Hopp til innhold

LG-1996-103

Fra Rettspraksis


Instans: Gulating lagmannsrett - Dom
Dato: 1996-11-01
Publisert: LG-1996-00103
Stikkord: Odelsrett
Sammendrag:
Saksgang: Voss herredsrett Nr. 95-00027 A - Gulating lagmannsrett LG-1996-00103 A. Anket til Høyesterett, anken nektet fremmet, se HR-1997-00141K .
Parter: Ankende part: Ingrid Skutle, Skutle, 5700 Voss (Prosessfullmektig: Advokat Klaus Skjeldal, 5701 Voss) Ankemotpart: Lars Skutle, Orrefloten 9, 5700 Voss (Prosessfullmektig: Advokat Sjur Vinje, 5701 Voss)
Forfatter: Lagdommar Nils Skaar Lagdommar Martin Tenold Byrettsdommar Svein Simonnæs, 4 meddommarar
Lovhenvisninger: Odelsloven (1974) §21, Tvistemålsloven (1915) §172, §180


Saka gjeld om odelsløysing skal nektas i medhald av odelslova §21.

Eigedommen Skutle, gnr. 177 bnr. 1 i Voss, er eit gardsbruk på omlag 80 dekar innmark og omlag 500 dekar skog. I tillegg leiger nåverande eigar jord av tre naboer, tilsaman omlag 30 dekar dyrka mark og 35 dekar beite. Garden har stølen Holo, der det vert festa bort tomter som gjev ei årleg inntekt på rundt kr 30000. Skogen har ein tilvekst på omlag 170 kubikkmeter årleg og garden har ein mjølkekvote på 50.000 liter pr. år. Det vert rekna ca to årsverk på bruket. Av bygningar bør nemnast eit våningshus, opprinneleg oppført i 1897. Driftsbygning med grunnflate på ca 200 m2 oppført i 1969/70, og med eit tilbygg på ca 50 m2 oppført seinare. Driftsbygningen inneheld fjøs, mjølkerom, låve, grisehus, gjødselskjellar og to siloar. I tidsrommet 1984-88 vart det bygt kårhus på garden. Kårhuset har ei grunnflate på ca 90 m2. I tillegg har garden eit reidskapshus på ca 120 m2 med innebygd sauefjøs oppført i 1988 og stølshus i Holo. Pr. 1. oktober 1996 omfattar buskapen på garden tolv kyr, seks kviger, tre oksar, tolv kalvar, fem purker og 34 sauer og lam.

Far til partane, Kolbein Skutle, overtok garden frå sin far i 1948. Han eigde og dreiv garden saman med ektefellen, Agnes. Kolbein og Agnes fekk 3 barn, Lars fødd 1950, Maria fødd 1960 og Ingrid fødd 1961.

Lars vaks opp på Skutle. Etter 7-årig folkeskule gjekk han eitt år på framhaldsskule og eitt år på Voss yrkesskule der han tok eksamen i 1966. Seinare (1975) tok han eittårs elementærteknisk utdanning i Bergen. I tida fram til 1970 budde Lars fast heime og tok del i gardsarbeid på vanleg måte. I 1970-71 gjennomførte han militærteneste. Deretter, i perioden fram til 1976, hadde han fleire jobbar innan langtransport og anlegg. I denne tida gjekk han og på skule i Bergen, jfr. ovanfor, og var dessutan ei tid utan arbeid. I 1975 skaffa Lars seg ei tomt på Orrefloten, nær Voss sentrum, og starta husbygging der. I 1976 gifta han seg med Astrid Hamre og flytta til nytt hus på Orrefloten. I tida som fylgde hadde Lars fleire jobbar. I lengre periodar arbeidde han utanfor Voss og var vekependlar. Han har nå arbeid som kranførar. Astrid er utdanna lærar og er tilsett ved Rogne vidaregåande skule. Lars og Astrid har tre barn, fødde i 1978, 1982 og 1986.

Også Ingrid vaks opp på Skutle. Etter avslutta 9-årig ungdomsskule i 1977 gjekk ho tre år på Voss gymnas og eitt år på Voss jordbruksskule, der ho tok eksamen i 1981. Ingrid har budd på garden heile livet, først saman med foreldra og seinare i kårhuset som vart teke i bruk i 1986. Same året flytta Hans-Ove Øvsthus saman med Ingrid. Dei to gifta seg i 1991. Ingrid og Hans-Ove har tre barn, fødd i 1988, 1991 og 1994. Ingrid har arbeidd på garden i heile sitt yrkesaktive liv. I tillegg har ho - i korte periodar - hatt litt lønna arbeid utanom. Hans-Ove har hatt lønna arbeid utanom bruket etter at han kom til Skutle, men er nå oppsagd og arbeidslaus.

Som nemnt ovanfor dreiv Kolbein Skutle garden saman med kona si etter at han overtok i 1948. Hausten 1979 vart Kolbein utsett for ei traktorulukke. Ulukka førde til sjukehusopphald i ca to månader og sjukemelding i omlag eitt år. I 1983 inngikk Kolbein avtale med Ingrid om felles driftsansvar på garden og deling av overskotet. Samstundes overførde han kr 40.000 til ein driftskonto i Ingrid sitt namn. Seinare har Ingrid disponert kontoen og hatt ansvaret for alle inn- og utbetalingar. Reknskapen har vore sett bort til eit reknskapsfirma.

I mai 1988 overdrog Kolbein Skutle alle driftsmidlane på garden, medrekna buskapen, til Ingrid. Det vart skrive kjøpekontrakt som fastsette kjøpesummen til kr 434500. Av kjøpesummen vart kr 140.000 betalt ved motrekning i Ingrid sitt tilgodehavande i gardsdrifta, dvs. hennar del av driftsoverskotet som ikkje var teke ut tidligare. Resten, kr 295500, vart gjort opp som forskot på arv.

Agnes Skutle døydde i 1993.

Sommaren 1994 fekk Lars tilbod frå far sin om å overta garden. Ingrid meinte ho hadde fått lovnader om overtaking og tok til motmæle. Det kom til konfrontasjonar og utgangen vart at Kolbein Skutle skøyta garden til Ingrid den 29. desember 1994. I samband med overdraginga vart det inngått to avtalar mellom Kolbein Skutle som seljar og Ingrid som kjøpar. Den eine avtalen sikra Kolbein burett m.v. og er utan interesse for tvisten. Den andre avtalen har følgjande innhald:

"Mellom Kolbein L. Skutle, personnr. - - - - - og Ingrid Skutle, personnr. - - - - er det i dag inngått slik avtale i samband med overdraging av gnr. 177 bnr. 1 i Voss til Ingrid Skutle.

1. Det er mitt ynskje at mine tre born i lag kan bruka stølen Holo.

Det er likevel kun mitt ynskje og ikkje ein forpliktelse.

2. Kolbein Skutle har i samband med framkøyring av 60 m3 tømmer dei to fyrste åra etter overdraging rett til å bruka traktoren, ein Fiat 640. Vidare har Kolbein Skutle rett til å bruke den same traktoren når han ryddar og plantar i skogen seinare.

3. I samband med grensegangen mellom nabobruket og gnr. 177 bnr. 1 i Voss skal Kolbein Skutle framleis av praktiske grunnar ta seg av grensegangen på stølseigedomen i Holo. Grunnen til dette er at det er han som kjenner det meste av merka.

4. Kolbein Skutle skal ha rett til fri brendsel og mjølk til eige bruk så lenge han ynskjer.

I dei to åra Lars Skutle har på seg for å løysa garden på odel, som vi forstår han vil, er det ikkje høve for Ingrid Skutle til å byggja noko eller foreta store påkostnader elles. Heller ikkje skal garden verta forringa på annan måte.

5. Ingrid Skutle skal utbetala kr 500000,- for gardskjøpet 250000,- til kvar av syskena. Imidlertid har ho rett til å venta i to år med dette. Grunnen til dette er at det er Lars K. Skutle som har best odelsrett til garden, og han har rett til å trekkja garden på odel i løpet av dei to fyrste år.

6. Med i overdraginga følgjer alle hus, herunder bustadhus bygt i 1897 og kårhus som underskrivne og Ingrid K. Skutle har bygd i lag i 1987.

Tømmeret er hogge i Kolbein Skutle sin skog og skåren på hans sag. Imidlertid har Ingrid Skutle hatt utgifter til oppsetting av dette huset.

I samband med dette skal det nemnast at driftsbyggingen var bygd i 1969 av Kolbein Skutle og Lars K. Skutle.

Med i overdraginga høyrer også stølen Holo og hyttefeltet Stuaset Holo, der det er ei årleg utbetaling på kr 22000,-.

Kolbein Skutle har rett til utbetalinga for 1994, som vert utbetalt februar 1995.

Det står også noko att i ei fellskasse i samband med desse utbetalingane, og dette har også Kolbein Skutle rett til.

Denne overdraginga er gjort i forståelse både med Lars Skutle og Ingrid Skutle, idet ein må rekna med at Lars Skutle vil reisa odelssak innan to år, etter dei opplysningane som er gjevne."

Ved stemnemål datert 7. mars 1995 til Voss herradsrett, reiste Lars søksmål mot Ingrid med krav om odelsløysing. Ingrid tok til motmæle og kravde seg frifunnen. Voss herradsrett sa dom i saka den 18. juli 1995. Dommen har slik domsslutning:

"1. Ingrid Skutle vert kjend pliktig til å gje skøyte på eigedommen gnr. 177 bnr. 1 i Voss til Lars Skutle for odelstakst med frådrag av økonomiske heftelser.

2. Sakskostnader vert ikkje tilkjent."

Dommen var ikkje samrøystes. Ein av dommarane stemte for å frifinne Ingrid Skutle. Ingrid Skutle har i rett tid anka dommen til Gulating lagmannsrett. Lars Skutle har gjeve tilsvar til anken og teke til motmæle. Lagmannsretten gjennomførde ankeforhandling i saka på Voss og i Bergen den 7., 8., 9. og 10. oktober 1996. Partane møtte saman med sine prosessfullmektigar. Partane gav forklaring. Lagmannsretten var på synfaring og høyrde tolv vitne, av desse eitt gjennom dokumentasjon av bevisopptak. Det vart elles føreteke slik dokumentasjon som rettsboka viser.

Ingrid Skutle gjer i hovudsak gjeldande:

Odelsløysing må nektas i medhald av odelslova §21, fordi det vil vera klart urimeleg om Lars Skutle får driva Ingrid bort. Kriteria i §21 første ledd 2. punktum er oppfylde. Det er då presumpsjon for å nekta løysing.

Ingrid har vore heime og hjelpt til på garden. Det gjeld sjølv om ho har lagt seg opp pengar slik at ho i dag har bankinnskot på noko over ein million kroner. Sparinga har i hovudsak skjedd etter januar 1987 slik at ho i alle høve fram til då må seiast å ha hjelpt til på garden.

Ingrid sin innsats på garden har vore svært stor. I heile oppveksten har ho delteke i gardsarbeidet, etterkvart i vesentleg større omfang enn det som er vanleg. Etterkvart overtok ho ansvaret for drifta. I tillegg til vanleg gardsarbeid har ho teke del i nydyrking, grøfting, planering og bygging. Mellom anna faren si traktorulukke i 1979 førde til at ho fekk stort ansvar i relativt ung alder. Etter at ho var ferdig med jordbruksskulen auka innsatsen mykje. I tillegg til det tradisjonelle gardsarbeidet tok ho også del i stell og pleie av bestemor si, som døydde i 1978 og faren sin onkel, som døydde i 1985. Både bestemora og faren sin onkel budde på garden. Ingrid har aldri teke ut lønn på vanleg måte. Utgifter, både eigne og foreldra sine, har blitt dekka over garden sin driftskonto. Mykje har gått til investeringar og vedlikehald av garden og driftsapparatet. Resten har blitt ståande på kontoen.

Lars sin innsats på garden har vore liten. Etter 1970 har han berre sporadisk teke del i gardsarbeidet. Han har aldri vore særleg interessert i bondeyrket. I lange periodar har han dessutan vore avskoren frå å ta del i gardsdrifta pga eige arbeid.

Arbeidsinnsatsen har knytta Ingrid til garden på ein særleg måte. Ho har dessutan budd der heile livet. Lars har ikkje slik tilknytting. Etter 1976 har han budd i eige hus på Orrefloten.

Ingrid har med god grunn lenge gått ut frå at ho skulle få overta garden. Faren markerte dette alt i 1983 då han etablerte felles drift med Ingrid, seinare då kårhuset vart bygt og då Ingrid overtok driftsmidlane i 1988. Lars har på si side ikkje hatt nokon grunn til å rekna med overtaking. Allereie husbygginga på Orrefloten i 1976 var eit bevisst val frå hans side. Han har heller ikkje utdanna seg for jordbruk. Han starta i staden på ingeniørutdanning, som viser andre interesser og andre planer. Før 1994 markerte han aldri for Ingrid at han hadde til hensikt å nytta odelsretten for å overta garden. Det er ikkje rett at han markerte eit slikt syn til Ingrid og faren på Skutle ein gong i romjula i 1982. Hevdar han noko anna må han føra fullgode bevis.

Det vil tvillaust vera til beste for garden at Ingrid får behalda eigedommen. Partane si ulike utdanning og yrkespraksis tilseier det. Odelsløysing vil dessutan få dramatisk større konsekvensar for Ingrid enn for Lars.

Ingrid Skutle har lagt ned slik påstand:

"1. Ingrid Skutle vert frifunnen.

2. Ingrid Skutle vert tilkjent sakskostnader både for herads- og lagmannsrett."

Lars Skutle gjer i hovudsak gjeldande:

Løysingskravet må føra fram. Odelslova §21 er ein unntaksregel som ikkje kan nyttast i dette høvet. Både førearbeida til lova og rettspraksis viser at §21 lyt tolkast svært strengt. Det skal mykje til før ein kan sei at løysing er klårt urimeleg.

Odelsløysing fører alltid til at eigaren lyt flytta. Ulempene knytt til sjølve flyttinga er difor ikkje noko argument for bruk av §21. I denna saka kan det leggjast til at reglane om odelsløysing har vore godt kjende på Skutle. §21 stiller ikkje noko krav om at den eldste må verta buande heime for å unngå at han seinare vert nekta å løysa garden. Han må fritt kunna ta anna arbeid. Lova stiller heller ikkje opp noko krav om at han lyt ta utdanning innan landbruk og krev ikkje at han tek på seg noko særskilt ansvar for omsorg av familien. Det kan i det heile ikkje krevjast at han "ofrar seg" for garden i tida fram til overtaking vert aktuelt.

Lars har ikkje innretta seg på noko anna måte enn det som må reknast å være vanleg og naturleg for ein odelsgut i hans situasjon. Under heile oppveksten tok han del i gardsarbeidet og vart buande heime til han var 20 år gamal. Dei siste fire åra gjekk han ikkje på skule. Han arbeidde på garden utan anna vederlag enn lommepengar. Deretter utførde han militærteneste og fekk seg lønna arbeid utanfor garden slik naturleg var. I tida fram til han gifta seg og flytta inn i nytt hus på Orrefloten i 1976, budde han framleis på Skutle. Om han var mykje borte på arbeid som vekependlar deltok han framleis i gardsarbeidet i helger og feriar. Han er knytt til garden på same måte som syskina sine.

Ingrid har ikkje hatt nokon grunn til å rekna med at ho skulle få overta garden. Lars har aldri sagt frå seg odelsretten til fordel for henne. Tvert om har han ved fleire høve gjort det klart at han hadde til hensikt å nytta odelsretten når det vart aktuelt. Ein gong i romjula i 1982 kom dette opp særskilt, med både faren og Ingrid til stades. Ingrid reagerte då så sterkt at han seinare fann det vanskeleg å diskutera spørsmålet med henne direkte, men tok det opp att med foreldra sine ein gong ut på nyåret i 1983. Ingrid har seg sjølv å takka dersom ho har vore i tvil om Lars sitt standpunkt. Ho har heile tiden hatt rikeleg høve til å ta spørsmålet opp med Lars direkte, og ville i så fall fått klart svar. Når ho ikkje tok spørsmålet opp, kan det berre forklarast med at ho må ha vore klar over kva svar ho ville få.

Husbygginga på Orrefloten er ikkje noko argument for å nekta løysing. Lars vurderte å byggja på Skutle, men faren kontakta teknisk etat og fekk opplyst at det ville by på store vansker å få byggjeløyve. Foreldra var positive til byggjeplanane på Orrefloten, faren hjelpte til med både tømmer og arbeid.

Det er heller ikkje noko argument for å nekta løysing at Ingrid gradvis har overteke drifta og driftsmidlane. Avtalen om kjøp av driftsmidlane i 1988 var ukjent for Lars fram til 1994, då spørsmålet om odelsløysing kom opp. I ettertid har det vist seg at heller ikkje faren har hatt full innsikt i avtalen. Mellom anna har faren ikkje forstått at avtalen også omfatta buskapen.

Det som har skjedd på garden må elles vurderast på bakgrunn av den relativt store alderskildnaden mellom Lars og Ingrid. Lars vart vaksen då foreldra var relativt unge. Det var difor både rett og naturleg at han skaffa seg lønna arbeid utanfor garden og elles etablerte seg slik han har gjort. På garden var det korkje plass eller inntektsgrunnlag for meir enn ein familie. Då Ingrid vart vaksen hadde tilhøve endra seg. Det er difor forståeleg at ho vart verande heime, men det kan ikkje nyttast som argument for å nekta løysing. Det gjeld særleg når Lars etter kvart forstod at han var lite velkommen på Skutle og helst burde halda seg borte.

Lars Skutle har lagt ned slik påstand:

"1. Herredrettens dom stadfestes for så vidt angår pkt. 1.

2. Lars Skutle tilkjennes sakens omkostninger for herreds- og lagmannsrett."

Lagmannsretten ser saka slik:

Eigedommen partane tvistar om er odelsjord. Lars har betre odelsrett enn Ingrid og har reist odelssøksmål i rett tid. Utgangspunktet er då at han kan gjennomføra odelsløysing.

Odelslova §21 er ein unntaksregel som åpnar for å nekta løysing i enkelte særlege høve. Kravet er at løysing vil vera klårt urimeleg. Det går fram av både førearbeida til lova og seinare rettspraksis at regelen må tolkas strengt, dvs at det skal mykje til for å slå fast at løysing vil vera klårt urimeleg. Det er ikkje meininga domstolen skal vurdera kven av partane som bør få eigedommen utfrå kva den meiner er det rimelegaste resultatet. Utgangspunktet er at den eldste har best odelsrett og dermed rett til løysing. Nekting krev ei særleg grunngjeving. I førearbeida til lova er det uttrykt slik at det må vera "ei monaleg overvekt av omsyn som talar mot å tillate løysing." Avgjerda må tuftast på ei vid skjønnsmessig vurdering knytt til den aktuelle saka. §21 nemner nokre viktige moment for denne vurderinga, men opprekninga er ikkje uttømmande. Ein må likevel kunne gå utfrå at dei omsyn som lova nemner særskilt, er omsyn lovgjevaren meiner er dei mest aktuelle og difor slike som domstolen må vera særskilt merksam på.

Rettspraksis gjev nokre haldepunkt for kva moment som bør vera med i vurderinga og korleis dei bør vektleggast. I Rt-1978-268 flg seier Høgsterett mellom anna følgjande om dette: ".... og bestemmelsen finner da anvendelse når de interesser som odelsløseren fremmer, er så beskjedne etter art og styrke i forhold til hva saksøkte i tilfellet må ofre at resultatet blir klart urimelig."

Begge partar har vist til rettspraksis som støtte for sitt syn. Av høgsterettspraksis er - i tillegg til dommen nemnd ovanfor - vist til Rt-1979-1534, Rt-1984-1339 og Rt-1985-28. Felles for all rettspraksis knytt til odelslova §21 er at avgjerdene er knytt opp til ein konkret situasjon som på fleire viktige punkt er ulik denne saka. Noko rettleiing finn ein likevel, særleg med omsyn til kva moment som bør telja med i vurderinga. Mellom anna viser rettspraksis at det må leggjast vekt på kva tilknytting partane har til odelseigedommen, og - for eigaren sitt vedkommande - kva han har hatt grunn til å rekne med frå den eldre sin side.

Lagmannsretten har kome til at det i denne saka ville vere klårt urimeleg å la Lars få drive Ingrid bort. Løysing bør difor nektast.

Det vert lagt til grunn at Lars tok del i gardsarbeidet på vanleg måte i oppveksten og at han også seinare ytte hjelp, men at innsatsen berre har vore sporadisk etter at han bygde hus og stifta familie i 1976. Han kan sjølvsagt ikkje kritiserast for den måten han har innretta seg på, men det må telja med i vurderinga at han - særleg etter 1976 - har vist liten interesse for garden. Gjennom husbygging og yrkesval har han og markert at garden har betydd lite. Dersom han heile tida har meint å villa nytta odelsretten sin, burde han ha markert dette tidligare, særleg av omsyn til Ingrid. Lagmannsretten tek ikkje standpunkt til kva som kan ha vorte sagt partane imellom i romjula i 1982. Sjølv om Lars den gongen sa at han ikkje ville seia frå seg odelsretten, vart det ikkje fylgt opp frå hans side. I åra etter 1982 vart Ingrid i aukande grad knytt til eigedommen utan fleire reaksjoner frå Lars si side.

Ingrid har for sin del tidleg vist særleg interesse for landbruk. Ho vart oppmuntra av foreldra sine, tok landbruksutdanning og satsa i aukande grad på overtaking av garden. Etableringa av felles driftsansvar i 1983 og overtaking av driftsmidlane i 1988 må ha skjedd i full forståing med begge foreldra. Det same gjeld sjølvsagt bygginga av nytt hus på garden. I tillegg kjem ein stor arbeidsinnsats. Innsatsen har gått langt utover det som må reknast som vanleg, og har i tillegg til det tradisjonelle gardsarbeidet omfatta deltaking i nydyrking, planering, byggjearbeid av ymse slag og stell og pleie av bestemora og faren sin onkel. Innsatsen var så ekstraordinær at den vart lagt spesielt merke til av naboar og andre kjente. Etter 1986 har også Ingrid sin ektefelle teke del i gardsdrifta.

Fleire år før odelssøksmålet vart reist, sa Ingrid sin ektemake frå seg odelsretten til slektsgarden sin på Øvsthus til fordel for ein yngre bror. Dette underbyggjer at Ingrid og mannen hennar må ha følt seg trygge på at ho fekk overta garden på Skutle.

Lagmannsretten legg ikkje vesentleg vekt på at Ingrid har sparepengar utover det som er vanleg for folk i hennar situasjon. For det første har oppsparinga i hovudsak funne stad etter 1987. For det andre har ektemannen vore i fullt lønna arbeid fram til nyleg. For det tredje tyder alt på at familien har hatt eit svært lågt privatforbruk.

Sjølv om Ingrid vil kome greitt ut av det økonomisk, har ho satsa så fullhjarta på overtaking av eigedommen at odelsløysing i dag for henne må verta ein katastrofe. På den andre sida vil nekting neppe skipla noko vesentleg for Lars. På dette grunnlag og under tilvising til føreståande, vert Ingrid frifunnen.

Under tilvising til tvistemålsloven §180 annet ledd, jfr §172 første ledd, vert Lars pålagd å betala sakskostnader til Ingrid for både heradsretten og lagmannsretten. Det ligg ikkje føre slike omstende som gjev grunnlag for å nytta unntaksregelen i §172 annet ledd. Advokat Skjeldal har levert kostnadsoppgåve som viser eit samla krav på kr 150501. Sakskostnadene for heradsretten utgjer kr 59444, av dette er kr 58.000 salær. Sakskostnadene for lagmannsretten utgjer kr 91057, av dette er kr 62.000 salær. Det er ikkje kome motsegner til kostnadsoppgåva og lagmannsretten legg den til grunn.

Dommen er samrøystes.

Domsslutning :

1. Ingrid Skutle vert frifunnen.

2. For heradsretten og lagmannsretten betalar Lars Skutle sakskostnader til Ingrid Skutle med kr 150.501 -kronereitthundreogfemtitusenfemhundreogein-, innan 2 -to- veker rekna frå forkynning av dommen.