Hopp til innhold

LG-1996-1420

Fra Rettspraksis


Instans: Gulating lagmannsrett - Dom
Dato: 1996-03-18
Publisert: LG-1996-01420
Stikkord:
Sammendrag:
Saksgang: Sunnhordland heradsrett Nr. 96-00068 - Gulating lagmannsrett LG-1996-01420. Anke nektet fremmet for Høyesterett, se HR-1997-00422K .
Parter: Ankande part: A (Prosessfullmektig: Advokat Aage Mjeldheim) Motpart: B (Prosessfullmektig: Advokat Rune Torske)
Forfatter: Lagdomar Selvik Ekstraordinær lagdomar Ekeberg Byrettsdomar Macody Lund
Lovhenvisninger: Barneloven (1981) §34, Tvistemålsloven (1915) §172, §180, §38, Barneloven (1981)


Saka gjeld tvist mellom foreldre som ikkje bur saman, om kven som skal ha den daglege omsorga for to fellesborn.

Partane i denne saka, B og A gifte seg 15. februar 1991. Dei hadde då vore sambuarar sidan sommaren 1990. I ekteskapet er to born, C, f. 1991, og D, f. 1992. Dei fekk seg leilegheit på Stord, men flytta sommaren 1991 til X der A som er systemingeniør, vart tilsett i eit firma der han dreiv med prosjektarbeid. Den tida dei var der, budde dei to stader som låg heller nær einnannan, Y og Z, men flytta i november 1993 tilbake til Stord til den tidlegare leilegheita deira. A måtte då pendla mellom Stord og X, ein halvtimes reise kvar veg. Etter ei tid sa han opp, og gjekk over til å arbeida som sjølvstendig konsulent for den tidlegare arbeidsgjevaren sin. Før oppseiingstida var ute, vart han sjukmeld og var heime i 6 månader. Medan A var heime og stelte borna i denne tida, var B i fullt arbeid som tavlemontør i Æ. Seinhaustes 1994 reiste dei til Ø ved Drammen. Dei delte der ein jobb, A arbeidde 4 dagar i veka, B ein dag. Ho arbeidde som elektrikar, han med å effektivisera bruken av datautstyr m.v. B reiste derifrå 7. mars 1995 til Stord saman med borna på ferie, men kom ikkje tilbake, og dei har seinare ikkje hatt noko samliv.

I eit brev til A 13. mars 1995 skreiv B at ho ville ta ut separasjon. A vart framleis verande på Ø ei tid, men reiste så til barndomsheimen sin i - - -dalen i Å der han seinare har budd. Foreldra hans har her eit gardsbruk som han har odel til, og det er meininga han skal overta denne garden (faren er 63 år). No er han avløysar på garden. Ved sida av driv han med noko prosjektarbeid som gjev litt inntekt.

B bur no i den tidlegare felles leilegheita på Stord og er i arbeid 4 dagar i veka som tavlemontør. Dei to borna har plass i barnehage, 3 km frå bustaden.

Etter lovleg mekling vart partane formelt separerte i mai 1995. I samband med separasjonen kom dei fram til ein avtale om felles foreldreansvar for borna, om at B skulle ha den daglege omsorga for dei og om samværsordning for A.

Seinare har A kravt å få den daglege omsorga for borna og reiste søksmål for Sunnhordland heradsrett om dette. Heradsretten sa 31. mai 1996 dom i saka med slik domsavgjerd:

"1. B skal ha den daglige omsorg for barna C, f. 1991, og D f. 1992.

2. A plikter å betale saksomkostninger til B v/advokat Trond Lexau, med kr 18400,- - kronerattentusenfirehundre - innen 14 - fjorten - dager fra forkynnelsen av denne dom."

Samstundes sa retten orskurd etter barnelova §38 om at B skulle ha den daglege omsorga for borna inntil rettskraftig avgjerd låg føre. Denne orskurden er ikkje påkjært.

Elles kom ein under hovudforhandlinga for heradsretten fram til eit rettsforlik om omfanget av samværsretten for den som ikkje fekk den daglege omsorga. Partane er og samde om at dei skal ha foreldreansvaret saman. Begge partane er og einige om at borna ikkje må skiljast, og at den som får den daglege omsorga, skal ha omsorga for begge borna.

A har ved advokat Aage Mjeldheim i rett tid anka dommen inn for lagmannsretten og har sett fram slik påstand:

"1. A skal ha daglig omsorg for barna C og D.

2. Det offentlige tilkjennes sakens omkostninger for såvel herredsrett som lagmannsrett."

Det er å merka at A har fått fri sakførsel for lagmannsretten.

B har ved advokat Rune Torske gjeve tilsvar og sett fram slik påstand:

"1. Sunnhordland herredsretts dom av 31. mai 1996 stadfestes.

2. B tilkjennes sakens omkostninger."

Ankeforhandling vart halde i Bergen 26. og 27. februar 1997. Partane og prosessfullmektigane møtte, og partane forklarte seg. Det vart avhøyrt 4 vitne og elles føreteke slik dokumentasjon som rettsboka viser.

Når det elles gjeld det nærare faktiske saksforholdet og kva partane gjorde gjeldande for heradsretten, viser ein til dommen i heradsretten.

Den ankande parten har peika på at kriteriet for den avgjerda som skal takast, er kva som vil vera til det beste for borna, jfr. barnelova §34. Høgsterett har gjennom langvarig praksis vore inne på dei moment som må tilleggjast vekt i denne samanhengen, og avgjerda må byggjast på ei heilskapsvurdering av desse momenta. I Karnovs lovsamling 1978 flg. er gjeve eit oversyn over dei. Det er å merka at morspresumsjonen, det forholdet at mor skulle ha føreretten til den daglege omsorga for born under skulealder, fall bort ved barnelova av 1981.

Borna har sterk tilknyting, er trygge på og har god kontakt med begge foreldra. Ingen av foreldra står på dette området sterkare enn den andre. Som omsorgspersonar står såleis begge foreldra likt.

Når det gjeld personlege eigenskapar har far ei fast og tolmodig haldning til borna og passar på at grenser blir haldne. C har i tidlegare år hatt åtferdsvanskar, men dette betra seg det halvåret far passa borna. At far tilhøyrer Adventistsamfunnet, verkar berre positivt for borna, dei vil få ei fast og trygg oppseding hos han. Han vil betre kunne takla borna sine spesifikke behov. Mor er meir usikker og ustabil i forhold til borna. Såleis kan nemnast flyttinga frå Ø då borna vart rivne bort frå heimen. Ho har etter separasjonen hatt to nye parforhold og har gått inn og ut av trussamfunn.

Då borna er så små, kan deira ynske ikkje leggjast særleg vekt på no.

Partane har i ekteskapet flytta mykje, men denne flyttinga har skjedd medan borna var små, og det er ikkje grunn til å tru at dei har teke skade av det då dei heile tida har hatt omsorgspersonane rundt seg. Dei har nok tilknyting til Stord, men og til - - -dalen i Å der dei har vore mykje, og det føreligg ingen fare ved miljøskifte. Borna er like trygge begge stader, men stabiliteten vil vera best i Å.

Far har ein einebustad i tilknyting til gardsbruket i Å og betalar ikkje husleige for denne. Han er heimeverande på heiltid og har godt høve til å ta seg av borna. På gardsbruket kan han arbeida saman med dei, og han kan tilpassa prosjektarbeidet til samværet med dei. Han planlegg også å overta garden. Det er eit veldrive gardsbruk som saman med noko prosjektarbeid vil gje han ein tilfredsstillande økonomi. Når borna tek til på skule, treng dei særleg oppfylgjing, og det er viktig for dei at dei kjem heim frå skulen til ein heimeverande person. Dei vil kunna gå på ein liten skule, som vil vera betre for dei enn ein stor skuleklasse. Dei vil og leva opp i eit røykfritt miljø. Far er vegetarianar, men korkje det eller hans religiøse tilknyting vil føra til noko unormalt i forhold til borna. Han er ingen fanatikar, og forbyr dei ikkje å sjå på fjernsyn slik som t.d. barne-TV, men han prioriterar andre aktivitetar framfor fjernsyn.

Som eit moment som talar for oppvekst i Å, er og at C vil ha førsterett til å overta garden i - - -dalen og at det difor er viktig at han får god tilknyting til garden og arbeidet der så tidleg som mogeleg. På garden bur og besteforeldra, og borna har slektningar og leikekamerater i nærleiken.

Mor på si side arbeider ute 4 dagar i veka og borna er då i barnehage, og ho vil då ikkje ha så mykje overskot som kan koma borna til gode. Ho vil i alle høve vera mykje borte frå dei. Hennar buforhold med ei vanleg leilegheit, vil heller ikkje vera så gode som i Å.

Det er to ulike omsorgssituasjonar på Stord og i Å, men vegd opp mot einannan vil oppvekst på bondegard vera det beste for borna, og far vil gje den kvalitativt beste omsorga.

I dommen i heradsretten vart far ilagt sakskostnader. Dette er i strid med høgsterettspraksis som går ut på at i denne type saker ber kvar av partane sine eigne sakskostnader.Det er i denne samanheng vist til fleire høgsterettsavgjerder og også til dom i Gulating lagmannsrett, innteke i særskilt juridisk utdrag.

Ankemotparten har halde fram at i utgangspunktet må det liggja føre særlege vektige moment om noverande omsorgsforhold skal endrast.

Mor og far er to ulike typar, og har ulikt syn på barneoppseding, men har begge omsorgsevne. Mor er open, positiv til samarbeid og var tidlegare ein livsglad person. Det er ho som for det meste har teke seg av borna, far var mykje fråverande dei første åra etter at borna var fødde. Han var då svært oppteken av arbeidet sitt. Berre eit knapt halvår medan mor var ute i arbeid, tok far seg av borna på dagtid. Dei to siste åra har mor heilt klart vore hovudomsorgsperson. Far er og prega av si religiøse overtyding, og har strenge retningsliner for barneoppseding. Mor fann seg ikkje til rette i Adventistsamfunnet og melde seg ut av dette.

Det er viktig for borna å få best mogeleg kontakt med begge foreldra, og det kan dei best få når mor har den daglege omsorga. Ho er positiv til eit omfattande samvær med far. Far er nok og positiv til samvær med mor, men meir negativ til samvær med mormor og til telefonoppringingar frå henne og frå mor når far har samvær med borna.

Far har ein ustabil haldning til arbeid. Prosjektarbeidet hans verkar usikkert og lite fast, og overtaking av gardsbruket er på planleggingsstadiet. Det er arbeid på ingeniørnivå han har drive med og har inga utdanning for gardsdrift. Dette gjer og økonomien hans usikker. På den andre sida har mor fast stilling og sikker inntekt, men ho har ein ekstra fridag for veka.

Medan ekteskapet vara, flytta partane fem gonger. Dette var truleg årsaka til at C hadde visse åtferdsproblem som no har betra seg. Han har vist ei positiv utvikling etter at han har vore i ro i to år på Stord i eit fast miljø der borna har eit stort sosialt nettverk med besteforeldre, syskenborn og andre slektningar og leikekameratar. Dessutan går både C og D i barnehage.

Mor bur i ei leilegheit i eit småbarnsvenleg byggefelt. Det er mogeleg at det er større tumleplass hos far, men det er heller ikkje utan fare for små born å veksa opp på ein gard der det er lett å skada seg, og der det og er ein trafikkert veg i nærleiken av garden.

Viktigaste grunnen som talar mot ei flytting av borna, er faren ved miljøskifte. Borna flytta mykje tidlegare, og dette førde til ei uheldig utvikling for C. Han vart aggressiv og fekk kontaktvanskar. Dette har no endra seg til det positive, men risikoen vil oppstå igjen ved ny flytting. Sidan borna no fungerar godt, er det ingen grunn til å ta ein slik risiko. I samanheng med miljøskifte er vist til Rt-1984-268 og Rt-1985-467 og Rt-1985-729.

Det er å merka at samværsordninga dei to siste åra har fungert bra endå om partane har hatt visse ting å utsetja på kvarandre i den samanheng.

Med omsyn til sakskostnader bør hovudregelen fylgjast. Det må takast omsyn til at foreldra skal samarbeida vidare, men det er urimeleg for mor å bli utsett for søksmål og likevel måtta bera sine eigne sakskostnader om ho vinn saka.

Lagmannsretten viser til det klare utgangspunktet om at grunnlaget for avgjerda om dagleg omsorg er kva som er best for borna, jfr. barnelova §34 tredje leddet. Ut frå dette må kvar av foreldra sine føresetnader vurderast.

Det er ikkje tvil om at i denne saka er begge foreldra skikka til å ha den daglege omsorga for borna. Spørsmålet blir då kven som er best skikka ut frå det som er den sentrale målsetjinga, nemleg borna sitt beste. Framanfor er nemnt fleire moment som partane har peika på og som må vektleggjast ved avgjerda. Såleis er nemnt kontakt og tilknyting mellom foreldre og born, kven som har hatt den faktiske omsorga for borna fram til i dag, buforhold, foreldra sine personlege eigenskapar, kven av foreldra som er i stand til å gje borna best mogeleg foreldrekontakt og risikoen ved miljøskifte. Då borna er under skulealder, vil deira eigne ynske måtta tilleggjast mindre vekt. Etter det som er kome fram i saka, har dei funne seg vel til rette hos begge foreldra.

Begge foreldra synest å ha god kontakt og tilknyting til borna og stiller på dette området heller likt. I mor sin favør talar likevel at det er ho som har vore hovudomsorgspersonen, bortsett frå eit halvår då faren var heimeverande slik det er nemnt framanfor. Utanom dette halvåret synest ikkje far å ha teke seg særleg mykje av det meir fysiske barnestellet eller av oppsedinga. Han var svært oppteken med arbeidet sitt, og heller ikkje i helgane hjelpte han mykje til. Dette var vel ein av grunnane til at ekteskapet tok til å skranta, då mor fekk lite avløysing.

Mor saman med borna bur i dag i ei sjølveigarleilegheit på Stord, den same leilegheita som dei har hatt sidan 1989. Denne som er om lag 75-80 kvadratmeter stor, ligg i eit nybyggarfelt med kort veg til barnehage og hennar arbeidsplass. I leilegheita er to soverom, og borna har det største av desse. Det er fleire born på same alder i nærleiken av der dei bur, og dei har eit sosialt nettverk rundt seg med besteforeldre, tanter og onklar og syskenborn. Mor har fast arbeid og ein ordna økonomi. Ho arbeider fire dagar i veka for å få meir tid til borna.

I Å disponerar far eit hus for seg sjølv. Huset, som er ein del av eit gardstun, må truleg likevel ominnreiast litt om han skal ha den daglege omsorga for borna. Her kan borna få vera med i arbeidet på garden og få kontakt med husdyr (garden driv mjølkeproduksjon). Etter det opplyste vil far ha tid til å ta seg av borna, han er ikkje bunden av faste arbeidstider korkje som avløysar på garden eller i prosjektarbeidet sitt. Borna vil også her ha eit kontaktnett omfattande besteforeldre og nær familie elles. Huset ligg om lag 100 meter frå næraste nabo, men i grenda omkring er det og born på same alder som C og D til å leika med. Garden ligg ikkje ved nokon gjennomfartsveg. Frå garden er 7 km til Å sentrum. Det er og å nemna at det er føresetnaden at C i si tid skal overta garden.

Slik lagmannsretten ser det, gjeld det her to ulike miljø som begge har sine kvalitetar. Det er ikkje tvil om at borna vil ha godt av å veksa opp i eit landleg miljø med tilknyting til ein gard i rolege og trygge forhold. At det er farleg for småborn på eit gardsbruk slik det har vore nemnt, kan ikkje lagmannsretten sjå har noko for seg. Iallfall er ikkje faren større enn den ein må rekna med i dei fleste bumiljø.

Som nemnt ser lagmannsretten det slik at begge partar er skikka til å ha den daglege omsorga for borna, men ved avgjerda må partane sine personlege eigenskapar tilleggjast ei viss vekt. Slik lagmannsretten ser det etter det som er kome fram i saka, er mor noko umoden. Det kan ha samanheng med at ho som er fødd 1968, vart gift med ein mann, fødd 1957, og som såleis var 11 år eldre. Difor har nok og han vore dominerande i ekteskapet. Ho har kjent det slik at ho ikkje strakk til. Det kan vera grunn til å tru at dette vil endra seg når ho no er åleine og har eineansvaret for borna. På den andre sida verkar det som ho er noko ustadig sidan ho etter separasjonen har hatt to nye parforhold. Lagmannsretten ser med ei viss uro på kva dette framtidig vil få å seia for borna med tanke på ein ny sambuar for mor og nye born i dette forholdet. Ein viss tryggleik gjev det likevel at mor har eit sterkt sosialt nettverk rundt seg.

Far har utvilsamt ressursar og mange gode eigenskapar, og har vilje til å gjera det beste for borna. I motsetnad til mor verkar far som ein meir innadvendt og grublande natur som ikkje har så lett for å knyta sosiale kontaktar som mor. Likevel har han eit solid familienettverk rundt seg i Å-området. Etter det som er kome fram i saka, er retten noko i tvil om kor mykje han toler av uventa påkjenningar, og viser i den samanheng til at han vart sjuk då han måtte pendla mellom X og Stord endå det ikkje er noka lang arbeidsreise. Det ser ut til at han ikkje meistrar motgang så godt, han får då problem. Flyttinga til Å og det meir usikre arbeidsforholdet hans der, tyder på det.

Det er viktig for borna at dei har god kontakt med begge foreldra, men dette er avhengig av kor godt foreldra samarbeider. Under hovudforhandlinga har blitt nemnt nokre episodar frå begge sider som skulle illustrera den andre parten sin manglande samarbeidsvilje. Lagmannsretten legg ikkje særleg vekt på dette. Stort sett har samarbeidet fungert bra, og begge partar har vist vilje til å gjennomføra samværa. Samarbeidsproblema har iallfall ikkje vore slik at ein ut frå dei kan seia noko om kven som bør ha den daglege omsorga.

Borna har og under ekteskapet mellom partane vore ikkje så lite i - - -dalen, Å, så dei er ikkje ukjende med miljøet der. Ei flytting dit vil difor ikkje vera nokon opprivande overgang for dei. Som nemnt ovanfor byr miljøet der på mange kvalitetar. Likevel er lagmannsretten komen til at overvekta for Å ikkje er så stor og føremonene ved å flytta dit ikkje så utprega, at det er grunn til å endra den faktiske situasjonen. Borna synest i dag å ha det bra og dei trivst i det miljøet dei er i. Skal borna flyttast måtte det krevjast "en overvekt av hensyn til å foreta en flytning", jfr Rt-1985-467. Som nemnt meiner lagmannsretten at det ikkje er slik overvekt i denne saka.

Etter dette finn lagmannsretten at dommen i heradsretten blir å stadfesta. Lagmannsretten har likevel vore i stor tvil i saka, særleg når det gjeld vurderinga av utviklinga framover for borna.

Sidan saka har vore så tvilsam, blir ikkje sakskostnader tilkjent korkje for heradsretten eller lagmannsretten, jfr. tvistemålsloven §180 annet leddet, samanhalde med §172 annet leddet.

Dommen er samrøystes.

Domsavgjerd:

1. Dommen av Sunnhordland heradsrett 31. mai 1996, pkt. 1, blir stadfest. 2. Partane ber sine eigne kostnader både for heradsretten og lagmannsretten.