt i tilhøva i aksjeselskap. Så langt det er høve for ein einskildaksjonær til å forfylgja kravet åt aksjeselskapet, kan det ikkje - ut frå tilhøvet mellom deltakarane og selskapet - vera noko mindre høve til dette for ein deltakar i eit kommandittselskap.
Jamvel om rettskjeldetilfanget er noko sprikande, synest tendensen i nyare teori å gå i retning av at ein selskapsdeltakar ikkje kan vera hindra i å fremja eit selskapskrav når selskapet avstår frå å gjera det. Utkastet til §16-4 tredje leden i ny aksjelov byggjer på slike synsmåtar, men det er understreka at det etter gjeldande rett er "noe uklart" om aksjonærane har ein slik subsidiær rett, sjå Ot.prp.nr.36 (1993-94) side 77. Under alle omstende må visse føresetnader vera oppfylte dersom ein selskapsdeltakar skal kunna forfylgja eit krav om skadebot for sin part av tapet åt selskapet. Bergshav har halde fram at det må krevjast at selskapet sjølv har teke stode til om det har lide eit tap, og med reine ord har teke ei avgjerd om at ansvar ikkje skal gjerast gjeldande, medan Bull meiner det ikkje krevst meir enn å konstatera at selskapet ikkje vil nytta retten sin. Lagmannsretten skal nemna at ettersom det gjeld ein rett som er avleidd av retten åt selskapet og er subsidiær i høve til denne, må det - dersom ein slik søksmålsrett skal godtakast - vera klårt på det reine at selskapet ikkje vil fremja kravet. På kva måte standpunktet til selskapet må koma fram, synest likevel ikkje vera drøft med reine ord i juridisk teori. Men det er i denne samanhengen av interesse at det nemnde framlegget til §16-4 tredje leden i ny aksjelov har ein fristregel som indirekte knyter seg til, og dermed kan synast å føresetja, eit vedtak på generalforsamlinga om å forkasta eit framlegg om å gjera ansvar gjeldande.
Dersom spørsmålet om å fremja skadebotkravet ikkje har vore oppe i organa åt selskapet, kan det likevel i visse tilfelle vera klårt at selskapet ikkje vil gjera ansvar gjeldande. Slik stoda er i saka her, med KS Beron Mette meldt til avvikling, kan det nok vera grunnlag for ei slik slutning, utan at lagmannsretten går nærare inn på det. Men sidan det gjeld å forfylgja eit krav som det eigentleg ligg til selskapet å forfylgja, synest dei beste grunnar å tala for - som ein allmenn regel - at spørsmålet om å gjera ansvar gjeldande i det minste er teke opp med selskapet på førehand, så framt dette har vore mogeleg. Det kan vanskeleg seiast å vera urimeleg i høve til vedkomande selskapsdeltakar å setja eit slikt grunnleggjande vilkår for einskildforfylging av kravet.
Det er på det reine at Bull ikkje tok opp skadebotspørsmålet med kommandittselskapet medan dei var deltakarar i selskapet. Då dei valde å fremja skadebotkravet mot Bergshav, hadde dei selt KS-partane og var ikkje lenger i posisjon - som deltakarar - til å ta saka opp med selskapet. Spørsmålet vert etter dette om dei hadde tilføre til å gjera det før salet. Jamvel om provføringa har vore avgrensa i samband med at ankeførehavinga vart oppdelt, er saka så godt opplyst på dette punktet at lagmannsretten har grunnlag for å ta stode til det nemnde spørsmålet.
Vedtaket på selskapsmøtet 6. februar 1992 føresette - slik Bull tolka vedtaket - ei snarleg oppfylging av Bergshav. Det synest ikkje å ha kome fram kritiske merknader frå Christian Bull si side i samband med at salet av skipet drog ut. Han har i lagmannsretten forklara dette med at han ville fara varsamt fram i den utsette økonomiske stoda han var komen i, men dette omstendet kunne sjølvsagt ikkje hindra han i å ta eit mogeleg skadebotkrav opp med selskapet. Heller ikkje vurderingar av korleis sume av deltakarane i selskapet ville stilla seg til kravet, var til hinder for å ta opp saka. Etter §11 tredje leden i selskapsavtala hadde Bull rett til å krevja at det skulle haldast selskapsmøte.
Lagmannsretten har fest seg ved opplysninga om at Christian Bull var til stades i styremøte i KS Beron Mette 11. juni 1992. Under pkt. 4 i protokollen frå møtet, sjå ankeutdraget side 96, heiter det at "(m)ed bakgrunn i diskusjonen fra selskapsmøtet i februar 1992, ble det diskutert videre et eventuelt salg av skipet". Det er vidare protokollert at Christian Bull melde til styret at han ynskte å leggja skipet ut for sal, og at prisidé overfor potensielle kjøparar vart sett til 10,5 mill. USD. Det var såleis i juni tale om eit prisnivå monaleg under det som Bull meinte var realistisk i februar, 14-14,5 mill. USD. Skadebotkravet byggjer på ein skipsverdi på 13 mill. USD pr. 1. mars 1992.
Lagmannsretten kan vanskeleg sjå det annleis enn at Christian Bull i tidsromet fram til han gjekk konkurs i oktober 1992, hadde tilføre til å ta opp skadebotspørsmålet med kommandittselskapet, eventuelt be panthavarane eller konkursbuet om å gjera det i det etterfylgjande tidsromet fram til salet av KS-partane i slutten av desember 1992. For Birgitte Horn Bull sin del hadde ho tilføre og høve til å ta saka opp heilt fram til ho selde sine selskapspartar kring det same tidspunktet. Christian Bull har rettnok hevda at han fyrst seinare fekk vita om dei omstenda - det påstått manglande salsarbeidet frå Bergshav si side - som er grunnlaget for skadebotkravet, men det synest lite truleg at avgjerande opplysningar kom fram i ettertid.
Heller ikkje i samband med salet av KS-partane vart skadebotspørsmålet teke opp med selskapet. Det hadde i det minste vore naturleg å ta opp skadebotspørsmålet - som galdt eit tap selskapet skulle ha lide - før Bull avhende sine interesser i KS Beron Mette.
Lagmannsretten er etter dette komen til at Bull ikkje har høve til å krevja skadebot for sin part av eit påstått tap for kommandittselskapet.
Bergshav har, men fyrst under prosedyren for lagmannsretten, som ei sjølvstendig innvending gjort gjeldande at eit eventuelt skadebotkrav fylgde med i handelen ved overdraginga av KSpartane, og at Bull av den grunn ikkje har høve til å krevja noko. På dette punktet viser lagmannsretten til at kjøparen, Borg Eiendomsselskap AS, ikkje har fremja og etter alt å døma ikkje meiner seg å ha noko krav mot Bergshav. Det er ikkje omstridt at Borg kjøpte KS-partane for ein pris som avspegla den reduserte skipsverdien ved årsskiftet 1992/93. Det er elles ikkje naudsynt å gå nærare inn på dette spørsmålet, ettersom lagmannsretten har avgjort saka på anna grunnlag.
Som det går fram, har lagmannsretten kome til at Bull korkje har noko særkrav eller har høve til å krevja skadebot for sin part av det påståtte tapet åt kommandittselskapet. Det kan sjå ut til at dette er eit spørsmål om søksmålskompetanse og såleis ei prosessuell avgjerd som skulle føra til avvising. Men båe partar har halde fram at det må reknast å vera eit materielt spørsmål som i tilfelle fører til frifinning. Lagmannsretten viser til Aarum side 262-264, som konkluderer med at ein står overfor eit spørsmål av materiell karakter, og har lagt dette til grunn.
Etter dette vert domen i heradsretten stadfest.
Anken har ikkje ført fram, men avgjerda av det subsidiære grunnlaget har reist prinsipielle spørsmål som er lite klårlagde i rettspraksis, og ankepartane bør fritakast for kostnadsansvaret for lagmannsretten med heimel i unnataksregelen i tvistemålsloven §180 fyrste leden. Av same grunn bør kvar av partane bera sine eigne kostnader for heradsretten, jf. tvistemålsloven §180 andre leden, jf. §172 andre leden 1. alternativ, med di lagmannsretten byggjer på at det subsidiære grunnlaget vart gjort gjeldande for heradsretten òg.
Domen er samrøystes.
Domsslutning:
1. Domen i heradsretten, domsslutninga pkt. 1, vert stadfest.
2. Kvar av partane ber sine eigne kostnader for heradsretten og lagmannsretten.