LG-1997-2188
| Instans: | Gulating lagmannsrett - Dom |
|---|---|
| Dato: | 1998-10-14 |
| Publisert: | LG-1997-02188 |
| Stikkord: | |
| Sammendrag: | |
| Saksgang: | Sunnfjord skifterett Nr. 96-00508 - Gulating lagmannsrett LG-1997-02188. |
| Parter: | Ankande part: A (Prosessfullmektig: Advokat Anders Folkman). Ankemotpart: B (Prosessfullmektig: Advokat Jan C. Dyngen). |
| Forfatter: | Lagdommar Lillebø. Ekstraordinær lagdommar Sæveraas. Byrettsdommar Torkildsen |
| Lovhenvisninger: | Ekteskapsloven (1991) §58, §59, Tvistemålsloven (1915) §160, §174, §180, Skifteloven (1930) §30, Sameigelova (1965) §2, §31, §60, §66, §69 |
Saka gjeld skeivdeling i felleseigeskifte.
Partane har vore ektemakar. Dei gifta seg 14.07.1984 etter å ha vore sambuarar frå 1980, og vart separerte i 1996 etter faktisk samlivsbrot 23.09.1995. Dei er seinare skilde. Fellesbuet vert skifta offentleg ved Sunnfjord skifterett. Partane var usamde om fleire sider i skiftet, og A reiste skiftetvist etter skiftelova -sl.- §30 med påstand om skeivdeling etter ekteskapslova -el.- §59 første ledd for tilsaman kr 633900,- for verdiar i bustadeigedomen deira, naturalutlegg for bilar og nokre andre krav som ikkje er tema i ankesaka. Sunnfjord skifterett sa 09.09.1997 dom med slik slutning:
"1. A, født xx.xx.57, skal på ektefelleskiftet ha seg utlagt ein BMW 525i 1982-modell mot oppgjer i buet.
2. A skal på skiftet ha seg utlagt kr 20 000,- - kroner tjuetusen 00/100 - som skeivdelingsmidler.
3. Saksøkte vert elles å frifinne.
4. X tilhøyrer ektefellebuet.
5. Innan 2 - to - veker frå forkynninga av denne dom skal A betale kr 33 333,33 - kroner trettitretusentrehundreogtrettitre 33/100 - i sakskostnader til B, - - -16, Y."
A anka domen i rett tid for dei krav han ikkje fekk medhald i. B godtok punkt 1 og 2 i domen, og påsto difor skifteretten sin dom stadfesta. Partane vart seinare samde om nokre postar, slik at det lagmannsretten skal avgjere no gjeld A sine krav om skeivdeling for større verdiar i bustadeigedomen og skeivdeling/naturalutlegg i to veteranbilar.
I ankeførehavinga høyrde retten forklaringar frå partane og sju vitne, og det var dokumentasjon slik det står i rettsboka.
Om bakgrunnen for saka ellers, vert det vist til skifteretten sin dom, men av omsyn til referat av partstilførslane og retten si grunngjeving, vert nokre sider nemnde her.
Den største delen av tvistesummen gjeld verdiar i felleshusværet, einebustad i - - - i Y. Tomta var kjøpt frå Y tomteselskap AS, der A sto på tomtesøkjarliste. Partane er usamde om finanseringa. Det var berre A som sto som kjøpar i kjøpekontrakt 02 06 1983 og i skøytet av 26 08 1983. I byggelånet frå mai 1984 sto berre A som debitor, medan det er opplyst at også B var debitor i konverteringslånet.
A sin far C, som var byggeleiar i eit entreprenørselskap, hjelpte mykje til på bygginga i fritida si. Partane er usamde om kor mykje kvar av dei sjølve hjelpte til. Då partane gifte seg 14.07.1984 var huset enten klar til reising eller noko av reisverket var komme opp. Dei flytta inn i 1985. Det har i åra etterpå vore gjort ein del meir med eigedommen, som oppføring av garasje, ferdiggjering av uteområda osv. Etter samlivsbrotet fekk B bruksrett til bustaden i samband med at ho fekk dagleg omsorg for dei to fellesborna, som var fødde i desember 1984 og i desember 1988. Ho har skaffa seg nytt husvære og skal flytte til våren. A har budd hjå foreldra, og det er ikkje avgjort om han skal overta eigedomen eller om den skal seljast.
A sitt krav om skeivdeling/naturalutlegg av to bilar har sammanheng med at han har drive med reparasjon av bilar i fritida. Han kjøpte fleire eldre, eller skadde nyare, bilar, og selde dei etter å ha reparert dei. Tvisten no gjeld om B var med på finansiering og kjøp av ein Chevrolet 1930-modell, og ein Ford Mustang 1974-modell. Skiftetvisten gjalt opphaveleg tre bilar. Den eine er partane samde om, slik at det ikkje er tema no. Ein av bilane, Ford Mustang 1974-modell, gløymde skifteretten å ta med i avgjerda si. Det vart kravd tilleggsdom etter tvistemålsloven §160, men det er ikkje sagt slik dom. Partane er samde om at lagmannsretten likevel bør avgjøre tvisten også om den bilen.
A meiner at vilkåra for å krevje skeivdeling etter ekteskapslova §59 første ledd, er til stades for verdien av tomt og byggeprosjekt då dei gifta seg, for arveforskot og gåve frå foreldra hans seinare, og for to bilar.
Det var ikkje sameige i bustadprosjektet då partane gifte seg. Finansieringa til då hadde A stått for åleine. Han hadde spart opp løn og vinst ved sal av bilar i sambuartida. Partane, som ikkje hadde barn då, hadde ikkje samanblanda økonomi. A tok sin del av dei daglege utgiftene. Det er difor ikkje slik at han kunne spare fordi B sine pengar vart brukte til fellesutgifter. Ho var lærling, og hadde ikkje særleg midlar. A skaffa tomta åleine, han sto på tomtesøkjarlista, fekk byggjelån i eige namn, og gjorde mykje av arbeidet saman med faren. B hadde ikkje bidrege på nokon måte, økonomisk, gjennom heimearbeid osv., som gjorde henne til medeigar. Heile verdien av bustadsprosjektet født xx.xx.1984 var det såleis A som sto for, og den verdien ligg der også på på skjæringstidspunktet for skiftet; 23 09 1995. Han kan då krevje skeivdeling. Verdien av tomta og dette arbeidet er etter takst kr 310000,-.
A krev også skeivdeling for kr 101000,- av midlar han har fått i arveforskot og gåve frå foreldra medan partane var gifte. Han fekk til saman kr 141000,-. Kr 40.000 vart lånt til B i samband med frisørsalongen ho dreiv, og han er samd i at det ikkje kan krevjast skeivdeling for denne summen. Resten, kr 101000,-, har han brukt på bustadeigedomen, slik foreldra ønskte. Han har brukt desse gåvene m.v. til bygging av garasje, opparbeiding av uteanlegg osv. Også desse verdiane er der på skiftetidspunktet, og vilkåra for å kreve skeivdeling etter ekteskapslova §59 første ledd er til stades.
A har også krav på den verdistigninga som skriv seg frå dei nemnde skeivdelingspostane og av verdien av arbeidet han og faren gjorde før partane gifte seg. Etter ferdigtaksten var verdien av det arbeidet som då var gjort rekna til kr 735000,- medan det berre var faktiske utgifter på kr 552100,-. Differansen på kr 182900,- skal godskrivast A på skiftet som skeivdelingsmidlar.
A krev skeivdeling for to veteranbilar, ein Chevrolet 1930-modell og ein Ford Mustang 1974-modell. Det var han som skaffa begge bilane, og verdien var til stades då partane gifte seg. Rett nok var Mustangen kjøpt seinare, men kjøpesummen kom frå ein annan bil A hadde. Det er såleis berre snakk om ombyting av verdiar, og vilkåra for skeivdeling etter ekteskapslova §59 første ledd er likevel til stades. Det er ikkje rett at B betalte noko av kjøpesummen for bilane, eller hjelpte til på annan måte som kan gjere at det ikkje er grunnlag for skeivdeling. A krev og bilane utlagde til seg etter ekteskapslova §66 dersom han får medhald i krav om skeivdeling. Dersom han ikkje får medhald i skeivdelingskravet, er han ikkje interessert i å overta bilane.
Til det rettslege vert det vist til at her ikkje er noko moment som tilseier at partane i samboartida hadde vorte sameigarar. Om det rettslege utgangspunktet vert det vist til Rt-1984-1497. Det var heller ikkje samanblandingsøkonomi som har interesse. Det vert vist til både den nemde Høgsterettsdomen og til dom frå Frostating lagmannsrett av 16.12.1994.
Subsidiært, dersom det var sameige, må A få høgare sameigedel enn ho. Det var hans, og farens, innsats som førte til den største del av verdi. Det vert vist til Rt-1978-1352, spesielt side 1359, og til Lødrup, Familierett side 137.
Etter ekteskapslova §59 første ledd er det krav til klåre bevis, og det kravet er oppfylt. Om innhaldet i provkravet er vist til Holmøys artikkel i Lov og Rett 1997 side 26, Lødrup l.c. side 368, og til førearbeida til el. Dei nemnde stadane går det og fram om den såkalte surrogatproblematikken. Det er ikkje noko krav for skeivdeling at A skal kunne dokumentere alle utgiftene med faktura e.l. Dersom den nøyaktige verdien ikkje kan fastslåast slik, må retten gjere ei provmessig gjennomskjæring.
Det er ikkje grunnlag for å nekte skeivdeling, heilt eller delvis, etter ekteskapslova §59 annet ledd. Det vert vist til Holmøy L.C. side 31 og Lødrup L.C. side 376. Det er A som står for den klart største delen av verdiane som no er til skifte. Om han får skeivdeling slik han har kravd, vil B likevel få meir ut av skiftet enn det ho har bidrege med i opparbeidinga av midlane.
A sin påstand er:
"1. Sunnfjord skifteretts dom av 09.09.97 oppheves hva domslutningens pkt. 3 angår slik at A utlegges følgende verdiar i medhold av ekteskapsloven §59 første ledd:
a. Opparbeidet verdi i eiendommen Gnr 62 Bnr 592 i Y, oppad begrenset til kr 182900,-.
b. Tilført verdier i forbindelse med arv og gave, oppad begrenset til kr 101000,-.
c. Verdien av tomten gnr 62 bnr 592 i Y, oppad begrenset til kr 310000,-.
d. Chevrolet 1930 modell utlegges ham i medhold av ekteskapsloven §59, første ledd jfr. §66.
e. Mustang 1974 modell utlegges ham i medhold av ekteskapsloven §59, første ledd jfr. §66.
2. A tilkjennes saksomkostninger for skifterett og lagmannsrett."
B meiner at skifteretten si avgjerd er rett. Ho godtek såleis skeivdeling for kr 20000,-.
Bustadeigedomen var i sameige mellom partane, også i samboartida. Rett nok var det berre A som sto som kjøpar, sto i skøytet, og det var berre han som stod som debitor for bustadlånet. Konverteringslånet hefta begge for. Desse formalitetane er ikkje avgjerande, sidan det i tilhøve mellom dei var innsats frå begge. Då dei flytta til Y og vart sambuarar i 1980 kjøpte ho ein god del inventar gjennom kjende, som komfyr, vaskemaskin, sofa m.v. Det var fellesprosjekt for partane å skaffe eigen bustad; dei sette opp budsjett og rekna nøye på forbruk osv for å finne ut kor stort lån dei kunne klare å betale. Det var aldri snakk om at det berre var A som skulle stå bak husbygginga. Ho betalte noko av tomta.
Det var heller ikkje så stor skilnad i økonomien deira at det talar mot sameige. A hadde knapt 40.000 i studielån då dei flytta saman, medan ho var skuldfri, og også hadde pengar i banken. Dei tenkte ikkje over at det hadde noko betydning at det berre var han som stod på skøytet, som debitor osv., sidan det var eit fellesprosjekt. Det er rett nok at A og faren gjorde mykje på tomta, men dei hadde også mykje leigd hjelp, slik at verdien av arbeidet til dei to ikkje er så høg som A hevdar. Dei verdiane i tomta m.v. som var då dei gifte seg 14.07.1984, var såleis i sameige.
Subsidiært er B usamd i at summane er så store som A meiner. Råtomta vart kjøpt for kr 93000,-, og verdistigninga til byggeklargjering er i stor grad betalt frå byggelånet.
Arveforskot og gåvene kan det heller ikkje krevjast skeivdeling for. Eitt er om det var gåve berre til A, eller til dei begge. Men jamvel om det berre var til han, er det ikkje prova at desse summane er i behald på skiftetidspunktet. Summane vart sette inn på lønskontoen hans der det var løn og som han brukte til alle utgifter. Det er ikkje prova at desse summane vart brukte i bustadeigedomen, utover dei kr 20000,- som er avgjort i skifteretten. Dei hadde så god økonomi at dei ikkje trong å nytte pengane for det arbeidet som vart gjort på eigedomen under ekteskapet. A har heller ikkje prova at det var desse gåvene som vart nytta til eigedomen, summane kan like gjerne ha vorte brukte til bilane han kjøpte for reparasjon, verktøyet han trong til det osv.
Det er ikkje grunnlag for skeivdeling av verdien av dei to bilane. Delar av kjøpesummen kom frå henne, og det er heller ikkje prova at Mustangen vart kjøpt for pengane A fekk for salet av ein eldre bil.
Subsidiært meiner B at det dersom vilkåra i ekteskapslova §59 første ledd er til stades, bør skeivdeling nektast etter annet ledd. Dei hadde same økonomiske ordninga i sambuartida som i ekteskapet, tok seg av dei same oppgåvene og hadde i det heile sams hushald også i sambuartida. Frå første dag dei fekk byggeplanar, var føresetnaden at det skulle være sams bustad osv. Dersom A får fullt medhald i skeivdelingskravet sitt, vil ho verte sittande att med små verdiar etter 11 års ekteskap og 4 år som sambuar før det.
B sin påstand er:
"1. B frifinnes i forhold til anke.
2. B tilkjennes sakens omkostninger."
Lagmannsretten finn at A kan kreve skeivdeling for tilsaman kr 50000,- frå arveforskot og gåver, men at anken ikkje fører fram utanom det.
Lagmannsretten viser til at det som skal skiftast er verdiane i buet den 23.09.1995 då partane flytta frå kvarandre, jfr. ekteskapslova §60. Nettomidelen på kvar sin rådvaldsdel då, jfr. også ekteskapslova §31, skal etter ekteskapslova §58 delast i to, slik at kvar får halvparten av sin eigen del, og krav på halvparten av den andre sin rådvaldsdel. Dersom vilkåra i ekteskapslova §59 første ledd er til stades, får den andre ikkje buloddskrav for den delen. Utfrå ein del av partsanførslane vil lagmannsretten også nemne at ekteskapslova §58 og §59 er verdireglar, som berre avgjer kor mykje kvar skal få i kroner og øre. Spørsmålet om naturalutlegg gjeld korleis kvar skal få sin del av verdiane; i reine pengar, ved å overta eignalutar o.l.
Dei verdiane på skiftetidspunktet som eventuelt kan skeivdelast etter ekteskapslova §59 første ledd, er verdiar som klårt skriv seg frå (netto)formue parten hadde då dei gifta seg, eller har fått under ekteskapet ved arv eller gåve frå andre enn ektemaken. A har i påstanden konkrete summar, eller avgrensa opp til det. Lagmannsretten meiner at det strengt tatt ikkje er rett å operere med slike konkrete summar allereie fordi at det ikkje er klårt kor stor verdi bustadeigedomen hadde på skiftetidspunktet, jfr. ekteskapslova §60 og §69. Det hadde truleg vore rettare å ha påstand om at han skulle ha skeivdelt ein fastsett del (brøk eller %) av verdien i bustadeigedomen. I samband med skeivdeling av konkrete summar, kan det også visast til reglane om frådrag for gjeld i ekteskapslova §58 tredje ledd. Dersom A får medhald fullt ut i kravet sitt, vil han åleine truleg verte ansvarleg for større del av pantelånet i bustaden, slik at det uansett ikkje ville vere "nettoverdi" for han. Slik tilhøva i saka er, og slik lagmannsretten vurderar saka nedanfor, er det ikkje grunn til å gå nærare inn på dette.
Partane hadde vore sambuarar i 4 år før dei gifta seg. Skjæringstidspunktet for verdiar dei hadde tidlegare er etter ekteskapslova §59 første ledd giftarmålet, og ikkje då dei vart sambuarar. Ei anna sak er at det etter ekteskapslova §59 annet ledd lettare kan verte nekta skeivdeling for verdiar partane skaffa seg medan dei var sambuarar.
Lagmannsretten er usamd med skifteretten i at det ikkje er høve til skeivdeling for verdiar som ligg i sameige mellom ektemakar. Verdien av kvar sin ideelle eigardel i sameige går inn på vedkommande sin rådvaldsdel, og kan i prinsippet skeivdelast dersom vilkåra er til stades. Dersom det vert kravd skeivdeling for en slik ideell eigardel, vil det i regelen føre til at det også skal være skeivdeling for den andre. Det vert vist til Holmøy og Lødrup Ekteskapsloven, side 371 og tilvisinga til førarbeida til lova der.
Det er krav om klåre prov i ekteskapslova §59 første ledd; at verdien "klart kan føres tilbake til ....". Det er den som krev skeivdeling som må prove dette, og dersom han ikkje har slike prov, vert det likedeling. Partane har vore nokså opptekne av at den andre må prove sine påstandar om kva dei har betalt med kvitteringar, fakturaer etc. Lova set ikkje krav om så sterke prov, og det kan være høve til å gje skeivdeling for ein skjønnsmessig del etter provgjennomskjering. Men kravet til klårt prov gjer at skeivdelingsverdien då ikkje kan settast høgare enn det er nokså klåre prov for.
Lagmannsretten meiner at A ikkje har prova at vilkåra for skeivdeling er til stades for det som skriv seg frå verdien i bustadprosjektet då partane gifta seg 14.07.1984. Rett nok var det han som i høve til tredjemann stod som formell eigar, han åleine som fekk tomta tildelt, skreiv under kjøpekontrakt, stod på skøytet, og var debitor for lånet. Dette er moment i vurderinga av om det var sameige eller ikkje, jfr. ekteskapslova §31 annet ledd, men er ikkje avgjerande åleine. Det avgjerande er korleis tilhøva var mellom partane, og der var bakgrunnen slik at lagmannsretten meiner at partane var saman om bustadprosjektet på slik måte at det var skipa sameige. Planane om bygging vart aktualiserte medan partane var sambuarar. Finansieringsplanen tok omsyn til begge sin økonomi, dei var saman om mykje av planlegginga, og meininga var at det skulle være den felles bustaden deira. Tilhøva var såleis annleis enn t.d. i Rt-1984-497, der det var byggeplanar før partane vart sambuarar, og bustaden også var bygd delvis på tomt som var gåve frå mannen sin far. Tilhøva for A og B var i sambuartida både økonomisk og i det daglege dei same som om dei hadde gifta seg då dei vart sambuarar.
Jamvel om det berre var A som sto som debitor på det første byggelånet, fekk B disposisjonsrett til kontoen same dag. Det styrkjer og inntrykket av at byggeprosjektet var noko dei var saman om.
Lagmannsretten finn såleis at bustadprosjektet slik det var, og med den verdi det hadde då dei gifta seg 14.07.84 var i sameige mellom partane. Slik tilhøva er ser lagmannsretten heller ikkje prov som grunnar unntak frå presumsjonsregelen om at sameigarane skal reknast å ha like stor part kvar, jfr. sameigelova §2 og ekteskapslova §31 annet ledd.
Som nemnt hindrar ikkje sameige i og for seg skeivdeling for dei ideelle eigardelane. I Rt-1978-1352, som partane har vist til, var det ikkje felleseigeskifte i det heile. Lagmannsretten forstår partane slik at dei ikkje krev skeivdeling dersom det var sameige med like delar då ekteskapet vart inngått. I den grad A får skeivdeling for den ideelle delen sin, vil som nevnt B nærast automatisk få skeivdeling, jamvel om ho formelt ikkje har påstatt det.
Etter det nemnde resultatet treng lagmannsretten ikkje gå inn på vurdering av ekteskapslova §59 annet ledd. Etter tilhøva vil lagmannsretten likevel seie seg samd med B i at det strengt tatt ikkje er turvande å ta stilling til om skeivdelingsvilkåra er til stades for verdiane som skriv seg frå bustadeigedomen før ekteskapet. Dersom A hadde fått fullt medhald, ville B ha kome så dårleg ut at det ville ha vorte nekta skeivdeling etter annet ledd i ekteskapslova §59, mellom anna sett i samanheng med innsatsen hennar i sambuartida og lengda på ekteskapet.
A har vidare kravd skeivdeling for verdiar avgrensa oppover til kr 101000,- som skriv seg frå arveforskot og gåver frå foreldra medan partane var gifte. Det gjeld tre utbetalingar på høvesvis kr 16000,- kr 20000,- og kr 105000,-. Den siste summen var i samband med at foreldra selde eit gardsbruk, og delte store delar av salssummen på dei tre borna sine. Som nemnt var kr 40000,- lånt ut til B då ho ønskte å få ned kassakreditten i verksemda ho dreiv, og A er samd i at det ikkje er heimel for skeivdeling for verdien av dette lånet. I skifteretten vart A tilkjent skeivdeling for kr 20000,- og B har godteke den avgjerda, medan A vil ha skeivdeling av større sum.
Etter vitneprova frå A sine foreldre legg lagmannsretten til grunn at gåvene var til han, og at dei sa han skulle bruke dei på bustadeigedomen, t.d. til nedbetaling av lån. Etter provføringa er det ikkje klårlagt korleis heile summane har vorte nytta, men lagmannsretten finn godt nok prova at ca halvparten av den summen som no er omtvista, vart investert i bustaden, og er der også på skiftetidspunktet. Det er dokumentert bankkontoutskrift der avdrag på bustadlånet vert trekt frå kontoen der dei kr 105000,- sto, og saldoen var slik at desse avdraga må ha kome frå dette arveforkottet. A seier at han elles brukte pengane på garasje, opparbeiding av hage osv, men at mykje var småkjøp som han betalte kontant over disk, og såleis ikkje kan dokumentere krone for krone. Etter provføringa meiner lagmannsretten at ein god del av desse gåvene vart investerte i eigedomen på denne måten, men at A ikkje har ført gode nok prov for at heile summane, utanom dei kr 40000,-, vart nytta slik. Summane vart ikkje sette på eigne konti eller haldne avsondra frå ektemakane sine andre midlar, og dei kan såleis godt ha gått inn i vanleg forbruk, ha vorte nytta som delbetaling på bilar A kjøpte for reparasjon, eller reparasjonsutstyr. Det kan og tenkjast at større delar vart investerte i bustaden. Men slik kravet til prov er etter ekteskapslova §59 første ledd finn lagmannsretten det vanskeleg å seie at det er klårt at meir enn omlag halvparten av den omtvista summen har vorte nytta til verdiar som skal skiftast. A får såleis skeivdeling for kr 50000,-. Som nevnt er det strengt tatt ikkje den opphavelege summen, men verdien av den på skiftetidspunktet som kan krevjast skeivdelt. Slik saka er lagt opp har ikkje lagmannsretten grunnlag for anna enn å sette skeivdelingskravet til ein slik fast sum.
Lagmannsretten finn heller ikkje at A har prova klårt nok at verdien av dei to veteranbilane skriv seg frå formue han hadde då partane gifta seg, eller ombyting av slik formue. Omstenda kring kjøpa, kvar kjøpesummen kom ifrå osv. er i det heile så uklåre at retten ikkje finn at provkravet i ekteskapslova §59 første ledd er oppfylt. Det kan vere slik A seier, men etter provføringa kan det også vere slik B seier: at ho finansierte deler av kjøpesummen, og ellers var involvert i kjøpa på slik måte at verdien heilt eller delvis skriv seg frå henne. Vilkåra for skeivdeling er såleis ikkje til stades. Som nemnt har A påstand om naturalutlegg av bilane, men han presiserte at det berre gjeld dersom han får medhald i skeivdelingskravet, og at han ikkje er interessert i naturalutlegg dersom verdien av bilane skal likedelast etter ekteskapslova §58. Lagmannsretten treng såleis ikkje ta stilling til kravet om naturalutlegg.
Etter dette har anken delvis ført fram, og sakskostnaden for lagmannsretten skal avgjerast etter tvistemålsloven §174 jfr. §180 annet ledd. Lagmannsretten finn grunn til å nytte unntaksregelen i §174 annet ledd sidan så stor del av arbeid og utgifter har tilknytning til den del av anken som A ikkje fekk medhald i. Skjønnsmessig vert dette sett til halvparten av sakskostnaden. Advokat Dyngen har levert omkostningsoppgåve på kr 56375,- der alt er salær. A må såleis betale B halvparten av denne summen, runda av til kr 28190,-, i sakskostnader for lagmannsretten. Skifteretten si sakskostnadsavgjerd er det ikkje grunn til å endre.
Dommen er samrøystes.
Domsslutning:
1. På fellesiegeskiftet skal A ha utlagt kr 50000,- -kronerfemtitusen00/100- som skeivdelingsmidlar etter ekteskapslova §59 første ledd. Verdien av Ford Mustang 1974-modell skal ikkje skeivdelast. Elles vert skifteretten sin dom stadfesta så langt det er anka over den.
2. A betaler til B innan 2 -to- veker frå forkynning av denne dommen sakskostnader for lagmannsretten med 28190,- -tjueåttetuseneithundreognitti- kroner.