LA-1996-438
| Instans: | Agder lagmannsrett - Orskurd |
|---|---|
| Dato: | 1996-07-25 |
| Publisert: | LA-1996-00438 |
| Stikkord: | |
| Sammendrag: | |
| Saksgang: | Agder lagmannsrett - la-1996-00438 A |
| Parter: | Kjærende part: Arne Vidar Holtan (Prosessfullmektig: Advokat Ole Petter Breistøl) Kjæremotpart: Christiania Bank og Kredittkasse AS (Prosessfullmektig: Advokat Gunnar Hallenstvedt) |
| Forfatter: | Lagdomar Asbjørn Nes Hansen Førstelagmann Arne Christiansen Lagdomar Erling Strand |
| Lovhenvisninger: | Tvistemålsloven (1915) §407, Avtaleloven (1918) §33, Straffeloven (1902) §166, §180, §408, §412 |
Ein tvist mellom Arne Vidar Holtan og Christiania Bank og Kreditkasse AS enda med dom i Agder lagmannsrett 22. mai 1992, der banken vart frifunnen. Saka galdt spørsmålet om ei kausjonsfråsegn frå Holtan overfor banken, knytt til kredittgjeving til Ole Christian Bach, var gyldig. I motsetnad til Sandefjord skifterett kom lagmannsretten til at det ikkje var grunnlag for å setja kausjonsfråsegna til sides etter avtalelova §33 eller ulovfeste reglar om lojalitet i kontraktsheve. Lagmannsrettsdomen vart ikkje anka vidare.
Med prosesskrift 25. mars 1996 har Arne Vidar Holtan, med advokat Ole Petter Breistøl som prosessfullmektig, framsett krav om oppattaking av ankesaka. Christiania Bank og Kreditkasse AS (heretter for det meste kalla banken eller CBK), med advokat Gunnar Hallenstvedt som prosessfullmektig, har i tilsvar teke til motmæle. Frå Holtan har det i tillegg kome to prosesskrift og frå banken eitt.
Arne Vidar Holtan har i eit svært omfattande prosesskrift gjort greie for kravet om oppattaking, supplert med to prosesskrift til. Han har halde fram at det er heimel for å ta saka oppatt etter feresegnene i tvistemålsloven §407 fyrste leden nr. 6, eventuelt og nr. 1, 2 og 3. Tilvisinga til nr. 1 og 2 er ikkje fylgd opp i seinare prosesskrift. Det vert hevda at domen er openbert urett av fleire grunnar. Ein hovudgrunn er at lagmannsretten under provføringa fekk opplyst at Ole Christian Bach ikkje kunne stilla realtrygd for eit overtrekk på kr 4.500.000 på kassekredittkontoen sin, og at Bach difor tilbaud kausjon frå Holtan. Det viser seg no at banken, for i Holtan kausjonerte, hadde fått realtrygd for overtrekket ved ein pantobligasjon på kr 5.000.000 i det såkalla "Giovanni-bygget", gnr. 152 bnr. 54 og 58 i Sandefjord. Obligasjonen hadde vorte tinglyst, men vart sletta stutt tid etterpå. Dette var fleire månader før Holtan kausjonerte, og desse og fleire andre opplysningar har ikkje vore kjende for Holtan eller for lagmannsretten tidlegare. Holtan fekk fyrst vita om tilhøvet i januar 1996, og tre-månadersfristen i tvistemålsloven §408 fyrste leden er overhalden.
Trass i fleire provokasjonar då saka stod for tvisteretten og lagmannsretten, vart den nemnde pantobligasjonen ikkje framlagd av banken. Dette gjeld og andre viktige opplysningar og prov, som vart haldne attende av banken. Det som vart opplyst frå banken om at obligasjonen ikkje vart tinglyst av di ein obligasjon på kr 10.000.000 frå Oslobanken "kom i mellom", viser seg å ikkje vera rett. Pantobligasjonen til CBK vart tinglyst 20. mai l987 og fekk prioritet godt innanfor verditakst for eigedomen. Obligasjonen til Oslobanken vart derimot fyrst tinglyst 26. mai.
Notata frå 19. november og 1. desember l987 som bankleiinga i Sandefjord la fram for lokalstyret, regionbanksjefen og kredittkomiteen, var urette og ufullstendige. Seinare vart dette ufullstendige og urette faktumet presentert i hovudførehaving i skifteretten og lagmannsretten, og det førde til at lagmannsretten gav ein urett dom.
Bakgrunnen for pantsetjinga var at banken i mars og april 1987 gjorde eit mistak som førde til at det i april vart eit større overtrekk, om lag kr 4.462.000, på kassekredittkontoen til Ole Christian Bach. Den 20. mai 1987 vart dette ordna ved at Bach fekk ein mellombels tilleggskreditt på kr 4.500.000 mot ein pantobligasjon på kr 5.000.000 i Giovanni- bygget. Då Bach ikkje innfridde den mellombelse kassekreditten ved forfall 1. august 1987, vart overtrekket ved eit "teknisk bankhandgrep" omgjort til eit gjeldsbrevlån på kr 6.000.000, som vart diskontert 27. august 1987, utan godkjenning av kompetent organ i banken og før lånedokumenta var underskrivne. Det er såleis ikkje korrekt at Holtan kausjonerte for lånet 27. august; dokumenta vart utferda i ettertid.
I tillegg til omstenda kring pantobligasjonen vert det halde fram at det ligg føre "(a)ndre nye bevis, manglende fremlagte bevis, opplysninger og omstendigheter vedrmrende sakens faktum som har hatt betydning for bevisvurderingen og forståelsen for sakens sammenheng". Det er vist til den irregulære situasjonen i rettshøvet mellom Bach og banken då Bach overtrekte kassekredittkontoen sin med kr 4.500.000. Det er på denne bakgrunnen ein må sjå "låne"-verksemda til Bach overfor bankar og privatpersonar i tidsromet frå mai til november 1987.
Alt lenge før april 1987 hadde CBK på meir generelt grunnlag fått mistanke om at Bach stod for ei særskild forretningsdrift, seinare kalla "Bach-systemet". I slutten av april starta CBK, avdeling Sandefjord, i reynda arbeidet med å avvikla/regulera ned engasjementet hans. Banksjefen/administrasjonen var frå denne tida under press frå dei interne kontrollorgana i banken om å ordna opp i engasjementet. Det presset banken tllllaust la på Bach, er viktig for å skjøna det vidare handlingsmønsteret hans.
Utanom CBK søkte Bach om og fekk lån i tre andre bankar i mai 1987. Samstundes med at Bach fekk utbetalt om lag kr 17.700.000 i lån frå desse tre bankane, vart "overtrekksproblemet" hans i CBK "løyst" ved ein mellombels tilleggskreditt med pant i Giovanni-bygget. Pantobligasjonen, som var tinglyst 26. mai, vart som nemnt sletta alt den 5. juni. CBK gjorde her det andre mistaket i samband med overtrekket til Bach - banken gav frå seg pantetrygda utan å få oppgjer. Det vert provosert opplyst kvifor banken let avlysa obligasjonen. Vidare vert det originale pantedokumentet med påskrift om sletting provosert framlagt. Ved å halda slettingspåskrifta opp mot det framlagde notatet frå banksjefen dagsett 19. november 1987 vil ein få dokumentasjon for at notatet inneheld falske opplysningar og at vitne tagde om dette under hovudførehavinga for skifteretten og lagmannsretten. Det er såleis og heimel i tvistemålsloven §407 fyrste leden nr. 3 for å ta saka oppatt. Det å teia om opplysningar ein skjønar har noko å seia for saka, vert råka av straffeloven §166 som falsk forklaring.
Dei nye prova og omstenda fører til at det openbert ligg føre ein urett dom, jf. oppattakingsheimelen i tvistemålsloven §407 fyrste leden nr. 6. Det at banken let vera å gje fullstendige og korrekte opplysningar då saka var føre for retten, har m.a. ført til fleire urette vurderingar og konklusjonar i lagmannsrettsdomen. Såleis har lagmannsretten lagt til grunn at det fånyttes vart freista å få i stand realtrygd for overtrekket, og denne konklusjonen er openbert urett. Denne grunnleggjande feilen i domen er eit resultat av urette opplysningar om at obligasjonen "dessverre ikke ble tinglyst", og fører til at lagmannsretten drøfter dei andre rettslege og faktiske sidene av saka under urette føresetnader. Resten av domen vert såleis direkte påverka av denne feilen, og det fører til andre feilvurderingar og til slutt urett domsslutning.
M.a. har lagmannsretten allment tillagt banken og vitna frå den sida større truverde enn det var grunn til. Vidare har lagmannsretten lagt til grunn at Bach søkte om eit lån og kom med tilbod til banken om å stilla seks kausjonistar som trygd. Denne "konstruksjonen" har vore sentral og avgjerande for vurderinga og resultatet i domen, men eit slikt faktum har ikkje haldepunkt i dokumentprova i saka - og det syner dei nye prova og opplysningane. Det sannsynlege faktumet er at "lånet" var ei "teknisk" bankløysing for å skaffa utanforståande personar til å betala inn eit overtrekk på kontoen, som var misleghalden av Bach fleire gonger. Samstundes kom administrasjonen unna interne reaksjonar ved at ein fekk "skjult" eit usikra overtrekk for styret, kontrollnemnda og internrevisjonen og "skjult" at administrasjonen friviljug hadde sletta pantetrygda utan innbetaling og fmr tilleggskreditten forfall 1. august 1987.
Holtan har heile tida hevda at han ikkje hadde teke imot eit varsel frå banken om at det berre vart fire kausjonistar og ikkje seks. Lagmannsretten må ved å byggja på at han tok imot brevet ha " trudd" på vitna som banken innkalla. På grunn av ufullstendig provføring har lagmannsretten ikkje teke omsyn til at banken heldt unna opplysningar til kausjonisten om ei rekkje omstende som var relevante for kausjonsgjevinga, og som banken var pliktig til å informera han om. Vidare har lagmannsretten lagt vekt på tilhøvet mellom Holtan og Bach på ein måte som det ikkje er grunnlag for, korkje personleg eller økonomisk. Det rette er derimot at det mellom CBK, Sandefjord, og Bach i lang tid hadde vore "nære og langvarige forbindelser". Endeleg har lagmannsretten urett konkludert med at Holtan for retten gjekk frå politiforklaringa med omsyn til kjennskapen sin til overtrekket på kassekredittkontoen til Bach.
Det legislative grunnlaget for oppattakingsinstituttet er at det skal gjevast høve til ny prøving der det er grunn til å tru at den fyrste avgjerda av ein eller annan grunn er urett. Skifteretten hadde kome til eit anna resultat enn lagmannsretten. Alt det grunnlaget som låg føre for lagmannsretten i 1992, var av ein slik karakter at det var vurdert på ein annan måte av ein annan domstol. Det er no i tillegg dokumentert at banken har halde attende avgjerande opplysningar som viser at det ikkje vart gjeve ei korrekt utgreiing om faktum på eit heilt sentralt punkt - grunngjevinga for kvifor ein fekk i stand konstruksjonen med lån og kausjonistar i september 1987. Det er såleis openbert at lagmannsrettsdomen er urett både i premissar og konklusjon.
Arne Vidar Holtan har sett fram slik påstand:
1. Agder lagmannsretts sak 91-00347 A gjenopptas.
2. Sandefjord skifteretts dom i sak nr. 50-1990 A, pkt. l og 2 stadfestes.
3. Christiania Bank og Kreditkasse ASA, avd. Sandefjord dømmes til å betale saksomkostninger til Arne Vidar Holtan for skifteretten og for lagmannsretten."
Christiania Bank og Kreditkasse AS har halde fram at ei rekkje av dei tilhøva som Holtan har trekt fram, er kjende tilhøve som ein samreystes lagmannsrett tok stode til. Usemje i vurderingane i domen kan ikkje takast med som grunnlag for oppattaking. I tvistemålsloven §407 fyrste leden nr. 6 vert det som vilkår for oppattaking for det fyrste føresett at det vert opplyst "en ny kjendsgjerning eller skaffes frem et nyt bevis". Det einaste nye som er framlagt, er det omstendet at ein obligasjon til banken på kr 5.000.000 med pant i Giovanni-bygget vart tinglyst 26. mai og avlyst 5. juni 1987. Men dette har ikkje noko å seia for kausjonssaka, av di Holtan kausjonerte etter at obligasjonen var sletta. Då saka var oppe for domstolane, provoserte Holtan framlagt ei rekkje dokument frå banken. Provokasjonane gjekk ikkje på dokument som galdt trygdgjeving. For det andre foreset lova at eit nytt omstende eller prov, åleine eller i samanheng med det som tidlegare er framført, apenbart maatte ha medført en anden avgjørelse". Det vert etter rettspraksis sett svært strenge krav til tyngda av dei omstende eller prov som skal vera grunnlag for å ta ei sak oppatt. I dette tilfellet vert det vist til eit tilhøve som ikkje har noko med kausjonen og kausjonsgjevinga å gjera. Holtan kjende seg pressa til å kausjonera for å hindra tap på usikra lån til Ole Christian Bach og vidare hindra tap på anna kausjonsansvar på kr 3.700.000 for Bach sitt lån i Den norske Bank. Holtan tok ikkje noko atterhald om realtrygd. Også for skifteretten og lagmannsretten hevda Holtan at banken ved kausjonsgjevinga oppnådde trygd for eit uteståande krav mot Bach som elles ville ha vore tapt.
Det er Holtan som må gjera det sannsynleg at det ikkje ligg føre tilhøve som etter tvistemålsloven §407 andre leden 2. punktum er til hinder for oppattaking. Dersom han meinte at Bach si trygdgjeving overfor banken var eit viktig emne, kunne han ha provosert fram opplysningar om dette medan saka stod for domstolane. Dei opplysningane som no vert framlagde, har Holtan fått frå offentlege register. Dersom han kan lastast for at han ikkje granska dette tidlegare, er det ikkje heve til å ta oppatt saka.
Holtan har sett fram fleire provokasjonar for om mogeleg å styrkja oppattakingskravet. Men det er ikkje høve til å krevja oppattaking på eit grunnlag som ikkje held, "for deretter gjennom provokasjon og krav om pålegg om fremleggelse å søke fremskaffet ytterligere materiale i håp om at dette må være mer holdbart", jf. orskurd attgjeven i Bøhn/Strenge Næss, Avgjørelser av Høyesteretts kjæremålsutvalg side 466-67.
Kravet om å ta oppatt saka, kan openbert ikkje føra fram, og bør forkastast utan hovudførehaving etter tvistemålsloven §412 fyrste leden.
Banken har sett fram slik påstand:
1. Begjæring om gjenopptakelse datert 25. mars l996 forkastes.
2. Arne Vidar Holtan dømmes til å betale sakens omkostninger. "
Lagmannsretten er komen til at kravet om oppattaking kan forkastast utan hovudførehaving, jf. tvistemålsloven §412 fyrste leden 2. punktum.
Saka om kausjonsansvaret, som enda med lagmannsrettsdom 22. mai 1992, er kravd oppatteken fyrst og fremst med tilvising til tvistemålsloven §407 fyrste leden nr. 6. Etter denne føresegna kan det krevjast oppattaking når det "oplyses en ny kjendsgjerning eller skaffes frem et nyt bevis, som alene eller i forbindelse med det, som tidligere er fremført, aapenbart maatte ha medført en anden avgjmrelse". Kva som nærare ligg i dette, er presisert av Hegsterett i avgjerda i Rt-1939-801.
"Det må med andre ord være helt klart ikke bare at domsresultatet kunde ha blitt eller sannsynligvis vilde ha blitt et annet, men at det nødvendigvis vilde ha blitt et annet om de nye opplysninger hadde foreligget før dommen, og det uten hensyn til om retten var satt med de samme eller med andre dommere."
Det nye omstendet som er opplyst i samband med kravet om oppattaking, er at banken i mai 1987 fekk etablert realtrygd for overtrekket på kassekredittkontoen til Ole Christian Bach og let avlysa pantobligasjonen etter stutt tid. Lagmannsretten har i sine domsgrunnar bygt på at banken fleire gonger hadde teke opp med Bach å få overtrekket nedregulert, eventuelt få det sikra med realtrygd, og at eit forsøk på det siste ikkje førde fram (domsutskrifta side 8).
I samband med lagmannsrettssaka i 1992 var det framlagt eit notat dagsett 19. november 1987 frå banksjef Thor Hagberg, der det var opplyst at banken den 20. mai 1987 hadde teke imot ein pantobligasjon på kr 5.000.000, som ikkje vart tinglyst av di ein obligasjon til Oslobanken "kom imellom". Vurdert i ljos av dei no framlagde opplysningane, kan det som er nemnt i notatet ikkje vera rett. Det viser seg at obligasjonen til Oslobanken vart tinglyst etter tinglysinga av obligasjonen til CBK.
Ein kan likevel ikkje sjå at den urette opplysningane på dette punktet har hatt noko å seia for den vidare drøftinga og domsavgjerda til lagmannsretten i 1992. Lagmannsretten la etter provføringa til grunn at kausjonsgjevinga kom i stand "etter søknad og tilbud fra Bachs side" (side 8 nedst): Jamvel om dette er nemnt i same avsnittet som merknadene om at det fånyttes var freista etablert realtrygd for overtrekket, synest ikkje denne vurderinga å vera eit resultatat av dei urette opplysningane om manglande tinglysing av obligasjonen.
I domen la lagmannsretten vidare til grunn at Holtan før kausjonsgjevinga var kjend med at Bach hadde overtrekt kassekreditten sin, og at Bach hadde økonomiske vanskar (side 9 øvst). Lagmannsretten tok klårt avstand frå forklaringa til Holtan om at han fyrst etter kausjonen fekk vita om desse tilhøva (side 9 midten), og heldt det for usannsynleg at Holtan ikkje kjende til Bach sine problem overfor banken og kva lånet skulle nyttast til (side 9 nedst). Under alle omstende la lagmannsretten til grunn at Holtan hadde knytt seg økonomisk så nær til Bach at han kjende seg pressa til å kausjonera (side 10 øvst), og at det ikkje var avgjerande for saka kva kjennskap Holtan hadde til dei røynlege tilhøva på kausjonstidspunktet, av di han "uansett hadde stilt seg som kausjonist" (side 10 midten).
Når det galdt opplysningsplikta til banken, vart det i lagmannsrettsdomen lagt til grunn at Holtan hadde teke imot brevet frå banken om kausjonen frå han og tre andre namngjevne personar (side 10 midten), og at det elles ikkje spela noka avgjerande rolle for Holtan at det vart fire kausjonistar i staden for seks og kven dei fire var (side 10 nedst med overgang til side 11 øvst). Lagmannsretten såg det vidare slik at "Holtan ville ha stilt seg som kausjonist uansett om han hadde fått de opplysninger fra banken om de reelle forholdene som han hevder ikke å ha fått" (side 11 midten) .
Ein kan som nemnt vanskeleg sjå at det er nokon samanheng mellom dei urette opplysningane om den nemnde pantobligasjonen og vurderingane og konklusjonen til lagmannsretten i domen frå 1992. Det at det ikkje vart opplyst om tinglysinga og slettinga av ein pantobligasjon om lag tre månader før Holtan kausjonerte, kan klårt ikkje ha hatt slike konsekvensar for provsvurderinga til lagmannsretten som det vert hevda av Holtan. Ei rekkje av dei tilhøva som det vert vist til i samband med oppattakingskravet, vart og gjorde gjeldande for lagmannsretten, jf. referatet av Holtans partsutsegner på side 6-8 i domsutskrifta, og er såleis ikkje i noko fall nye omstende eller nye prov.
I sin dom i saka frå 1. februar 1991 hadde Sandefjord skifterett gjeve Holtan medhald og kome til at kausjonsfråsegna var ugyldig. Lagmannsretten kom såleis i sin dom til eit anna resultat, og hadde på sentrale punkt ei anna vurdering av prova enn skifteretten. Skifteretten hadde lagt til grunn at Holtan ikkje kjende til at kausjonen skulle dekkja overtrekk på kassekredittkontoen til Bach (side 10 i domsutskrifta frå skifteretten) og at han ikkje ville ha stilt seg som sjølvskuldkausjonist dersom han hadde visst om dei røynlege tilhmva (side 13). Lagmannsretten nemnde i sin dom at saka i all hovudsak, både faktisk og rettsleg, stod i same stilling for lagmannsretten som for skifteretten (side 3). Det er ikkje sannsynleg at dei urette opplysningane om pantobligasjonen i notatet frå november 1987 - som fyrst synest vera framlagt under ankeferebuinga, jf. vedlegg 5 til prosesskrift 19. september 1991 frå banken - skulle vera grunnen til at lagmannsretten vurderte prova i saka på ein annan måte enn fyrsteinstansen.
Dei no framlagde opplysningane om den nemnde pantobligasjonen er ikkje av ein slik karakter at dei, åleine eller saman med det som før er framført, openbert ville ha ført til ei anna avgjerd i lagmannsretten i 1992, jf. tilvisinga til Rt-1939-801 om forståinga av tvistemålsloven §407 fyrste leden nr. 6. Det er såleis ikkje grunnlag for å ta oppatt lagmannsrettssaka med heimel i denne føresegna.
Vidare er det vist til tvistemålsloven §407 fyrste leden nr. 3, som gjev heimel for oppattaking når m.a. eit vitne har gjeve falsk forklaring eller eit dokument som er nytta, er falsk eller forfalska, og "der er grund til at anta, at dette hat innflydelse paa avgjørelsen". Holtan har i denne samanhengen vist til det framlagde notatet frå banksjef Hagberg dagsett 19. november 1987 med opplysning om at obligasjonen med pant i Giovanni-bygget ikkje vart tinglyst, og til vitneforklaringar i tilknyting til dette. Slik lagmannsretten vurderer tilhøvet med den nemnde pantobligasjonen, og som det er gjort greie for ovanfor, er det ikkje grunn til å rekna med ("anta") at dei urette opplysningane på dette punktet har hatt innverknad på domsavgjerda i 1992. Det er då ikkje grunnlag for oppattaking etter §407 fyrste leden nr. 3, og ein går ikkje inn på dei andre vilkåra i denne føresegna.
Når det ikkje er grunnlag for oppattaking, er det ikkje høve til gjennom provokasjonar og krav om pålegg om framlegging å freista skaffa fram ytterlegare materiale, jf. tilvisinga til Bøhn/Strenge Næss under partsutsegnene til banken. Oppattakingskravet vert difor avgjort utan at lagmannsretten gjev pålegg til banken om å etterkoma nokon av provokasjonane som Holtan har framsett.
Lagmannsretten er som nemnt komen til at oppattakingskravet kan forkastast utan hovudførehaving, jf. tvistemålsloven §412 fyrste leden 2. punktum. Om forståinga av denne føresegna viser ein til Rt-1986-720. Slik lagmannsretten ser det, vil ei handsaming av kravet i hovudførehaving "nødvendigvis ... _føre til at begjæringen blir forkastet" ( Rt-1986-721). Det er ovanfor konkludert med at vilkåra for oppattaking ikkje ligg føre, og slik saka ligg til, må det vera openbert uturvande å halda hovudførehaving for å fastslå dette.
Oppattakingskravet vert etter dette forkasta.
Sakskostnadsreglane i tvistemålsloven §180 vert nytta analogisk ved oppattaking. Holtan bør i samsvar med hovudregelen i §180 fyrste leden bera kostnadene til banken i samband med fmrehavinga av oppattakingskravet. Det er gjeve inn to prosesskrift frå bankens side, og kostnadene kan høveleg setjast til kr 5.000.
Orskurden er samrmystes.
Slutning:
1. Kravet om oppattakin vert forkasta.
2. I sakskostnader for lagmannsretten skal Arne Vidar Holtan betala 5.000 veker etter at denne orskurden er forkynt. - femtusen - kroner til Christiania Bank og Kreditkasse AS innan 2 - to - veker etter at denne orskurd er forkynt.