Hopp til innhold

HR-2000-602-K - Rt-2000-1130

Fra Rettspraksis
Instans: Høyesteretts kjæremålsutvalg - Kjennelse
Dato: 2000-06-08
Publisert: HR-2000-00602-K - Rt-2000-1130 (248-2000)
Stikkord: Sivilprosess, Forsikringsrett, Panterett, Rettslig interesse, Gjeldsforsikring
Sammendrag: Saken gjaldt spørsmål om en sameier i en bolig hadde rettsleg interesse i utbetaling etter gjeldsforsikring tegnet av den andre sameieren, og der lånet var pantesikret i begge sine eierandeler i boligen.
Saksgang: Oslo byrett nr. 1999-02847 A/10 - Borgarting lagmannsrett LB-2000-811 K/04 - Høyesterett HR-2000-00602, sivilt kjæremål
Parter: Storebrand Skadeforsikring AS (advokat Tron Gundersen) mot A (advokat Thorer Ytterbøl)
Forfatter: Gussgard, Rieber-Mohn, Utgård
Lovhenvisninger: Tvistemålsloven (1915) §54, §180, §404


Saka gjeld spørsmålet om ein sameigar i ein bustad har rettsleg interesse, jf. tvistemålslova §54, i utbetaling etter gjeldsforsikring teikna av den andre sameigaren, og der lånet var pantesikra i begge sine partar i bustaden.

A og B var sambuarar frå 1981. Dei kjøpte saman eit husvære i Fuglevik borettslag i Fredrikstad, der dei var eigarar av kvar sin ideelle halvpart. B hadde gjeld i Kreditkassen, og denne gjelda var sikra med pant i heimelsdokumenta for husværet, også i den delen som høyrde til A. Den 2. juli 1991 teikna B gjennom Kreditkassen gjeldsforsikring i Storebrand Skadeforsikring AS for si gjeld til banken. A er i forsikringsbeviset oppgitt som medforsikra og det er kryssa av i ein rubrikk der det står:

«Forsikringen skal omfatte medforsikret, hvor vi begge forsikres for hele restgjelden (100%/100%).»

Etter forsikringsvilkåra skulle heile forsikringssummen ved eit forsikringstilfelle utbetalast til banken til dekning av restgjelda.

B vart utsett for ei kraftig trafikkulykke 2. juli 1992. Det vart då meldt krav til Storebrand grunna i at han var meir enn 50% medisinsk invalid, men forsikringsselskapet nekta utbetaling/ansvar. B reiste sak mot forsikringsselskapet med krav om utbetaling. Før saka var avgjord, døydde B av andre grunnar enn trafikkskaden. Forsikringsselskapet utbetalte då forsikringssummen som var hovudstolen på låna i Kreditkassen på dødsfallstidspunktet. Saka mot Storebrand vart då heva, i det arvingane etter B - som var hans barn - ikkje ønskte å gå vidare med søksmålet.

Ved utbetaling på dødsfallstidspunktet vart dekninga mindre gunstig for A enn ved utbetaling på ulykkestidspunktet, først og fremst fordi det då kom til renter i mellomperioden. Ho tok derfor 16. mars 1999 ut søksmål mot Storebrand med påstand om at selskapet hadde plikt til oppgjer etter forsikringsavtalen med B og med 2. juli 1992 som oppgjerstidspunkt. Ho viste i stemninga til at ho ikkje vart råka av noko direkte gjeldsansvar, men at Kreditkassen hadde gjort pågang for å få dekt sitt krav ut frå pant i heimelsdokumenta til husværet. Storebrand gjorde i prosesskrift 18. januar 2000 gjeldande at A mangla rettsleg interesse i søksmålet.

Oslo byrett sa 31. januar 2000 orskurd med slik slutning:

«1. Sak nr. 99-02847 A/10 avvises.

2. A erstatter Storebrand Skadeforsikring AS saksomkostninger med kr 20.000 - kronertyvetusen - med tillegg av 12 - tolv -% rente fra 14 - fjorten - dager etter kjennelsens forkynnelse til betaling skjer.»

A påkjærte orskurden til Borgarting lagmannsrett som 10. april 2000 sa orskurd med slik slutning:

«1. Saken fremmes.

2. Hver av partene bærer sine omkostninger for byrett og lagmannsrett.»

Storebrand Skadeforsikring AS har i rett tid påkjært lagmannsrettens orskurd til Høgsteretts kjæremålsutval. Kjæremålet gjeld lagmannsrettens lovtolking.

Den kjærande parten har i hovudsak gjort gjeldande:

Lagmannsretten har korrekt vist til at A ikkje er formell rettshavar etter Bs forsikringsavtale. Det er også korrekt lagt til grunn i orskurden at ei økonomisk interesse ikkje er nok til å statuere rettsleg interesse etter tvistemålslova §54 ved eit fastsetjingssøksmål. Lagmannsretten har her vist til Schei: Tvistemålsloven I (1998) side 276 og lagt til grunn at det kan tenkjast unntak når særlege grunnar tilseier det. Det kan ikkje sjåast korleis orskurden i Rt-1989-1140 kan støtte opp under dette standpunktet, slik Schei synest å meine. Utgangspunktet må tvert imot vere at der søksmålet gjeld typiske privatrettslege rettar som eigedomsrett, krav på oppgjer m.v. gir det ikkje tilstrekkeleg tilknyting til søksmålsgjenstanden om saksøkjaren har ei økonomisk interesse i kravet utan å vere formell rettshavar, sjå mellom anna Rt-1990-1203 og Rt-1987-590. Saka nå skil seg ikkje frå andre saker som gjeld økonomisk interesse i saka utan at ein er rettshavar.

Det er lagt ned slik påstand:

«1. Oslo byretts kjennelse av 31.01.00 stadfestes.

2. Storebrand Skadeforsikring AS tilkjennes sakens omkostninger for lagmannsrett og Høyesterett, med tillegg av 12 - tolv - prosent rente fra 14 - fjorten - dager etter kjennelsens forkynnelse til betaling skjer.»

Kjæremålsmotparten har i hovudsak gjort gjeldande:

Lagmannsrettens orskurd må vere rett både i grunngjeving og i resultat. Det er elles ein spesiell situasjon ved at kjæremålsmotparten reelt er den som har både dei økonomiske interessene og rettane etter gjeldsforsikringa.

Det er lagt ned slik påstand:

«1. Borgarting lagmannsretts kjennelse av 10.04.2000 pkt. 1 stadfestes.

2. Storebrand Skadeforsikring AS tilpliktes å erstatte A sakens omkostning for lagmannsretten med kr 4.000.- og for høyesterett med kr 2.000.-, alt tillagt 12% - tolv prosent - p.a. rente fra 14 - fjorten - dager etter kjennelsens forkynnelse til betaling skjer.»

Høgsteretts kjæremålsutval vil uttale:

Kjæremålet er eit vidare kjæremål der kjæremålsutvalet etter reglane i tvistemålslova §404 første ledd nr. 2 og nr. 3 har avgrensa kompetanse.

Kjæremålet rettar seg her mot lagmannsrettens tolking av tvistemålslova §54. Denne kan utvalet prøve.

Lagmannsretten har vist til at A ikkje er formell rettshavar etter Bs gjeldsforsikring, og at ho då i utgangspunktet manglar rettsleg interesse. Det står vidare:

«Imidlertid kan det tenkes unntak, jf uttalelser i Schei: Tvistemålsloven I s. 276, når reelle hensyn tilsier at vedkommende likevel bør kunne få opptre som saksøker.

B og A tegnet gjeldsforsikringen sammen 4.7. 91 gjennom långiveren Kredittkassen. Lånet som skulle sikres gjaldt lån knyttet til fellesbolig hvor An eide - og eier - en ideell halvdel. Lånet [feilskrift for «Forsikringen"] skulle således også sikre As interesser knyttet til boligen og sikre A i tilfelle tvangsfullbyrdelse; Bs lån var sikret med pant i adkomstdokumentene til boligen.

Etter lagmannsrettens vurdering er disse omstendigheter av en slik karakter at A har en så tungtveiende interesse i å få prøvd Storebrands økonomiske ansvar etter gjeldsforsikringen at hun har den nødvendige rettslige interesse etter tvistemålsloven §54.»

I utgangspunktet er ei økonomisk interesse ikkje nok til at kravet til rettsleg interesse er oppfylt. Det må her likevel vere rett å leggje vekt på at det er tale om tvist som knyter seg til eigen bustad og særleg då at denne er stilt som pant for særgjelda for ein sambuar. Likeins må det vere grunn til å ta omsyn til den situasjonen som lagmannsretten har lagt til grunn, om at føremålet med forsikringa også var å sikre A i tilfelle tvangsfullføring. Her er det ikkje grunn til å gå inn på realiteten, i det utvalet i høve til spørsmålet om rettsleg interesse nøyer seg med å vise til at lagmannsretten har lagt til grunn eit slikt føremål.

Kjæremålsutvalet kan etter dette ikkje sjå at lagmannsretten her har bygd på ei urett tolking av tvistemålslova §54.

Ut frå resultatet må A tilkjennast sakskostnader for Høgsteretts kjæremålsutval i samsvar med hovudregelen i tvistemålslova §180 første ledd. Avgjerda i lagmannsretten bør verte ståande.

Orskurden er samrøystes.

Slutning:

1. Kjæremålet vert forkasta.

2. I sakskostnader for Høgsteretts kjæremålsutval betaler Storebrand Skadeforsikring AS 2.000 -totusen- kroner til A innan 2 -to- veker frå forkynninga av denne orskurden med tillegg av 12 -tolv- prosent rente frå forfall til betaling skjer.