Hopp til innhold

RG-1990-1236

Fra Rettspraksis


Instans: Agder lagmannsrett - Dom
Dato: 1990-04-30
Publisert: RG-1990-1236
Stikkord: Tvist om forsikringsoppgjør
Sammendrag:
Saksgang: Dom 30. april 1990 i sak nr. 253/1988
Parter: A (advokat Anne-Kristine Hagli) mot UNI Forsikring - Gjensidige skadeforsikringsselskap (advokat Terje Bryn).
Forfatter: Lagdommerne Asbjørn Nes Hansen, Steinar Thomassen, ekstraordinær lagdommer Anfinn Sunde
Lovhenvisninger: Straffeloven (1902) §418, Tvistemålsloven (1915) §172, §176, §180


Tvisten gjeld krav om forsikringsoppgjer etter eit båthavari ved X i Y laurdag 7. juni 1986 omlag kl. 23.30. Ein hurtiggåande lystbåt av merke Infra 727 på 24 fot med ein 220 Hk motor støytte denne kvelden på eit skjer i sundet mellom - - - holmen og fastlandet, og vart totalvrak. Båten vart ført av eigaren, A, som hadde kjøpt båten året før for kr. 150-160.000. A, født xx.xx.1960, var ein velrøynd båtførar som hadde hatt eigen båt i fleire år. Han var óg velkjend på sjøen i det området havariet skjedde. Ein fart på 30 knop (50-60 km i timen) vert karakterisert som ein økonomisk og behageleg fart med ein slik båt som A hadde. Kjem farten ned mot 20 knop, tek båten til å kome ut av plan, dvs. at baugen reiser seg.

Den aktuelle dagen, 7. juni 1986, hadde A vore saman med ein kamerat, B, i Z. I kveldinga tok dei ut frå Z med båten til A, i retning mot - - - øya. Det var og to andre med på turen; den eine av dei var C. Etter å ha vore på - - - øya skilde dei lag seinare på kvelden, slik at B for vidare i sin eigen båt, medan C vart med A i båten hans. Dei var deretter ein tur innom «- - - hytta» i Æ-skjergarden, og køyrde sidan inn til Æ med to jenter som hadde fått skyss med dei. Båten sette så kurs for Z. Etter å ha køyrt over - - - fjorden i 30 knops fart valde A å føre båten gjennom sundet mellom - - - holmen og fastlandet. Sundet er omlag 50 meter breitt, og det var sett opp varsel om sakte fart ved innseglinga. Den mest markerte leia går på andre sida av holmen, mot - - -søya, der farvatnet er mykje opnare. Båe leiene vert nytta av båtfolk som er kjende i området. I nattemørkret den aktuelle kvelden var det ein markert landskugge i sundet frå fastlandet, som stig nokså bratt opp frå sjøen. Etter å ha kome vel inn i sundet, trefte båten sidelengs ei landtunge som stikk ut frå - - - holmen. Samanstøytet førte til at båten vart kasta rundt, og vart liggjande med baugen i veret. Klokka var då omlag 23.30. A og C kom seg ut ved å knuse ei siderute i båten, og vasse opp på skjeret, og sidan inn på holmen. Der tok dei seg inn på ei hytte ved å knuse ei glasrute, og overnatta i denne hytta. Dei vart verande der til lensmannen kom ut på holmen dagen etter, sundag 8. juni like før kl. 12.00, dvs. nærare 12 1/2 time seinare. Lensmannen hadde vorte varsla av ein mann som hadde sett den havarerte båten i sundet.

A hadde fått ein skade i ryggen ved at noko glasbrot hadde sett seg fast der. Han vart ført til politivakta i Z, der alkotesten gav utslag. Kl. 13.25 vart det teke blodprøve av han, som synte ein middelverdi på 0,52 promille alkoholkonsentrasjon. Både ute på holmen overfor lensmannen og på politivakta vedgjekk A at han hadde drukke noko øl. Då det vart teke blodprøve av han, oppgav han alkoholkonsumet til 6 halvflasker pils og ein dram vodka. Kl. 22.00 same dagen forklarte han seg til lensmannsfyrstebetjent Svendsen, og sa då at han før uhellet berre hadde drukke to halvflasker pils. Etter havariet hadde han fått tak i ei halv flaske vodka og tre flasker pils nede i båten, og hadde drukke straks etter at han hadde teke seg inn i hytta. A har seinare vedteke eit førelegg etter straffelova §418 fyrste leden nr. 3, som set straff for den som forsettleg eller aktlaust under navigering handlar slik

Side:1238

at fartøyet valdar eller vert utsett for fare eller skade.

Båten vart halden for totalvrak. Men han vart påkosta noko reparasjon og seinare seld for kr. 65.000. Partane er samde om at båten hadde ein reell restverdi på kr. 18.550. A hadde forsikra båten i UNI Forsikring. UNI var ikkje viljug til å dekkje skaden, då selskapet meinte A hadde vore så sterkt alkoholpåverka då uhellet skjedde («beruset») at retten til erstatning fall bort etter pkt. 4.57 i forsikringsvilkåra. UNI meinte óg at A hadde ført båten på ein så grovt aktlaus måte at det same resultatet fylgde av pkt. 4.58 i vilkåra. A meinte å ha krav på erstatning etter forsikringsavtala, og gjekk til sak mot UNI. Nedenes heradsrett sa dom i tvisten 28. september 1988 med slik domsslutning:

«1. Saksøkte frifinnes.

2. I saksomkostninger betaler A til UNI Forsikring kr. 17.330 innen 14 dager fra forkynnelse av dommen.»

Heradsretten kom til at UNI måtte vere ansvarsfri etter pkt. 4.58 i forsikringsvilkåra. A's handlemåte måtte karakteriserast som grovt aktlaus, og det kunne ikkje vere rom for noko erstatningsansvar i dette høvet. Dei nærare omstende i saka, partsutsegnene for heradsretten og rettens avgjerdsgrunnar går fram av domen.

A v/advokat Anne-Kristine Hagli har anka domen til Agder lagmannsrett med påstand om at UNI vert dømd til å betale erstatning til A. UNI v/advokat Terje Bryn har teke til motmæle, og påstått domen i heradsretten stadfest. Det vart halde ankeførehaving i Arendal 3. og 4. april 1990. Ankeparten møtte saman med prosessfullmektigen, advokat Hagli, og for ankemotparten møtte prosessfullmektigen, advokat Bryn. Retten tok imot forklaring frå ankeparten og eit vitne. Eit vitne var avhøyrd ved provopptak, som vart dokumentert. Det vart elles dokumentert fleire skriftlege prov, som vert nemnde nedanfor så langt dei har noko å seie for avgjerda. Saman med ankeparten og prosessfullmektigane var retten på synfaring i båt til det sundet der uhellet skjedde. Det vart der gjeve høve til å påvise det ein meinte hadde noko å seie for saka.

Ankeparten, A har i hovudsak halde fram:

Dersom erstatning etter forsikringsavtala skal falle bort avdi båtføraren A har vore «beruset», krevst det etter rettspraksis minst ein promille på 1,5. Det er ikkje nok at han har vore påverka. Rusen må vere sjølvvalda, og det må vere årsakssamanheng mellom rusen og forsikringstilfellet. Det er UNI som har tvilsrisikoen for at selskapet er ansvarsfri. For å kunne leggje til grunn at vilkåra for bortfall av erstatning er til stades, krevst det etter rettspraksis «en sterk overvekt av sannsynlighet», jfr. Rt-1985-211. UNI har ikkje ført godt nok prov for at A har vore «beruset» då uhellet skjedde.

A har i denne samanhengen halde fram at det alt i alt er godt samsvar mellom dei opplysningar om alkoholforbruk som kjem fram i politidokumenta. Han har heile tida oppgjeve det same totalkonsumet. Men i dei fyrste utsegnene har han ikkje skilt mellom drikking før og etter uhellet, avdi han ikkje vart spurd om det. Både B og C har som vitne forklart at A ikkje på noko tidspunkt var synleg påverka. Det er ikkje nokon ytre omstende som gjev grunn til å byggje på at A har drukke meir enn han sjølv seier. Opplysningane hans vert i all hovudsak

Side:1239

underbygd av dei to vitneforklaringane.

I retten har A sagt at han drakk to halvflasker pils frå han reiste frå «- - - hytta» og fram til uhellet skjedde. Etter havariet drakk han tre halvflasker pils og ein god dram vodka. Det er noko uvisst kor mykje vodka han drakk, og kor langt ut på natta han heldt fram med å drikke. Men dersom ein gjev seg til å rekne på det, kan det alkoholkonsumet han har fortalt om, sameinast med resultatet av blodprøva. - Dersom retten skulle leggje til grunn at heile alkoholinntaket skjedde før uhellet, noko A nektar for, må ein ved tilbakerekninga gjere bruk av dei tryggingsmarginar som vert nytta i straffesaker. I eit slikt tilfelle hamnar ein på omlag 1,5 promille på ulukkestidspunktet.

Det er heller ikkje slik at A etter uhellet prøvde å løyne seg for folk. Det var lite båttrafikk på denne tida, og berre to gonger vart han var båtar som for forbi mellom - - - holmen og - - - øya. Båe gongene mislukkast han i å få stogge desse. Den fyrste båten kom forbi om natta noko etter uhellet, og den andre ein gong utpå morgonsida.

UNI har heller ikkje ført prov for at A har handla grovt aktlaust. Skal ein handlemåte karakteriserast slik, må det etter rettspraksis vere tale om «en kvalifisert klanderverdig opptreden som foranlediger sterke bebreidelser for mangel på aktsomhet», jfr. Rt-1970-1235. Slik åtferd har ikkje A vist i saka her. Det var eit hendeleg uhell, der han feilmanøvrerte på grunn av skuggeverknadene frå landsida. Det var slike utanforliggjande faktorar som var grunnen til uhellet.

A har her vist til at sundet mellom - - - holmen og fastlandet var ei vanleg lei å fylgje; han hadde fare der mange gonger før. Fenomenet med landskugge hadde han ikkje vore borte i før på denne staden. Han navigerte på vanleg måte mot fastlandet og fjellformasjonen ved - - - brua. På grunn av mørkret og den markerte landskuggen i sundet feilvurderte han avstanden til land, og la seg alt for nær holmen, som låg i mørker, ved innseglinga til sundet. Han burde så ha retta opp kursen etter den uheldige posisjonen han fekk ved innseglinga, men gjorde ikkje det. A reduserte farten på båten då han for inn i sundet; det presiserte han overfor lensmannen og. Dette vert stadfest av C, som i si vitneforklaring sa båten var på veg ut av plan då uhellet skjedde. Dette skjer nett når farten vert redusert ned mot 20 knop.

Subsidiært vert det gjort gjeldande at i fall retten kjem til at A har vore grovt aktlaus, er det ikkje grunnlag for heilt bortfall av erstatninga. Med omsyn til skuldgraden, må det leggjast til grunn at A ikkje har vore særleg alkoholpåverka, at han reduserte farten og at det ikkje var anna båttrafikk i sundet å ta omsyn til. Det er óg relevant å leggje vekt på den økonomiske situasjonen hans. Han hadde teke opp lån for å finansiere kjøpet av båten, og slit med dette. Dessuten er han no arbeidslaus. Han er tilskotspliktig til barn i tidlegare ekteskap.

Når det gjeld utmåling av tapet, er partane på eit punkt nær samde om dette. Verdien av båten er sett til kr. 172.500. A krev ei erstatning på kr. 158.950 med renter frå 16. juli 1986. UNI motset seg at A har krav på erstatning for utgifter til lagring av båten med kr. 15.000 før han vart seld. A gjer gjeldande at desse utgiftene er ei fylgje av at UNI ikkje betalte ut forsikringa. Han hadde forståing av at det var UNI som tok seg av båten, og selskapet gav ikkje melding om at A måtte gjere

Side:1240

noko.

A har for lagmannsretten sett fram slik påstand:

«1. UNI Forsikring v/styrets formann dømmes til å betale til A kr. 158.950 - med 18% rente fra 16. juli 1986 til betaling skjer.

2. A tilkjennes saksomkostninger for herredsrett og lagmannsrett.»

Ankemotparten, UNI Forsikring har i hovudsak halde fram:

UNI hevdar som for heradsretten prinsipalt at A har ført båten i rusa tilstand. Det fylgjer av rettspraksis, mellom anna Rt-1982-808, at omgrepet «beruset» er relativt. UNI erkjenner at selskapet i utgangspunktet har tvilsrisikoen for at A var i ein slik tilstand. Men i dette tilfellet har A kome med så motstridande forklaringar at den tvilen som er skapt, må gå utover han.

UNI har halde fram at A ikkje kan ha drukke noko etter uhellet i det heile. Alt tyder på at alkoholforbruket skjedde før dette hende. Dersom ein reknar tilbake med utgangspunkt i den alkoholkonsentrasjon som blodprøva syner, og legg normal forbrenning til grunn, må A openbert ha drukke meir enn det han opplyser. Ved den fyrste kontakten med lensmannen ute på holmen opplyste A at han hadde drukke noko øl før uhellet. På politivakta nemnde han og at han hadde drukke ein del øl om kvelden. Var det slik at han hadde drukke noko etter uhellet, hadde han i denne situasjonen all grunn til å kome fram med det. Då det vart teke blodprøve av han, nemnde han kor mykje han hadde drukke, men utan å tidfeste når det skjedde. Fyrst i politiavhøyr kl. 22.00 sundag kveld fortalte han at han hadde drukke etter uhellet. Han hadde då hatt tid til å tenkje seg om, og tilpasse forklaringa slik han var tent med.

A hadde vore utsett for ei alvorleg hending, og hadde óg fått ein skade. I denne situasjonen var det ikkje naturleg like etterpå å setje seg ned og drikke øl og vodka. Det at A vart verande i hytta på - - - holmen heilt fram til lensmannen kom neste dag kl. 12.00, vitnar óg om at han ikkje ville møte andre før rusen hadde gjeve seg. Etter eit så dramatisk uhell ville det ha vore naturleg å rope om hjelp. Det var ei stille natt, og avstanden over sjøen til - - - øya er ikkje stor. Det er óg trekk ved køyringa som vitnar om promillekøyring. A, som var velkjend i området, har overvurdert eigne evner og undervurdert faremomenta.

Subsidiært gjer UNI gjeldande at det ligg føre grov aktløyse. UNI har tvilsrisikoen for at A har handla grovt aktlaust. Men når selskapet har ført prov for at handlinga etter objektive kriterier må reknast som grovt aktlaus, er det opp til A å godtgjere at det er utanforliggjande faktorar som har verka inn, jfr. Rt-1968-1170.

UNI har til dette subsidiære grunnlaget halde fram at det var grovt aktlaust å navigere berre etter landskuggen på høgre side gjennom sundet, med den farten båten hadde. Det må óg leggjast til grunn at A var alkoholpåverka under køyringa. Lys- og skuggetilhøva var slik at A ikkje kunne sjå - - - holmen, slik at han ikkje kunne korrigere kursen ut frå avstanden til holmen. A må ha køyrt med 30 knop gjennom sundet, slik det går fram av den fyrste politiforklaringa hans. Det er ikkje truleg at han reduserte farten gjennom sundet. Det er fyrst seinare han har opplyst at båten var på veg ut av plan då uhellet

Side:1241

skjedde.

A har køyrt så grovt aktlaust at all erstatning må falle bort. Det kan ikkje verte tale om delvis erstatning. Ved spørsmålet om avkorting i erstatninga er det vesentlege køyringa i seg sjølv. Dei økonomiske fylgjene for A har mindre vekt.

UNI meiner det økonomiske tapet som i tilfelle vert dekt av forsikringa, med frådrag av eigenandel kjem opp i kr. 143.950. Lagringsleiga på kr. 15.000 svarar selskapet ikkje for. Etter forsikringsvilkåra er det anten reparasjonsutgiftene eller forsikringsverdien som skal erstattast. Ved reparasjon har forsikringstakaren framleis omsorgsplikt for tingen. Skal UNI verte ansvarleg for lagringsutgiftene, må det vere på eit aktløysegrunnlag.

UNI Forsikring har sett fram slik påstand:

«1. Nedenes herredsretts dom av 28.9.1988 stadfestes.

2. UNI Forsikring - Gjensidige skadeforsikringsselskap tilkjennes saksomkostninger for lagmannsretten.»

Lagmannsretten er komen til same resultatet som heradsretten, og skal nemne:

Etter pkt. 4.57 i forsikringsvilkåra svarar UNI ikkje for skaden dersom A har vore «beruset» under køyringa. Ved grov aktløyse fylgjer det av pkt. 4.58 i vilkåra at det etter omstenda kan verte tale om full, redusert eller inga erstatning.

Som nemnt under partsutsegnene, krevst det for å fastslå «beruselse» ei kvalifisert grad av alkoholpåverking. Legg ein A's eiga forklaring til grunn, har han ikkje vore så sterkt påverka ved samanstøytet at han har mist retten til erstatning. Men etter provføringa må lagmannsretten byggje på at A har drukke ein god del meir før havariet enn det han har vedgått. Det kan her peikast på at han heile kvelden hadde halde seg i båten eller i land på - - - øya. I båten hadde han, etter det han sjølv seier, to kasser pils og to halvflasker vodka. Det verkar lite truverdig at A skulle ha vore bortimot fråhaldande, medan dei han var ilag med, i alle høve drakk noko pils. I dei fyrste forklaringane sine, då han vart vekt av lensmannen og seinare på politivakta, har han vedgått å ha drukke «før uhellet» og «om kvelden». Då alkotesten gav utslag, var han forundra over at alkoholen ««hang» igjen i kroppen så lang tid etter». Det kom ikkje her fram noko som tyder på at hovudmengda av alkoholinntaket skjedde etter uhellet, slik han seinare forklarte i avhøyret sundag kveld og sidan har halde fast ved. Likeeins tyder omstenda etter havariet på at han hadde noko å løyne. Annleis kan det vanskeleg forklarast at han la seg til å sove i ei hytte ute på - - - holmen utan å gjere alvorlege forsøk på å kome i kontakt med folk, og fyrst vart vekt av lensmannen ved 12-tida dagen etter. Ut frå det som har kome fram, mellom anna under omsyn til at han hadde ein promille på 0,52 sundag kl. 13.25, må A ha vore ikkje lite påverka då båten havarerte.

På den andre sida kan retten ikkje sjå bort frå at A kan ha drukke noko etter havariet. Med normal dømekraft ville han knapt ha gjort det i ein slik situasjon. Men dersom ein legg til grunn at han var påverka på førehand, og dertil vart oppskaka av den dramatiske hendinga, verkar forklaringa om at han har drukke meir truverdig.

Side:1242

Lagmannsretten har, rettnok under tvil, vorte ståande ved at UNI ikkje har ført godt nok prov for at A var «beruset» då båten støytte mot skjeret ved - - - holmen. Uvissa om kor mykje alkohol han kan ha teke etter uhellet, gjer det vanskeleg å ha ei grunngjeven meining om kor stor promille han hadde då havariet skjedde.

For resultatet i saka er dette elles ikkje avgjerande, då lagmannsretten er samd med heradsretten i at A har handla så grovt aktlaust at alt krav på erstatning i alle tilfelle må falle bort.

Ved aktløysevurderinga tek lagmannsretten utgangspunkt i at mørkekøyring krev særleg varsemd og omtanke. A var godt kjend i området, og hadde ei særleg oppmoding til å ta dei rådgjerder som trongst. Trass i at han utan særleg tidstap kunne ha ført båten i farvatnet mellom - - - holmen og - - - øya, valde han den indre, smalare leia på fastlandssida av holmen, som krev større aktsemd for å passere. Han burde óg som ein velrøynd båtførar ha teke tilbørleg omsyn til eit fenomen som landskuggen, endå han ikkje hadde vore borte i fenomenet nett på denne staden før. Han manøvrerte berre etter landskuggen og fjellformasjonen lenger framme ved - - - brua, og har sjølv forklart at - - - holmen låg slik i mørker at det ikkje var noko haldepunkt der for å korrigere kursen gjennom sundet. Dette siste burde gje endå ein grunn til varsemd.

A har halde fram at han køyrde nedover - - - fjorden i 30 knop, men reduserte farten då båten for inn i sundet. I politiforklaringa er det protokollert at båten hadde same farten ved samanstøytet, men A har i retten sagt at han korrigerte dette då han vedtok forklaringa. - Det synest i så fall merkeleg at dette ikkje vart retta opp i den maskinskrivne rapporten. Slik lagmannsretten elles vurderer prova, kan korkje det A har sagt i retten eller vitneforklaringa til C i alle høve rokke ved inntrykket av at båten må ha hatt ein svært stor fart då han trefte skjeret. Samanstøytet var av ein slik karakter at den store båten straks vart kasta heilt rundt. Dersom A reduserte farten ved innseglinga til sundet, kan han ikkje ha redusert farten særleg mykje og han har redusert forseint. Den store farten gjennom sundet gjev køyringa eit særleg aktlaust preg.

A må ha rett i at han la båten alt for nær - - - holmen då han for inn i sundet, og ikkje korrigerte kursen vidare gjennom sundet. Han har då heile tida hatt ein uforsvarleg nær avstand til holmen og tilsvarande god avstand til fastlandet. Sundet var trass alt omlag 50 meter breitt.

Det er såleis fleire trekk ved køyringa som vitnar om at A på langt nær var aktsam nok etter tilhøva. Det er naturleg å setje den manglande aktsemda i samanheng med at han må ha vore ikkje lite påverka av alkohol, utan at retten treng å ta stode til kor mykje dette har hatt å seie for handlemåten. Samla ligg det føre omstende som gjer at A sterkt må lastast for framferda si. Slik lagmannsretten ser det, har ein her å gjere med ei aktløyse som må karakteriserast som grov. Ein viser elles til det heradsretten har sagt om spørsmålet, og som lagmannsretten er samdi.

Etter pkt. 4.58 i forsikringsvilkåra skal det ved grov aktløyse avgjerast under omsyn til skuldgraden og omstenda elles om UNI skal

Side:1243

betale erstatning og i tilfelle kor mykje. Lagmannsretten kan ikkje sjå at det i saka her, med ei så aktlaus køyring, kan vere rom for noko erstatningsansvar i det heile. På dette punktet nøyer ein seg elles med å vise til heradsrettens domsgrunnar som er inntekne på 46 i ankeutdraget. Lagmannsretten legg til at dei økonomiske konsekvensane for A ikkje kan ha slik vekt at dei i ei sak som denne kan ha gjennomslag i høve til dei omsyna som talar mot å gje han noko erstatning.

Etter dette har anken ikkje ført fram, slik at domen i heradsretten vert stadfest.

Med dette resultatet vert ansvaret for sakskostnader for lagmannsretten regulert av tvistemålslova §180 fyrste leden. I samsvar med hovudregelen bør ankeparten A dekkje dei kostnadene motparten har hatt med saka, då retten ikkje kan sjå at det ligg føre særlege omstende som gjer at ankeparten bør fritakast for ansvaret. Advokat Bryn har gjeve inn oppgåve over sakskostnader med kr. 45.019, der salæret utgjer kr. 38.000. Advokat Hagli har innvendt at salæret synest å vere sett noko høgt. Lagmannsretten viser til at ankeførehavinga vart utsett to gonger på grunn av tilhøve på ankepartens side, og at det er halde eit provopptak i saka etter krav frå ankeparten. Retten legg til grunn at kostnadene har vore nødvendige, jfr. tvistemålslova §176 fyrste leden. Når det gjeld sakskostnader for heradsretten, er lagmannsretten samd i heradsrettens kostnadsavgjerd.

Dommen er samrøystes.

Domsslutning:

1. Nedenes heradsretts dom vert stadfest.

2. I sakskostnader for lagmannsretten betaler A til UNI Forsikring - Gjensidige skadeforsikringsselskap v/advokat Terje Bryn kr. 45.019 - kronerførtifemtusenognitten - innan 2 - to - veker etter at domen er forkynt.

Av herredsrettens dom (sorenskriver Jens C. Koch):

Saken gjelder krav om forsikringsoppgjør for skade på lystbåt.

Den 7. juni 1986, ca. kl. 23.30 var A, født xx.xx.1960, på vei sydover i - - - fjorden i sin ca. 22 fots lystbåt av type Infra 727 påmontert en 2,6 GT påhengsmotor på ca. 220 Hk. Med seg i båten hadde han en yngre kamerat, den den gang 15 årige C. Båten var på vei fra Æ til Z. Det var ved anledningen godt vær. Det var verken lyst eller mørkt, men skumring. I - - - fjorden holdt båten en marsjfart på ca. 30 knop. Det var ingen annen trafikk på sjøen. Da båten var omtrent på høyde med X på - - - søy reduserte A farten noe og valgte å gå på innsiden dvs. vestsiden, av - - - holmen. Den vanlige leia, iallefall for noe større båter, går på østsiden av holmen, dvs. mellom denne og - - - øy. Sundet mellom - - - holmen og fastlandet på vestsiden er omtrentlig 50 m bredt og ca. 150-200 m langt. Fastlandet på vestsiden av sundet er relativt høyt.

Ved innløpet til sundet sett nordfra ble farten redusert noe fra 30 knop, men ikke så meget at båten var gått helt ut av plan, noe som skjer med denne båttypen påmontert tilsvarende motor som den angjeldende når farten

Side:1244

reduseres til under ca. 20 knop. Noenlunde midt i sundet støtte båten mot en stein i vannkanten på - - - holmen. Båten fikk slått et stort hull i skroget og den ble kastet rundt og ble liggende med bunnen i været. De to som var ombord klarte å ta seg ut og opp på holmen hvor de brøt seg inn i en hytte og la seg til å sove. Dagen etter, ca. kl. 11.00 på formiddagen, tok daværende lensmanasførstebetjent Leif Svendsen, Y lensmannskontor, telefon fra en sportsfisker om at en stor, hurtiggående båt hadde havarert ved - - - holmen. Han reiste straks til stedet og påtraff der saksøkeren og C. Disse ble tatt med til Arendal politikammer, hvor det ble tatt alko-test av saksøkeren. Da denne viste utslag ble blodprøve straks etter tatt på - - - Sentralsjukehus. Analyseresultatet viste en middelverdi av alkohol i blodet på A på 0,53 promille. Ved havariet ble båt og motor totalskadet. Etter at firma Ingvald Andersen hadde foretatt reparasjon av båtmotoren ble båt og motor solgt for til sammen kr. 65.000. Båten hadde da i lengre tid vært lagret hos Vidar Andersen, Æ.

A hadde båten forsikret i UNI Forsikring, og fremmet krav overfor forsikringsselskapet. Dette nektet imidlertid å dekke skaden under båtforsikringen under henvisning til at selskapet hadde følgende begrensninger i henhold til forsikringsvilkårene:

«4.57. Skade som oppstår når båten blir ført av person som er beruset og sikrede eller den som er ansvarlig for båten viste eller måtte forstå det.

4.58. Skade som sikrede eller den som er ansvarlig for båten har voldt forsettlig. Er skaden voldt ved grov uaktsomhet avgjøres det under hensyn til skyldgraden og omstendighetene forøvrig om selskapet skal betale og i tilfelle hvor meget.»

Saksøkeren ble den 28. august 1986 forelagt en bot på kr. 1.000 for overtredelse av straffelovens §418, første ledd nr. 3 som bestemmer at den straffes som forsettlig eller uaktsomt under navigering handler slik at fartøyer volder eller utsettes for fare eller skade. Grunnlaget er i forelegget angitt å være:

«Den 7. juni 1986 om kvelden kjørte han sin båt av merke Infra 727 i nattemørket med en fart av ca. 30 knop på reise fra Æ til Z, noe som var uaktsomt av ham idet han på grunn av nattemørket og hastigheten feilbedømte avstanden til - - - holmen i X i Y. Han kjørte på holmen slik at båten fikk store skader og sank.»

Forelegget er vedtatt.

Etter forgjeves behandling i Y forliksråd har saksøkeren med advokat Anne-Kristine Hagli, Arendal, som prosessfullmektig, reist sak mot UNI Forsikring ved stevning til Nedenes herredsrett av 7. oktober 1987 med krav om at UNI Forsikring dømmes å betale til A kr. 190.000 med 18% rente fra 7. juni 1986 til betaling skjer, samt saksomkostninger.

Den saksøkte har inngitt tilsvar med advokat Terje Bryn, Oslo, som prosessfullmektig og påstått seg frifunnet.

Etter skriftlig saksforberedelse avholdt herredsretten hovedforhandling i saken den 5. september d.å. Saksøkeren møtte personlig sammen med sin prosessfullmektig og avga forklaring. Saksøkte var representert ved prosessfullmektigen. Under hovedforhandlingen ble avhørt to vitner, og forøvrig foretatt slik dokumentasjon som rettsboken viser. Retten, sammen med saksøkeren og begge prosessfullmektigene var også på befaring på ulykkesstedet. Her fikk de tilstedeværende påpeke og fremheve det de mente var av betydning for saken.

Saksøkeren har i det vesentlige gjort gjeldende: - - -

Den saksøkte har i det vesentlige gjort gjeldende: - - -

Side:1245


Herredsretten ser saken slik:

Etter det retten kunne iaktta under befaring på ulykkesstedet må det legges til grunn at sundet mellom - - - holmen og fastlandet er relativt smalt, men ikke smalere enn at båter godt over den størrelsen som vi her har med å gjøre uten vanskelighet kan passere med utvisning av normal aktsomhet fra førerens side selv under de lysforhold som etter saksøkerens forklaring var til stede natten mellom 7. og 8. juni 1986. På bakgrunn av dette og også på bakgrunn av saksøkerens egen forklaring om at han var godt kjent på stedet som bosatt i området i flere år, kan retten ikke se det anderledes enn at ulykken må skyldes manglende oppmerksomhet og aktsomhet fra saksøkerens side kombinert med høy hastighet og under innflytelse av alkohol. Retten finner ikke å kunne feste lit til saksøktes forklaring om at han i det vesentlige drakk etter ulykken. Det tilstedeværende vitne har ikke kunnet bekrefte dette, og saksøkerens adferd etter ulykken kan ikke forstås anderledes enn at han ønsket å skjule seg. Det er ingen uenighet mellom partene om at saksøkeren ved anledningen har opptrådt uaktsomt, jfr. også det vedtatte forelegg. Spørsmålet blir om uaktsomheten må karakteriseres som grov. Slik retten ser det må dette sies å være tilfelle. Saksøkeren har i det konkrete tilfellet kjørt sin båt i en høy hastighet om natten gjennom et trangt sund uten å være mer aktsom og påpasselig enn at han noenlunde midt i sundet kjørte på land. Etter det retten kunne iaktta under befaring på stedet må båten over en strekning ha nærmet seg holmen mer og mer uten at saksøkeren merket dette slik at kursen kunne korrigeres. Hvorvidt dette skyldes saksøkerens inntak av alkohol eller andre forhold har retten ingen sikker formening om. Det avgjørende blir for retten at saksøkerens opptreden ved anledningen må sies å være av sterkt klanderverdig karakter og forholdet må kunne bebreides saksøkeren, jfr. Rt-1970-1235.

Etter forsikringsvilkårenes pkt. 4.58 skal det avgjøres under hensyn til skyldgraden og omstendighetene forøvrig om selskapet skal betale og i tilfelle hvor meget. Som ovenfor anført kan det etter rettens mening rettes sterk bebreidelse mot saksøkeren for hans handlemåte forut for ulykken. Retten er kommet til at saksøkerens mangel på aktsomhet og opptreden forøvrig er av en slik karakter at selskapets erstatningsansvar må bortfalle. Retten legger da bl.a. vekt på at saksøkeren har ført båt i høy hastighet under innflytelse av alkohol, i skumring og i trangt farvann uten å utvise den nødvendige aktsomhet. Det legges også vekt på at saksøker uten noen form for tidsspille eller andre vanskeligheter kunne ha lagt kursen rundt holmen på den annen side langs hovedleia. Faren for grunnstøting skulle derved vært minimal. Farten burde også etter rettens oppfatning ha vært redusert til et langt lavere nivå i god tid før innseilingen til sundet mellom fastlandet og - - - holmen.

Saksøkte blir etter dette å frifinne. Saksøkeren har tapt saken fullstendig og skal etter hovedregelen i tvistemålslovens §172 ikjennes saksomkostninger. Det foreligger ikke grunnlag for å bruke unntaksbestemmelsen i tvistemålslovens §172 annet ledd. Saksøktes prosessfullmektig har inngitt omkostningsoppgave lydende på kr. 17.330 hvorav salær til prosessfullmektig kr. 15.000 og resten til dekning av utgifter. Oppgaven er forelagt for saksøkeren prosessfullmektig som ikke har hatt innsigelser. Retten legger oppgaven til grunn. - - -