Hopp til innhold

RG-1993-231

Fra Rettspraksis


Instans: Agder lagmannsrett - Dom
Dato: 1992-06-01
Publisert: RG-1993-231 (35-93)
Stikkord: Tingsrett, Veirett
Sammendrag:
Saksgang: Dom 1. juni 1992 i sak nr. LA-1991-00372 A.
Parter: Jacob Håland (advokat Olav Andreas Bryge) mot 1. Olav G. Fladstad m.fl. (advokat Andreas Bjørn Salvesen).
Forfatter: Lagdommer Asbjørn Nes Hansen, kst. lagdommer Jens Kristian Elstad, ekstraordinær lagdommer Rolf Harto
Lovhenvisninger: Servituttlova (1968) §2, §6, Jordskifteloven (1882), Tvistemålsloven (1915) §172, §176, §178, §180, Lov om hermetiseringsanlegg for fiskevarer (1963)3-§54, §3


Tvisten gjeld spørsmålet om innhaldet av ein vegrett; om rettshavaren kan nytte bil på det omstridde vegstykket.

Ankeparten Jacob Håland er eigar av gnr. 290 bnr. 9 på Fladstad, som no ligg i Lyngdal kommune, men tidlegare høyrde til Spangereid. Eigedomen er ein fritidseigedom på under eit dekar og er delt i to teigar. På den eine teigen, attmed Røksmyra som ligg oppe i heia, står det eit fritidhus, og på teigen nede ved sjøen, i Åsevågen, er det eit båtbu med båtplass. Frå fylkesvegen opp til Røksmyra er det om lag 800 meter langt, og det er denne vegstrekninga tvisten gjeld. Den nedste parsellen, Nestemyrvegen, går frå fylkesvegen og opp til Nestemyra, og den øvste parsellen, Røksmyrvegen, vidare opp til Røksmyra. Ankemotpartane er eigarar av landbrukseigedomar i grenda. Olav G. Fladstad er eigar av bnr. 1, og er part i saka som bruksrettshavar til Nestemyrvegen. Hans Pedersen (ektemaken har grunnbokheimelen) er eigar av bnr. 2 og 6. Den nedste og øvste delen av Nestemyr-Røksmyrvegen går over hans grunn, og han har vegrett på heile strekninga. Bnr. 2 vart tillagd eigedomen til Pedersen i 1976, etter at bnr. 8 og bnr. 9 var fråskilde bnr. 2. Reidar Karlsen (ektemaken har grunnbokheimelen) er eigar av bnr. 4 og 5; store delar av den omstridde vegen går over hans grunn. Som bruksrettshavar har han interesse i vegen bortimot til endes.

Jacob Håland kjøpte bnr. 9 i 1980, og dei fyrste åra vart vegen nytta som gangveg. I samband med at hytta på Røksmyra vart påbygd i 1985/86, var det ein del motorisert ferdsle i samband med frakting av

Side:232

materialar opp til hytta. Fladstad, Pedersen og Karlsen tok til motmæle mot dette, og det vart ein del brevskifte om saka. Våren 1986 kjøpte Håland seg ein 4-hjuls driven terrengbil, og har sidan nytt denne som framkomstmiddel til og frå hytta. Det var på grunnlag av denne bilbruken at dei tre grunneigarane gjekk til sak mot Håland ved stemning 10. oktober 1989 med påstand om at han ikkje har rett til å nytte bil på tilkomstvegen. Lyngdal heradsrett - domarfullmektigen som einedomar - sa dom i tvisten 15. februar 1990 med slik domsslutning.

«1. Gnr. 290, bnr. 9 er ikke berettiget til å benytte personbil fra riksveien opp til eiendommen gnr. 290, bnr. 9.

2. Saksomkostninger tilkjennes ikke.»

Den nærare faktiske bakgrunnen for tvisten, partsutsegnene for heradsretten og grunngjevinga for resulatet går fram av domen.

Jacob Håland, med advokat Olav Andreas Bryge som prosessfullmektig, har anka domen til Agder lagmannsrett. Anken gjeld både rettsbruken og provsvurderinga. Olav G. Fladstad, Hans Pedersen og Reidar Karlsen, med advokat Andreas Bjørn Salvesen som prosessfullmektig, har teke til motmæle og påstått domen stadfest. Det vart halde ankeførehaving i Lyngdal 14. og 15. mai 1992, der partane møtte saman med prosessfullmektigane. Alle partane forklara seg for retten. Det var ingen vitneførsel. Retten var på synfaring til den omstridde vegstrekninga, og der fekk alle partane høve til å påvise det dei meinte hadde noko å seie for saka. Prosessfullmektigane dokumenterte ein del skriftlege prov, som vert nemnde nedanfor så langt det trengst for avgjerda. I all hovudsak står saka i same stode for lagmannsretten som for heradsretten.

Ankeparten v/advokat Bryge har i hovudsak halde fram.

I utskiftinga frå 1898, som er skipingsgrunnlaget både for Nestemyrvegen og Røksmyrvegen, er desse vegane utlagde som køyrevegar, i motsetnad til gangvegar. Alt i domen i Rt-1924-583 er det slege fast at ein eldre rett til køyreveg, skipa før bilen hadde kome, kan utvidast til å gjelde rett til bilkøyring. Dessutan hadde dei omstridde vegane status som bruksrettsvegar etter den dåverande utskiftingslova, og det inneber at det er rettshavarane som eig sjølve veggrunnen. Grunneigarne må ha fått vederlag for dette ved utskiftinga. Dette omstendet talar i endå sterkare grad for at ankeparten skal ha rett til bilkøyring på vegen opp til Røksmyra. Det at vegen er dårleg, er ikkje noko argument mot å tillate bilkøyring. Kostnadsfordelinga ved vedlikehald og utbetring kan fastsetjast etter §54 i veglova.

Vegen er heller ikkje i utskiftinga avgrensa til landbruksføremål. I praksis har vegen og tent andre føremål; det har vore busetnad kring Røksmyra. Og jamvel om ein skulle kome til at vegen i utgangspunktet var avgrensa til bruk til landbruksføremål, viser rettspraksis at det er plass for eit visst romsleg syn ved vurderinga. Det er i den samanhengen vist til Deinboll-domen, Rt-1968-695, og Hurum-domen, Rt-1973-229.

Bruk av vegen til bilkøyring inneber heller ikkje ei utnytting som kjem i strid med tolegrensa som kan utleiast av §2 i servituttlova. I høve til Fladstad sin bruk av vegen til traktorkøyring, vil det ikkje

Side:233

kunne kome opp andre konfliktar enn at køyretøya i verste fall må rygge dersom bil og traktor møtest. Det er vanskeleg å sjå at køyring med bil på vegen vil føre til ulempe for skogsdrifta og pelsdyrverksemda til Karlsen. Dersom det vert bygd hytte på bnr. 16/19, som nett er utskild frå eigedomen hans, vil det innebere ei større ulempe. Pedersen kan vanskeleg høyrast med innvendingane om at bilkøyring gjennom tunet hans vil gje miljømessige ulemper. Han har sjølv tillate at andre hytteeigarar kan parkere nær husa på garden. Ankemotpartane kan heller ikkje høyrast med at opning av vegen for bilkøyring vil dra etter seg eit press i retning av utbygging i området. Den utviklinga har dei som grunneigarar sjølve styringa over, og under alle omstende har Håland, som har etablert seg fyrst av fritidseigedomane, krav på å få si sak avgjord ut frå stoda i dag.

Som eit sjølvstendig grunnlag for påstanden sin har Håland gjort gjeldande at han ved skylddelinga av bnr. 9 i 1976 fekk rett til å nytte bil på vegen. Det fylgjer av at han fekk rett til tilkomst til hytta på Røksmyra utan at det vart sytt for plass til parkering nede ved fylkesvegen. I alle høve måtte Pedersen, som like etter frådelinga av bnr. 9 kjøpte resten av bnr. 2, vite at den tidlegare eigaren hadde gjeve Håland slik rett.

Ankeparten har sett fram slik påstand for lagmannsretten.

«1. Jacob Håland, som eier av gnr. 290, bnr. 9, frifinnes.

2. Jacob Håland tilkjennes saksomkostninger for herreds- og lagmannsrett.»

Ankemotpartane v/advokat Salvesen har i hovudsak halde fram:

Heradsretten har vurdert saka rett, og domen må stadfestast. Ankemotpartane godtek at ankeparten for sin fritidseigedom, bnr. 9, har rett til å nytte Nestemyr-Røksmyrvegen, men berre som gangveg.

Det må leggjast til grunn at vegretten opphavleg var avgrensa til bruk til landbruksføremål, i tillegg til noko personferdsle i dei periodane gardsfolket heldt seg oppe på Røksmyra. Men vegen var ikkje meint å nyttast som, og vart heller ikkje nytta som tilkomstveg for fastbuande, og slett ikkje til fritidseigedomar, som ikkje fanst i grenda då vegretten vart etablert. Det rettspraksis etter ei konkret vurdering har tillate, er at vegretten kan utvidast ved endringar innanfor ramma av landbruksdrifta, og det er ikkje tilfelle her. Når utparsellerte hyttetomter har fått del i vegrett, kjem det av at domstolane har lagt vekt på at hytteutbygging har vorte ein del av næringsgrunnlaget på landbrukseigedomar. Slike omsyn gjer seg ikkje gjeldande i saka her.

Bruk av vegen til bilkøyring er i strid med skipingsgrunnlaget for vegretten. Då Håland kjøpte eigedomen, visste han at han laut bruke beina opp der. Han har heller ikkje påvist nokon særskild trong for motorisert ferdsle på vegen. Det er den tekniske utviklinga som har gjort det mogeleg å kome opp med 4-hjulsdrivne bilar i dag. Håland kan ikkje vinna nokon større rett enn han opphavleg hadde, utan å gå vegen om omskiping etter reglane i servituttlova §6, og slik sak er ikkje reist.

Når det gjeld dei konkrete ulempene for dei tre ankemotpartane, vert det vist til det som vart halde fram for heradsretten. Det er saklege og reelle motiv som gjer at dei motset seg at vegen vert nytta til

Side:234

bilkøyring. For Karlsen og Fladstad vil bruk av bil føre til at dei må ta omsyn til det ved utøvinga av landbruksdrifta si, slik at det urimeleg vert til ulempe for dei. Når det gjeld parkering i nærleiken av tunet til Pedersen, er det ei mellombels ordning. Meininga er at dei aktuelle eigarane av bnr. 10 skal få parkeringsplass nede ved fylkesvegen.

Det kan heller ikkje leggjast til grunn at det berre vil verte nytta éin bil opp til hytta til Håland; ein eventuell rett vil gjelde gjester òg. I tillegg kjem trafikken dersom Håland leiger ut hytta. I fall Håland vinn fram, kan ankemotpartane risikere at det vert reist krav om det same frå bnr. 10, der det er tre hytteeiningar, og frå bnr. 16/19, som er fråskilt som hyttetomt. Desse eigedomseiningane er rettnok fråskilde eigedomane til høvesvis Pedersen og Karlsen, men disposisjonane var til dels fastlagde før noverande eigarar overtok, og det er nær familie som sit med desse tomtene. Det er såleis heller ikkje grunnlag for det ankeparten har nemnt om at ankemotpartane sjølve har medverka til ei utbygging i området ved å frådele tomter.

Det å tillate bilkøyring på vegen ville såleis urimeleg og uturvande vere til skade og ulempe for ankemotpartane. Vegen har heller ikkje den standarden som trengst for bilkøyring; den er smal, bratt og utan møteplassar. Ankemotpartane har og vist til lova om motorferdsle i utmark og vassdrag, og hevda at forbodet der viser kva restriktivt syn samfunnet har på motorisert ferdsel av omsyn til naturmiljøet. Det vert gjort gjeldande at forbodet i denne lova i seg sjølv er eit argument som talar mot å gje Håland rett til bilkøyring på vegen opp til Røksmyra.

Ankemotpartane har og vist til at det er ein aktuell tvist for jordskifteretten om bruken av den såkalla Åsevågvegen, som går frå fylkesvegen på Fladstad og ned til sjøen. Dersom det vert opna for bilkøyring i saka her, vil det kunne føre til eit press i retning av same utvikling på Åsevågvegen.

Ankemotpartane har sett fram slik påstand.

«1. Herredsrettens dom, domsslutningens pkt. 1, stadfestes.

2. Ankende part dømmes til å erstatte ankemotpartene sakens omkostninger for herredsretten og lagmannsretten.»

Lagmannsretten har kome til at anken må føre fram, og skal nemne:

Det er ikkje omstridd mellom partane at eigedommen til Jacob Håland, bnr. 9, har vegrett opp til Røksmyra. Tvisten gjeld som nemnt om vegretten inneber rett til å nytte bil på strekninga. Retten til Håland må reknast å ha same grunnlag og omfang som den til rettsforgjengaren hans, Helge Hageland, tidlegare eigar av det opphavlege bnr. 2, som bnr. 9 vart utskilt frå i 1976. Hageland kunne ikkje ved frådelinga og salet av bnr. 9 gje den nye eigaren ein meir omfattande vegrett enn han sjølv hadde. Ein må såleis gå attende til utskiftingsforretninga frå 1898, som etablerte bruksrettane til Nestemyr- og Røksmyrvegen, ettersom det ikkje er hevda at det i mellomtida hadde kome i stand noko nytt rettsgrunnlag for vegretten. Avgjerande for kva innhald vegretten har i dag, vert då ei tolking av 1898-utskiftinga, sett i samanheng med den seinare utviklinga.

Lagmannsretten har fest seg ved at dei to omstridde vegane i utskiftingsforretninga er utlagde til køyrevegar. Dette må innebere at vegane skulle tene ein meir omfattande bruk enn dei vegane som vart

Side:235

utlagde som gangvegar. Slik lagmannsretten ser saka, bør det føre til at motorisert ferdsle lettare kan tillatast, og til at grunneigarar og andre rettshavarar vil måtte tole noko større ulemper enn dei som fylgjer av ein gangveg.

Det går ikkje med reine ord fram av utskiftingsforretninga kva føremål Nestemyr- og Røksmyrvegen skulle nyttast til. Det kan likevel ikkje vere tvilsamt at vegen hovudsakleg skulle nyttast, og har vore nytta, i samband med landbruksdrifta. Etter provføringa kan retten ikkje leggje til grunn at det har vore fastbuande oppe ved røksmyra som har nytta vegen som tilkomst; dei som er nemnde i folketeljinga frå 1900 har nok budd på grunn som høyrer til grannegarden Åmland og hatt tilkomst derfrå. Derimot byggjer retten på at eigaren av bnr. 2 har nytt eit hus på Røksmyra til opphald i samband med slått og anna utnytting av ressursane der oppe. Seinare vart bygget visstnok i nokre år nytta til rekreasjonsføremål av ein utanbygds. Det stod ei stokkebygd stove der oppe heilt fram til Håland overtok i 1980, og det er den han seinare har bygd på og utvida monaleg.

Det synest såleis klårt at den omstridde vegen i lang tid òg har vore tilkomst til eit bygg oppe på Røksmyra, som fram gjennom åra har hatt noko skiftande bruk. Utviklinga fram til den bruken Håland gjer av eigedomen som ein rein fritidseigedom, har skjedd gradvis over lengre tid. På denne bakgrunnen kan lagmannsretten ikkje sjå at det i denne saka er tale om ei slik driftsomlegging at ein må gå vegen om omskipingsreglane i servituttlova §6 for å tillate bilkøyring.

Saka må avgjerast etter den interesseavveginga som føresegna i servituttlova §2 gjev uttrykk for. Spørsmålet vert difor om det urimeleg eller uturvande vil vere til skade eller ulempe for ankemotpartane at ferdsla til og frå bnr. 9 langs Nestemyr-Røksmyrvegen skjer med bil. Med ein avstand på 800 meter frå fylkesvegen, og med eit etter måten brattlendt terreng, kan lagmannsretten ikkje sjå at den bruken Håland gjer krav på, er uturvande.

Det fylgjer av §2 andre leden at i avgjerda om noko er urimeleg, skal det leggjast vekt på kva som er føremålet med retten og kva som er i samsvar med tida og tilhøva. Ankemotpartane har ikkje noko mot, og har sjølve teke i bruk traktor og andre tekniske framkomstmiddel i samband med landbruksdrifta; sume av innvendingane deira går nettopp på ein mogeleg konflikt mellom bil- og traktorbruk. Slik retten ser saka, vil det omstendet at motorisert ferdsle til landbruksføremål er godteke, lettare føre til at heller ikkje bilbruk opp til hytta åt Håland vert rekna som urimeleg i høve til ankemotpartane.

Retten har forståing for at bilkøyring opp til bnr. 9 i sume høve kan skape interessekonfliktar, slik som når Fladstad nyttar traktor i samband med utnyttinga av teigen sin på Nestemyra, og når Karlsen må ta delar av veggrunnen i bruk i samband med skogsdrift/vedhogst. Men dei næringsmessig interessene som er knytte til dei aktuelle teigane, er ikkje så store at det kan reknast med ei særleg intensiv utnytting frå nokon av ankemotpartane si side. Det er difor ikkje grunn til å tru at interessekonfliktar jamleg vil melde seg. Og når dette er aktuelt, bør det ikkje vere noko større problem enn at det i praksis kan løysast. Om t.d. Håland då må vente litt på å køyre vidare, lyt han finne seg i det.

Side:236

I dette stykket viser retten òg til prinsippa i servituttlova §3. Og om bilkøyringa skulle føre til større trong for vedlikehald av vegen, vil veglova §54 føre til at kostnaden med vedlikehald kan fordelast etter den bruken som kvar gjer.

Heller ikkje kan retten sjå at den bilkøyringa det er tale om, kjem så nær husa til Pedersen at dette må reknast som urimeleg i høve til han. Det nye bustadhuset, som Pedersen har bygd på garden, ligg høgare og lenger unna vegen. Det gamle våningshuset, som trafikken vil kome noko nærare, vert elles for tida ikkje nytta av fastbuande.

I vurderinga av ulempene for ankemotpartane har retten lagt til grunn at det er rett til bilkøyring for bnr. 9 og ikkje andre fritidseigedomar som saka gjeld. Om eigarane av dei andre, seinare utskilde hytteeigedomane/-tomtene som ligg i nærleik av vegen, kan krevje å nytte bil, vil avhenge av rettsgrunnlaget deira med omsyn til tilkomsten, og under alle omstende må eit eventuelt krav frå desse vurderast ut frå den faktiske situasjonen som då er aktuell. Dersom dei interesserte i vegen ynskjer å hindre køyring av uvedkomande, kan det setjast opp bom, som rettshavarane har nykel til. Håland har i retten sagt at han ikkje har noko imot det.

Lagmannsretten har såleis kome til at det ikkje vil vere urimeleg til skade eller ulempe for ankemotpartane at Håland får rett til bilkøyring opp til hytta. Retten gjev difor dom for at Håland vert frifunnen for kravet frå ankemotpartane.

Anken har ført fram, og ankemotpartane bør bere kostnadene til ankeparten for både heradsretten og lagmannsretten, jfr. tvml. §180 andre leden, jfr. §172 fyrste leden. Retten kan ikkje sjå at saka har bode på slik tvil at det er grunn til å gjere unntak frå hovudregelen. Advokat Bryge har gjeve inn kostnadsoppgåve på i alt kr. 71.009. Av dette utgjer kr. 22.500 salær til prosessfullmektigen for heradsretten og kr. 32.000 er salær til Bryge for lagmannsretten. Når det gjeld det siste salæret, meiner retten dette er i høgste laget i høve til kva som var turvande for å få saka «betryggende utført», jfr. tvml. §176 fyrste leden, og er komen til at salæret høveleg kan setjast til kr. 25.000. Retten har teke omsyn til kva spørsmål saka reiste og til at ankeførehavinga vart avslutta etter eit kort rettsmøte 2. dagen. Etter dette vert turvande utgifter for ankeparten for båe instansar sette til kr. 64.009 samla. Ankemotpartane bør hefte solidarisk for kostnadsansvaret, jfr. tvml. §178 andre leden.

Domen er samrøystes.

Domsslutning:

1. Jacob Håland vert frifunnen.

2. I sakskostnader for heradsretten og lagmannsretten betalar Olav G. Fladstad, Hans Pedersen og Reidar Karlsen - éin for alle og alle for éin - til Jacob Håland 64.009 - sekstifiretusenogni - kroner innan 2 - to - veker etter at denne domen er forkynt.